Nye foreldreutval for barnehagar og grunnopplæringa

Frå nyttår blir det nye foreldreutval. Ståle Sand Kalkvik blir leiar for Foreldreutvalet for grunnopplæringa (FUG) og Tor Eirik Rasmussen blir leiar for Foreldreutvalet for barnehagar (FUB).

Medlemmane vart utnemnde i dag. Utvala skal sikre at foreldrestemma blir høyrd i aktuelle saker innanfor skule og barnehage.

– Foreldreutvala gjer eit viktig arbeid for elevar og barnehagebarn over heile landet. Eg ser fram til å samarbeide med foreldra, og høyre deira syn på korleis vi saman kan gjere skulane og barnehagane gode og inkluderande for ungane våre, seier kunnskapsminister Kari Nessa Nordtun (Ap).

Dei nye utvala er utnemnde for perioden 1. januar 2024 – 31. desember 2027.

FUB og FUG er faste, uavhengige rådgivande organ for Kunnskapsdepartementet og Utdanningsdirektoratet. Dei skal bidra til foreldremedverknad på nasjonalt nivå, og fremje godt samarbeid mellom barnehage, skule og heim.

Dette blir det nye Foreldreutvalet for grunnopplæringa (FUG)

  1. Ståle Sand Kalkvik (leiar), Trondheim
  2. Johanne Marie Olaussen (nestleiar), Oslo
  3. Lill-Therese Varsi, Melhus
  4. Attia Mirza Mehmood, Oslo
  5. Jeanette Trondsdotter Guttormsen, Tromsø
  6. Alf Harald Aronsen, Haugesund
  7. Christopher Sandal Donné, Askøy

Vara 1: Yngve Søderholm-Nodland, Skien

Vara 2:  Elisabeth Teige, Volda

Dette blir det nye Foreldreutvalet for barnehagar (FUB)

  1. Tor Eirik Rasmussen (leiar), Sandnes
  2. Sarah Jaber (nestleiar), Oslo
  3. Amalie Ristin Rimpi, Bodø
  4. Synne Berteussen-Sandberg, Nord Odal
  5. Einar Olav Larsen, Verdal
  6. Erik Lølandsmo, Kristiansand

Vara 1: Tone Pettersen, Alta

Vara 2: Steffen André Kvalheim, Erdal