Utval fødselstal

Regjeringa vil finne årsaka til dei låge fødselstala

Det samla fruktbarheitstalet har aldri før vore lågare i Noreg. Regjeringa ønskjer å finne ut kvifor vi får færre barn enn tidlegare, korleis det påverkar samfunnet, og moglege tiltak for å snu utviklinga.

– Noreg skal vere eit attraktivt land å få barn i. Låge fødselstal over tid kan ha stor betydning for samfunnet. Undersøkingar tyder også på at nordmenn får færre barn enn det dei ynskjer seg. Regjeringa vil no for første gong i historia setje ned eit fødselstalutval for å undersøkje kvifor, og kva det offentlege kan gjere for å leggje til rette for at foreldre får dei barna dei ønskjer, seier barne- og familieminister Kjersti Toppe (Sp).

Utvalet skal gi eit fagleg oppdatert kunnskapsgrunnlag om årsaker til utviklinga i fødselstala, moglege konsekvensar, og tiltak for å snu utviklinga.

Forstå samanhengen mellom politikk og fødselstal

Det er skrive fleire enkelståande rapportar om moglege årsaker og konsekvensar av dei fallande fødselsratane. Det har også vore fleire utval som har sett på overføringar til barnefamiliar, med omfordeling som målsetting. Likevel er det heilskaplege biletet om kva som er årsaka til nedgangen, og kva dette vil bety for Noreg, i stor grad ukjent.

– Å få barn er eit personleg val, men samfunnet kan legge rammer så foreldre kan få dei barna dei ynskjer seg. Eg meiner vi må sjå på breiare tiltak og ikkje avgrense moglege tiltal til berre å gjelde familiepolitikken, seier Toppe.

Regjeringa vil kome tilbake til samansettinga av utvalet, og legg vekt på at medlemane i utvalet samla skal ha brei og relevant erfaring.

Økonomiske tiltak

Regjeringa har gjort mange tiltak for å prioritere barnefamiliane, mellom anna er foreldrepengeordninga styrkt, prisen på barnehagen er kraftig redusert  og barnetrygda er auka. Det er innført gratis deltidsplass på SFO for 1. og 2. trinn. Og frå hausten også 3. trinn.

– Regjeringa har innført gode tiltak som vil gjera kvardagen til barnefamiliar betre, men vi veit mindre om kva effekt tiltaka har på fødselstala. Det kan òg vere andre samfunnsforhold som er viktige når avgjerda om å få barn blir tatt. Eg forventar at eit utval kan hjelpa oss å klarare forstå samanhengen mellom samfunnsstrukturar, politikk og fødselstal, seier Toppe.

Far og baby
Foto: Colourbox