Regjeringa vil auke forbrukartryggleiken i byggesaker

Å bygge eller kjøpe bustad er for mange av oss den største investeringa vi gjer i livet. Mange har heldigvis gode erfaringar med denne prosessen, men dessverre er det for mange som opplever at deira nye bustad har store feil og manglar som ikkje blir retta opp av det ansvarlege føretaket. Forbrukarane må ofte sjølv bere kostnadane for retting. Regjeringa foreslår derfor endringar i plan- og bygningslova som vil styrke forbrukarvernet i byggesaker.

– Forslaga til endring i plan- og bygningslova som regjeringa no legg fram vil gi auka tryggleik for forbrukarane, seier kommunal- og distriktsminister Sigbjørn Gjelsvik (Sp).

Strengare krav til single-purpose-føretak 

Det er vanleg å oppretta såkalla single-purpose-føretak (spesialføretak) for eit enkelt byggeprosjekt. Single-purpose-føretak blir lagt ned når prosjektet er ferdig, av og til òg før dette. Blir feil eller manglar oppdaga etter at føretaket er lagt ned, risikerer forbrukarane å bera kostnadene for retting. Dette er kostnader som kan komma opp i fleire millionar.

Regjeringa foreslår at single-purpose-føretak må stille såkalla påkravsgaranti for å kunne få byggeløyve. Fordelen med denne type garanti er at den må betalast ut sjølv om det er usemje mellom partane.

– Det er det ansvarlege føretaket som er nærast til å sikra at bustader oppfyller krava til byggkvalitet. Eg meiner det er viktig å sikre at ikkje single-purpose-føretak blir brukt for å redusera eller unngå ansvar til skade for forbrukarane, seier Sigbjørn Gjelsvik.

Kommunen kan krevje garanti for å få mellombels bruksløyve

Mellombels bruksløyve er vanleg å gi når det står att mindre arbeider, til dømes bygging av støyskjerm. For å vere trygg på at arbeida blir fullførte, kan kommunen allereie i dag krevje at det blir stilt økonomisk garanti. Denne tilgangen er lite brukt. Regjeringa foreslår endringar som skal gjera føresegna meir synleg og enklare å forstå.

Kommunen kan få retta feil og manglar raskt 

Det er allereie i dag mogleg å gjennomføra krav om retting og førelegg, utan å måtte gå vegen om domstolane. Dette blir kalla direkte gjennomføring, og er eit kraftfullt verkemiddel.  Regjeringa foreslår endringar for å synleggjere moglegheita som ligg i regelverket, og sikre at rettinga ikkje blir dratt ut i tid.

Kommunal- og distriktsdepartementet sin pressetelefon: 22 24 25 00

E-post til kommunikasjonseininga: ke@kdd.dep.no