Presseinvitasjon: Kultur- og likestillingsministeren tek imot NOU frå Mannsutvalet

Onsdag 24. april vil kultur- og likestillingsminister Lubna Jaffery ta imot utgreiing frå Mannsutvalet. På oppdrag frå regjeringa, har dei sidan august 2022 sett på kva utfordringar gutar og menn har i samfunnet.

Nett-tv Kultur- og likestillingsministeren tek imot NOU frå Mannsutvalet

Sjå sendinga her

Sjå sendinga her

Tid: Onsdag 24. april kl. 13:30-15:45
Stad: Marmorhallen hos Klima- og miljødepartementet, Kongens gate 20.
Påmelding: Vi ber alle frå presse om å melde seg på med namn og telefonnummer til kudinfo@kud.dep.no innan 24. april kl. 12:00.

Møt opp i god tid, og ha med gyldig legitimasjon som pass, nasjonalt ID-kort eller fysisk førarkort. Unngå store bagar, sekker eller store vesker på grunn av inngangs- og tryggingskontroll.

Program for pressekonferansen

Kl. 13.30: Oppstart og kulturelt innslag
Kl. 13.35: Kommunikasjonssjef Marius Bakke ønsker velkommen
Kl. 13.40: Kort innlegg frå kultur- og likestillingsminister Lubna Jaffery
Kl. 13.45: Utvalsleiar Claus Jervell orienterer om hovudforslaga til utvalet, og overrekker utgreiinga
Kl. 14.05: Kulturelt innslag
Kl. 14.10: Moglegheit for intervju med statsråden, utvalsleiar og medlemar av utvalet
Kl. 14.30: Kultur- og likestillingsministeren reiser frå lokalet.

Utvalet arrangerer seminar frå kl. 14.30-15.45

Debattredaktør i Avisa Oslo Fawad Ashraf Ahmed og utvalsleiar Claus Jervell leiar seminaret.

Panelsamtaler om tre av dei fire innsatsområda i utgreiinga

  • «Menn som omsorgspersoner» – Samtale med utvalsmedlemane Brede Hangeland, Liza Reisel, Arne Børke og Are Saastad.
  • «Kjønnsforskjeller i arbeidsliv og utdanning» – Samtale med utvalsmedlemane Camilla Stoltenberg, Julie Maria Borna Fossem, Aasmund Nordstoga og Idunn Tobiassen Mauseth.
  • «Utsatthet og helse» - Samtale med utvalsmedlemane Are Saastad, Jane Victorius Bonsaksen, Camilla Stoltenberg, Sylo Taraku og Adam Schjølberg.

Utvalsleiar Claus Jervell avsluttar samtalen.

Om strauming av pressekonferansen kl. 13:30-14:30

Overrekkinga blir filma av Tryggings- og serviceorganisasjonen til departementa (DSS) og kan følgjast direkte på denne sida. Her kan også videofila lastast ned i etterkant. DSS distribuerer publiseringspunkt til media som vil sende arrangementet direkte. DSS kan kontaktast på telefon 22 24 88 45 eller e-post dss-videoproduksjon@dss.dep.no.

Presse som ønskjer å bygge inn nett-tv-sendinga på sine nettsider finn embed-kode ved å trykkje «Del video»-knappen i videospelaren på sida.