Regjeringa utbetaler 268 millionar kroner til Hans-råka kommunar

Kommunar som vart råka av ekstremvêret Hans får denne veka utbetalt 268 millionar kroner i skjønstilskot. Med det har Kommunal- og distriktsdepartementet utbetalt om lag 1 milliard kroner etter ekstremvêret.

– Vi har heile tida vore tydelege på at regjeringa stiller opp for kommunar og fylkeskommunar som blei råka av ekstremvêret i fjor sommar. Vi har no utbetalt til saman 972 millionar kroner etter Hans. Dette er ein historisk høg kompensasjonssum etter ei naturhending, seier kommunal- og distriktsminister Erling Sande.

Den første utbetalinga kom rett før jul i fjor, då fekk 22 kommunar og 2 fylkeskommunar 704 millionar kroner i kompensasjon . No har departementet behandla søknadane frå dei kommunane som ikkje fekk svar før jul, og 12 kommunar får no utbetalt til saman 268 millionar kroner.

– Nokre søknadar har vore meir krevjande å behandle enn andre, og det var derfor nødvendig for departementet å bruke litt lengre tid på desse for å sikre forsvarleg saksbehandling, seier Sande.

I fjor blei det løyva 1,7 milliardar kroner ekstra til skjønsmiddelordninga i kompensasjon etter ekstremvêret. Midlane som ikkje blei utbetalt i 2023, blei overført til 2024. Dette kjem i tillegg til andre tilskotsordningar, som til dømes tilskotsordninga til flaumsikringstiltak frå Norges vassdrags- og energidirektorat.

– Kommunar og fylkeskommunar kan få delvis kompensasjon for utgiftene til å handtere den akutte krisesituasjonen, til å rydde opp og til reparasjon av kommunal infrastruktur. I samband med Hans kan òg kostnader til opprydding på anna enn kommunal infrastruktur bli dekka innafor ordninga, dersom kostnadene ikkje blir dekt av andre ordningar, seier Sande.

Kommunal- og distriktsdepartementet har lagt Retningslinjene for skjønnstildelinga til grunn for behandling av søknadar. Fleire kommunar har søkt om å få dekka kostnadar knytt til uavklarte forhold, til dømes uoppdaga skader, uavklart finansiering, forsikringsoppgjer eller eigarforhold. Departementet har ikkje inkludert kostnadar til desse forholda i grunnlaget for kompensasjon no. Viss kommunane får auka kostnader når desse forholda er avklart, har dei moglegheit å sende inn tilleggssøknadar til departementet. Kommunane kan òg som vanleg søkje om ytterlegare tilskot i samband med sluttrapportering på bruken av skjønsmidlane, basert på endeleg rekneskap.

Tabellen under viser fordelinga av midlane som no blir utbetalt til dei 12 kommunane.

Kommune

Utbetalt beløp

3236 Jevnaker

4 600 000

3310 Hole

1 200 000

3405 Lillehammer

9 300 000

3419 Våler (Innlandet)

51 700 000

3424 Rendalen

500 000

3436 Nord-Fron

26 900 000

3437 Sel

20 000 000

3446 Gran

98 700 000

3447 Søndre Land

6 400 000

3448 Nordre Land

27 400 000

3449 Sør-Aurdal

10 400 000

3451 Nord-Aurdal

10 800 000

Sum

267 900 000