Regjeringa tek grep for å hjelpe frivillige organisasjonar og private skular med pensjonskostnader

Regjeringa foreslår justeringar i pensjonspremien for avtalefesta pensjon (AFP) for mellom anna frivillige organisasjonar og private skular som har medlemskap i Statens pensjonskasse.

- Det blir lettare for arbeidsgjevarane å planlegge, og pensjonane til folk blir tryggare. Vi har sett at enkelte verksemder vil ha problem med å handsame kostnadene knytt til ny modell for AFP, som blei innført i 2023. Vi har lytta til tilbakemeldingane frå frivillige organisasjonar og private skular, seier arbeids- og inkluderingsminister Tonje Brenna.

Regjeringa legg opp til at verksemdene ikkje må betale like mykje når ein tilsett tar ut AFP tidleg. Tilsvarande vil verksemdene ikkje få eit like stort fråtrekk i kor mye dei skal betale når ein tilsett står lenge i arbeid. Denne justeringa vil jamne ut pensjonspremien.

Endringa påverkar ikkje kva den tilsette får betalt ut i pensjon. Det påverkar berre kva verksemdene må betale.

Døme på verksemder det gjeld som ikkje er private skular: Blå Kors, Kreftforeninga, Institutt for Fredsforskning, Norges Blindeforbund, Raudekrossen og Norsk Folkehjelp.