Over 36 millionar kroner til skeive organisasjonar

36 millionar frå regjeringa blir no fordelt til ei rekke skeive organisasjonar og pridefestivalar.

– Det burde vore sjølvsagt at folk i Noreg skal kunne leve frie og trygge liv. Men slik er det ikkje for alle. Dei skeive organisasjonane gjer ein svært viktig jobb for å betre situasjonen for skeive i Noreg, og vi vil bidra til å løfte fram deira røyster og perspektiv, seier kultur- og likestillingsminister Lubna Jaffery.

Nær 25 millionar av potten går til driftstilskot til tolv organisasjonar på feltet. FRI, Skeiv Ungdom, Skeiv Verden, Salam, Skeivt kristent nettverk, Harry Benjamin Ressurssenter og Pasientorganisasjonen for kjønnsinkongruens er av dei største mottakarane.

I tillegg får ei rekke pridearrangement rundt om i landet også tilskot. Små og store festivalar i heile landet blir tildelt støtte, som til dømes Oslo Pride, Arctic Pride i Tromsø, Arendal på skeiva, Fjellfri i Tynset, Skeivå Rogaland Pride, Moss Pride, Regnbuedagene i Bergen og Trans Pride.

– På desse festivalane feirar vi mangfaldet og retten til å vere seg sjølv. Dei handlar òg om fellesskap, om å inkludere, løfte og setje søkelys på utfordringane som står att, seier kultur- og likestillingsministeren.

Totalt er tilskotsordninga for kjønns- og seksualitetsmangfald på nesten 36,1 millionar kroner. Det er Barne-, ungdoms- og familiedirektoratet som behandlar søknader og fordeler midla på vegne av Kultur- og likestillingsdepartementet.