Regjeringa vil løfte klimaarbeidet i kommunane

Framover skal vi utvikle lokalsamfunna våre vidare, kutte utslepp, bruke energi på ein meir effektiv måte, og tilpasse oss eit klima i endring. Regjeringa foreslår no nye retningslinjer for korleis kommunar, fylkeskommunar og staten skal jobbe med klima og energi.

Dei nye statlege planretningslinjene for klima og energi skal erstatte dei statlege planretningslinjene for klima- og energiplanlegging og klimatilpassing.

Kommunane skal sjølv sette seg mål og utarbeide tiltaksplanar tilpassa sine lokale forhald.

– Dei statlege planretningslinjene for klima og energi er over 15 år gamle. Vi har fått mykje kunnskap om både klimaendringar og tiltak for å kutte utslepp sidan den gong. Difor foreslår vi no å oppdatere retningslinjene i tråd med dagens praksis og kunnskap, seier kommunal- og distriktsminister Erling Sande (Sp).

Omsynet til klima, natur og energi skal ha høg prioritet

Regjeringa meiner omsynet til klima og energi skal ha høg prioritet i alle kommunar. I dei nye retningslinjene foreslår regjeringa mellom anna ei eksplisitt omtale av korleis kommunane skal ta omsyn til sirkulær økonomi og karbonrike areal. Dette er nytt samanlikna med dagens retningslinjer.

– Kommunane har ei svært viktig rolle i arbeidet for å kutte utslepp. Vi ynskjer å tydeleggjere  kor kommunane  har ansvar for å redusere klimagassutslepp, samtidig som vi gjer det klart at staten skal bidra med kunnskap, informasjon og rettleiing. Det har òg vore viktig for oss korleis kommunane skal ta omsyn til energiomlegging og effektiv og fleksibel energibruk, seier klima- og miljøminister Andreas Bjelland Eriksen (Ap).

Forslaget skal no ut på høyring og regjeringa ser fram til å få innspel frå breidda av aktørar – både offentlege og private – som skal bruke retningslinjene i si planlegging.