Regjeringa med distriktsmelding: – Folketalet skal auke i norske distrikt

Tysdag la kommunal- og distriktsminister Sigbjørn Gjelsvik fram regjeringa si distriktsmelding. Distriktsmeldinga byr på ein brei tiltaksmeny for å få folkevekst i norske distrikt. Offentlege arbeidsplassar over heile landet, arealpolitikk tilpassa lokale tilhøve, enklare og rimelegare kommunikasjon og meir bustadbygging er blant tiltaka.

– Målet er at folketalet skal auke i distriktskommunane. Alle lokalsamfunn skal kunne utvikle seg og skape verdiar, seier kommunal- og distriktsminister Sigbjørn Gjelsvik. Tysdag vitja ministeren Sølvane Gard i Kandal i Gloppen kommune, da han la fram regjeringa si stortingsmelding om distriktspolitikken.

I stortingsmeldinga «Eit godt liv i heile Noreg – distriktspolitikk for framtida» legg regjeringa grunnlag for ein ny og forsterka distriktspolitikk.

– Folk skal kunne leve eit godt liv uansett kor i Noreg dei bur. Då må dei ha ein jobb å gå til, ein bustad og gode tenester nær der dei bur. For å få til det, skal vi som styrer landet, ta omsyn til distrikta i all politikk vi lagar, seier Gjelsvik.

Kommunane skal få bestemme meir sjølv

Regjeringa går inn for ei tydelegare differensiering av arealpolitikken, med tilpassingar til lokale tilhøve.

– Mykje av arealpolitikken har vorte utforma med bakgrunn i situasjonen i pressområda rundt dei største byane. Mange stader er det ikkje stort press som er utfordringa, men å få folk til å busetje seg og skape aktivitet. Difor går vi inn for at kommunane skal få bestemme meir sjølv og ei større vektlegging av regionale og lokale tilhøve. Slik skal kommunane få mogelegheit til å leggje til rette for ny vekst og sterkare utvikling.

Staten skal vere til stades over heile landet

Kommunal- og distriktsministeren peikar på samspelet mellom offentleg og privat sektor som viktig for å skape ein brei arbeidsmarknad.

– Staten skal vere til stades med arbeidsplassar og tenester over heile Noreg. Ingen skal få beskjed av storsamfunnet om at ein skal hengje kroken på døra og sløkke lysa. Vi skal gje lokalsamfunna våre utvikling. Difor skal regjeringa sikre tenester nær folk, fleire arbeidsplassar, god digital og fysisk infrastruktur og eit variert kulturtilbod. For å gje folk gode tenester skal dei tilsette få auka tillit og meir tid til dei som mottek tenestene.

Meir breiband og bygdevekstavtaler

Regjeringa har invitert distriktskommunar til å søkje om bygdevekstavtalar med staten. Fleire pilotar er på plass i Finnmark og Trøndelag.

– Vi kjem til å fylgje opp bygdevekstavtalene med meir statlege midlar, også til gjennomføring av konkrete prosjekt, seier Gjelsvik.

Regjeringa har òg som mål å sikre alle tilgang til høghastigheitsbreiband i løpet av 2025. Difor har regjeringa fordelt 362 millionar kroner til utbygging av breiband. Fylke med mange distriktskommunar er prioritert i sterkare grad enn før.

Enklare å byggje og bu i distrikta

For å få folk til å verte buande og å busette seg i distrikta, trengst det attraktive bustadar og gode bumiljø.

– I budsjettforliket auka vi låneramma til Husbanken med 3 milliardar kroner. Vi vil vurdere om ein større del av låna frå Husbanken skal gå til bustadbygging i distriktskommunar, særleg i dei minst sentrale kommunane, seier Gjelsvik før han held fram: 

– Stortingsmeldinga viser retning for distriktspolitikken framover. Dette byggjer vidare på dei mange viktige tiltaka vi allereie har vedteke. Vi har fått på plass eit styrka desentralisert utdanningstilbod, løyvd pengar til pilotsamarbeid om nærtenestesenter og fleire polititenestestader, gratis ferje bl.a. til øysamfunn og halverte ferjeprisar på øvrige samband, samt betre rutetilbod og halvert makspris på flybillettar på dei regionale FOT-rutene frå 2024.

Sterk innsats for Nord-Noreg

Det er viktig for heile Noreg at det bur folk nord i landet. Regjeringa gjere difor ein ekstra innsats for Nord-Noreg.

– Busetjing og aktivitet i nord er ein sentral del av beredskapen vår. Vi har difor styrka tiltakssona i Finnmark og Nord-Troms, mellom anna med gratis barnehage og auka nedskriving av studielån frå hausten av. I statsbudsjetta framover vil vi vurdere ytterlegare endringar i sletting av studielån og Finnmarksfrådraget.

Kommunal- og distriktsministeren viser og til pakka på 105 millionar kroner som Arbeidarpartiet, Senterpartiet og Sosialistisk Venstreparti har vedtatt for aktivitet i Aust-Finnmark.

– Vi har lytta til dei som bur i Aust-Finnmark, og har difor utforma ei heilskapleg aktivitetspakke i revidert nasjonalbudsjett. Midla skal leggje til rette for arbeidsplassar og eit godt tenestetilbod for folk.

Meldinga framhevar også potensialet for industrivikling og Forsvaret sin betydning i nord.

– Vi skal vidareutvikle ambisjonane om ei forsvarsindustriklynge i nord. Mogelegheitene for å etablere eit statleg kontaktpunkt for store industriprosjekt i Nord-Noreg er og ein ting vi kjem til å jobbe med, seier kommunal- og distriktsminister Gjelsvik.