Raskare utlevering av data frå helseregister

Saker som ligg til behandling over lang tid i ulike helseregister kan snart vere ei saga blott. Nye tal frå Folkehelseinstituttet (FHI) viser at utlevering av data frå helseregistera går raskare.

Nye tal viser at talet på ubehandla saker er betrakteleg lågare enn det dei var berre for eit år sidan.

– Når vi no har samla helseregistera i FHI har målet vore å få ei meir effektiv organisering som gjer at vi kan dra nytte av erfaringane på tvers av registera. FHI har gjort ein  kjempejobb med å følgje opp våre politiske prioriteringar og har klart bygge ned restansane i Legemiddelregisteret. Eit samla helseregistermiljø vil gjere forvaltninga betre i stand til å levere ut data i tråd med lovkrava, seier helse- og omsorgsminister Ingvild Kjerkol.

– Redusert tid for saksbehandling er eit viktig verkemiddel for å auke bruken og nytten av helsedata. Det har over tid vore ei utfordring at dei lovfesta fristane ikkje har blitt heldt. Slik kan vi ikkje ha det, og det var også årsaka til at eg ga FHI i oppdrag om å prioritere å bygge restansane ned og rapportere til departementet ein gong i kvartalet, seier Kjerkol.

Omfattande arbeid

FHI sette i midten av 2023 i verk omfattande tiltak nettopp for å få bukt med restansane, noko som har resultert i at talet på restansar per 15. mars 2024 var ein brøkdel av det den var i starten av 2023.

Det har særleg vore ein stor nedgang i restansane hjå Legemiddelregisteret, men også i desse registera:  

  • Medisinsk fødselsregister
  • Dødsårsakregisteret
  • Hjarte, og karregisteret, og
  • Abortregisteret

Samling gir gevinst

– Det er gledeleg å sjå at ei samling av dei nasjonale helseregistra og Helsedataservice hjå FHI gir enklare tilgang til og betre utnytting av helsedata. Målet er å effektivisere forvaltninga, betre infrastrukturen og legge grunnlaget for vidareutvikling av registera, seier Kjerkol.

– No er eg opptatt av at FHI held fram med innsatsen og bygger på dei gode erfaringane frå særleg Legemiddelregisteret.

Figur som viser gradvis nedgang i restanser for utlevering av helsedata fra 1. januar 2023 til 1. februar 2024
Figuren viser ein gradvis nedgang i restansar for utlevering av helsedata frå 1. januar 2023 til 1. februar 2024. Foto: Folkehelseinstituttet

Om dei ulike registera

  • Kreftregisteret leverer i all hovudsak ut data i samsvar med fristane i helseregisterlova på mellom 30 og 60 dagar.
  • Det same gjeld for utlevering av data frå smittevernregistra.
  • Norsk pasientregister og Kommunalt pasient- og brukarregister har framleis utfordringar med restansar og lang tid for saksbehandling på utlevering av data til forsking, men trenden er positiv.