NTP 2025–2036: Digitalisering, teknologi og forsking viktig for å nå regjeringas mål for transportsektoren

– Digitalisering, teknologi og forsking kan gi grønare, tryggare og meir effektiv transport for mindre pengar. Som ein del av satsinga opprettar vi mellom anna ei ny forskingssenterordning, Transport 2050, seier samferdselsminister Jon-Ivar Nygård.

– Med eit redusert økonomisk handlingsrom framover, er det avgjerande å få meir kapasitet ut av infrastrukturen og transporttilbodet vi allereie har. Vi vil derfor prioritere digitaliseringstiltak som hjelper oss å løyse oppgåvene på ein meir effektiv måte, saman med ei ny satsing på transportforsking og betre utnytting av data i sektoren, seier Nygård.

1,5 milliardar kroner til forsking og pilotprosjekt

Med store samfunnsendringar fram mot 2050 treng myndigheitene meir kunnskap om korleis transportsystemet som heilheit bør utviklast, og korleis transportsektoren vil påverkast av større endringar i rammevilkår. Regjeringa vil derfor opprette ei ny forskingssenterordning: Transport 2050.

– Norsk transportsektor står framfor store endringar. Mellom anna må vi ta store klimagasskutt i åra som kjem. Myndigheitene har eit stort ansvar for å hente fram god kunnskap om kva for omveltingar transportsektoren må ta tak i. Derfor etablerer vi Transport 2050. Forskingssentera som blir oppretta innanfor Transport 2050 vil hjelpe oss å ta dei rette grepa saman med aktørane i transportsektoren, seier Nygård.

Regjeringa vil prioritere 1,5 milliard kroner til Transport 2050 og til å føre vidare satsinga på Pilot-T. Pilot-T er ei ordning som støtter næringslivet i utvikling og testing av smarte transportsystem, mellom anna digitale tenester innan kunstig intelligens og samhandling mellom infrastruktur og køyretøy.

Auka bruk av teknologi innanfor alle transportformene

Regjeringa vil auke bruken av teknologi i alle transportformer. Statens vegvesen arbeider til dømes med digitalisering gjennom tre strategiske retningar: Den digitale vegen, digitalisert verdikjede for veg og digitale kundetenester. Nasjonal vegdatabank og dataplattforma Saga er grunnpilarar i dette arbeidet, og begge skal utviklast vidare går det fram av meldinga. Vegevesen vil bruke kunstig intelligens for å prøve ut nye løysingar, og halde fram med å bruke dronar, sensorar, automatisering og geodata for å få fram meir oppdatert informasjon om fare for skred og flaum.

– Teknologibruken er viktig for å gi betre vinterdrift, auka oppetid og tryggare vegtrafikk. Dette er system som leverer god effekt, men som ikkje er synleg for folk flest. Vegvesenet har også mykje kontakt med trafikantar, og mange vil sette pris på at nye og digitale tenester framover vil redusere behovet for at folk må møte på trafikkstasjonane, seier Nygård.

Også i jernbanen vil ny teknologi bli sett inn i NTP-perioden. Mellom anna blir signalsystemet heildigitalisert, systemet for togradio blir modernisert og drift og vedlikehald skal bli meir datadrivne.

Regjeringa kjem også med ei satsing på saumlaus mobilitet, som grunnlag for betre informasjon til dei reisande, betre handtering av avvik, og smartare utnytting av kapasiteten i transportnettet.

Meir deling av data

Datadeling mellom aktørar i transportsektoren møter ulike hinder av teknologiske, juridiske og personvernmessige forhold. Regjeringa vil legge til rette for samarbeid om deling av data, slik at transportdata i statlege verksemder i større grad kan bli brukt av andre aktørar. Betre dataforvalting er også viktig for framtidig bruk av kunstig intelligens i transportsektoren.

– Data frå vegtrafikken og kollektivtransporten og frå tilstanden i transportnettet har stor verdi, når dei vert sett saman, delt, analysert og gjort om til nyttig informasjon. Vi kan til dømes spare pengar når vi får utnytte kapasiteten i transportnettet betre, og vi kan unngå ulykker og stenging når vi kjenner tilstanden på infrastrukturen betre, seier Nygård.

For fleire opplysningar – sjå: