NTP 2025-2036: Transportsystemet skal styrkje samfunnstryggleik og forsvarsevne

I ny NTP prioriterer regjeringa fleire grep som skal bidra til at transportsektoren støttar Noregs forsvarsevne og oppfyller forventningane som NATO har til medlemslandas motstandsdyktigheit.

– I ny NTP tar regjeringa fleire grep for å tilpasse transportsektoren til ein ny sikkerheitspolitisk kvardag. Fleire prosjekt og tiltak vil støtte både samfunnstryggleiken og Noregs bidrag i NATO, seier samferdselsminister Jon-Ivar Nygård.

Med Sverige og Finland som nye NATO-medlemmar blir Noreg viktigare som mottaks- og transittområde for allierte styrkar. Dette stiller høge krav til ei rekke vegar, bruer og jernbanestrekningar.

– Med heile Norden i NATO får Noreg eit særleg ansvar for at alliert hjelp til Sverige og Finland når fram. Det stiller større krav til å ivareta viktige transportårer og ha ein robust infrastruktur, både for norsk og alliert tryggleik. Samarbeid mellom transportsektoren og forsvarssektoren kjem til å vere viktig framover, seier forsvarsminister Bjørn Arild Gram. 

Ein transportinfrastruktur som er effektiv og motstandsdyktig

På eit overordna nivå vil prioritering av drift, vedlikehald, fornying gjere infrastrukturen meir robust og styrkje framkomme for både sivil og militær transport – både i fred, krise og krig. Samfunnstryggleik og militær mobilitet skal også bli tatt omsyn til i vurdering av tiltak og prioriteringar i gjennomføringa av NTP.  

Når det gjeld meir spesifikke tiltak, er det mellom anna lagt opp til strekningsvis utbetring av E14 mellom Stjørdal og riksgrensa ved Storlien.

Det er også nødvendig med tiltak på fylkesvegnettet. Regjeringa legg opp til ei ny øyremerka tilskotsordning for fylkeskommunane, der pengane skal gå til å ruste opp eit utval fylkesvegbruer som er kritiske for framføring av militære styrker. I planperioden er det i alt prioritert 600 millionar kroner til denne ordninga. 

På jernbanen er det aktuelt å bygge fleire kryssingsspor på Ofotbanen og Kongsvingerbanen. På Østfoldbanen er det prioritert å utvikle infrastrukturen mellom Råde og Fredrikstad for å styrke InterCity-tilbodet. Kombinert med betre vedlikehald og fornying bidreg desse kapasitetsaukane tiltaka til å leggje forholda betre til rette for militær transport på tre av dei fire grensekryssande jernbanelinene som Noreg har med det nye NATO-landet Sverige.    

Effektiv og sikker sjøtransport

Hamnene og farleiene langs kysten er viktige for norsk næringsliv, samfunnstryggleik og forsvarsevne. Regjeringa prioriterer å ruste opp fiskerihamner, farleier og å styrke maritime tenester.

– Noreg er ein av verdas største skipsfartsnasjonar og verdas nest største eksportør av fisk og sjømat. Vi er avhengige av effektiv og sikker sjøtransport. God framkome og djupn i farleier, eigna hamneinfrastruktur og gode koplingar mellom kyst og veg er viktig for vår evne til effektivt å ta imot allierte forsterkingar. Det bidrar til forsvaret av Noreg, seier fiskeri- og havminister Cecilie Myrseth.

Styrkje det nordiske samarbeidet

I planperioden 2025-2036 vil regjeringa prioritere å vidareutvikle eit nordisk samarbeid om motstandsdyktigheit og beredskap i transportsektoren. Dette arbeidet kan mellom anna omfatte regelverksharmonisering, varsling og felles prioriteringar, og skal bidra til meir saumlaus transport mellom NATO-landa i Norden.

I planperioden skal det også gjennomførast heilskaplege utgreiingar av behov, konsekvensar og kostnader som NATO-utvidinga med Sverige og Finland vil ha for utviklinga av den norske transportinfrastrukturen.     

Forbetre evna til å handtere uønska digitale hendingar

Som i resten av i samfunnet blir transportsektoren stadig meir avhengig av komplekse digitale system. Digitaliseringa gir moglegheiter, men gjer også transportsystemet utsett for sårbarheiter.

I tillegg til ei auka satsing på førebyggande tiltak har difor Statens vegvesen, Luftfartstilsynet og Kystverket etablert responsmiljø for handtering av digitale hendingar, medan Bane NOR er i gang med dette.

Miljøa skal støtte verksemder innanfor eiga transportform med handtering, koordinering og informasjonsdeling ved uønska digitale hendingar.

For fleire opplysningar – sjå: