Regjeringa flyttar minst 15 årsverk til Førde

Regjeringa har bestemt at minst 15 årsverk, inkludert evalueringsverksemda av norsk bistand, blir flytta frå Oslo til Førde. – Ein god dag både for Førde og Noreg sitt bistandsarbeid, seier utviklingsminister Anne Beathe Tvinnereim (Sp).

Det er eit viktig mål for regjeringa at staten skal vera meir til stades i større delar av landet. Senterparti- og Arbeiderpartiregjeringa har derfor vedteke å flytte minst 15 årsverk frå Oslo til Førde. Dette inkluderer den uavhengige evalueringsfunksjonen av norsk bistand, som i dag er organisatorisk plassert i Norad i Oslo.

– Det er eit sterkt og godt fagmiljø for bistandsarbeid i Førde, så evalueringsverksemda av norsk bistand passar som hand i hanske i Førde, seier Tvinnereim.

Det er eit viktig prinsipp at evalueringsverksemda skal vera uavhengig. Når Norad, i samband med UD-Norad 2024, får ansvar for store delar av norsk bistand, er det ynskeleg at evalueringsavdelinga ikkje lenger skal liggja organisatorisk under Norad.

– Norec vart flytta frå Oslo til Førde i 2018. Evalueringa viser at dei lykkast i å tiltrekkja seg rett kompetanse og at dei leverer godt på samfunnsoppdraget frå den nye lokasjonen sin i Førde, seier utviklingsministeren.

Kommunal- og distriktsminister Erling Sande er også glad for at regjeringa no styrkjer bistandsmiljøet i Førde.

– Eg er glad for at vi no flytter fleire oppgåver til Førde. Norec i Førde er ei suksesshistorie og eit tydeleg døme på at det er fullt mogleg å levere topp kvalitet sjølv om ein ikkje er lokalisert i Oslo-området, seier kommunal- og distriktsminister Erling Sande (Sp).

Utflytting av statlege arbeidsplassar gir positive ringverknader for heile regionar, noko Førde er eit godt døme på. Saman med allereie eksisterande statlege verksemder i Førde har etableringa av Norec i Førde medverka til å utvikle eit attraktivt miljø både for dei som søkjer arbeid og for arbeidsgjevarar.

– Senterparti- og Arbeiderpartiregjeringa har vore tydeleg på at vi skal satse på heile Noreg. Derfor har vi innført gratis ferje, halvert barnehageprisar og satsa storstilt på breibandutbygging i distrikta. Utflyttinga av disse statlege arbeidsplassar er enda eit konkret bevis på at det betyr noko kven som styrer, oppsumerar Sande.

Elvalueringsavdelinga som blir flytta skal samlokaliserast med Norec (Tidlegare Fredskorpset). Korleis flyttinga skal skje skal man nå lage ein plan for . I tillegg skal ein sjå på kva andre funksjonar som kan flyttast, då avgjerda til regjeringa er å flytta minst 15 årsverk inkludert evalueringsverksemda som i dag består av ni årsverk. Einingar i Norad som blir direkte ramma av UD-Norad 2024, vil ikkje vera aktuelle for flytting til Førde.