Ny dato for auksjon av oppdrettsløyve

Dette innhaldet er meir enn 1 år gammalt.

Nærings- og fiskeridepartementet flytter auksjonen av nye løyve for oppdrett av laks, aure og regnbogeaure til 12. oktober.

Auksjonen skulle opphavleg vore halde 27. september.

Med dette blir dato for prøveauksjonen flytta til 10. oktober. 

Registreringa og bankgarantiane for påmelde aktørar er framleis gjeldande. Desse treng derfor ikkje gjere noko i samband med at auksjonsdatoen blir flytta.