Nye tal om den regionale utviklinga i Noreg

Nye analyser syner at det er stor skilnad i samfunnsutviklinga i ulike delar av landet. – Kunnskapen er eit viktig grunnlag for regjeringa sitt arbeid med å leggje til rette for vekst og utvikling i heile Noreg, både på små og store stader, seier kommunal- og distriktsminister Sigbjørn Gjelsvik.

Kommunal- og distriktsdepartementet gir ut annakvart år ein rapport med oppdaterte analysar om utviklingstrekk på tema som er viktige for distrikts- og regionalpolitikken

Utgangspunktet for analysane er å sjå på skilnadar og likskapar i samfunnsutviklinga i ulike delar av landet. Sentrale tema er befolkningsutvikling, økonomisk utvikling, arbeidsmarknad, kompetanse, tilgang på arbeidskraft, bustader og tenester, levekår, areal, klima og energi. Analysane i rapporten viser at utviklingstrekka ikkje er like overalt, og at ulike stader har ulikt utgangspunkt, og ulike moglegheiter og utfordringar.

– Vi bur i eit mangfaldig land og treng ein differensiert politikk tilpassa utfordringane i ulike område. Spreidtbygde område har typisk ein større del eldre, færre i yrkesaktiv alder og lengre avstandar til ulike typar tenester, medan levekårsutfordringar er meir utbreidd i dei mest befolkningstette områda, seier kommunal- og distriktsminister Sigbjørn Gjelsvik.

Regionale utviklingstrekk viser at folketalsveksten i distriktskommunar i 2022 var den høgaste registrerte sidan starten av tidsseriane. Det er framleis størst folketalsvekst i dei mest sentrale delane av landet, men høg innvandring (primært flyktningar frå Ukraina) medverka til at folketalet auka i alle sentralitetsnivå, trass i låge fødselstal.

Framskrivingane av folketalet viser at veksten i befolkninga i arbeidsdyktig alder vil bli mykje svakare enn før. I distrikta blir det færre folk i arbeidsdyktig alder som igjen kan auke arbeidskraftmangelen.

– For regjeringa er det viktig å leggje til rette for at folk skal kunne bu, arbeide og leve eit godt liv i heile Noreg.  Distriktsmeldinga, som regjeringa la fram før sommaren, legg grunnlaget for ein ny og forsterka distriktspolitikk, seier Gjelsvik.

Rapporten viser òg at aukande etterspurnad etter arbeidskraft har gitt låg arbeidsløyse og høgare sysselsetjingsdel i heile landet, men gjer også at mange verksemder har vanskeleg for å rekruttere ny arbeidskraft. Det er flest verksemder i Nord-Noreg som seier dei har problem med å få tak i arbeidskraft med ønskte kvalifikasjonar.