Statsbudsjettet 2024

Startskot for utprøving av digitalt helsekort for gravide, ei ny helseteknologiordning og satsing på digitale fellesløysingar

Regjeringa tar grep på digitalisering i helse- og omsorgssektoren. I budsjettet foreslår regjeringa 26 millionar kroner til utprøving av eit digitalt helsekort for gravide. Regjeringa foreslår også 150 millionar kroner til ei ny helseteknologiordning og 100 millionar kroner til digital samhandling. Over seks år legg regjeringa til grunn at det skal vere ei ramme på 1,25 milliardar kroner for gjennomføring av dei nasjonale tiltaka for digital samhandling.

Viss utprøvinga av det digitale helsekortet for gravide er vellykka, vil dette kunne erstatte dagens papirhelsekort og gjere kvardagen enklare for gravide og helsepersonell.

– Her har det stått stille for lenge. Det er ikkje godt nok for gravide å skulle gå rundt med ein papirlapp gjennom heile svangerskapet, som fort kan bli gløymd og der ikkje alle opplysningar er med. Når vi gjer dette digitalt blir det enklare for gravide og helsepersonell å ha oversikt over svangerskap og fødsel på ein betre og meir sikker måte, og ein kan fange opp risikosvangerskap tidlegare, seier helse- og omsorgsminister Ingvild Kjerkol. 

Når utprøvinga er ferdig, vil regjeringa ta stilling til om tiltaket skal innførast på nasjonal basis. Ei samla vurdering av kostnad og nytte vil vere ein del av ei slik avgjerd.

250 millionar i 2024 for å auke farta på digitaliseringa

Regjeringa ønsker at helse- og omsorgstenestene skal bli enklare og meir brukarvennlege. Regjeringa foreslår derfor 150 millionar kroner til ei ny helseteknologiordning og 100 millionar kroner til vidare utvikling av digital samhandling i helse- og omsorgssektoren. Regjeringa legg til grunn ei ramme på 1,25 milliardar kroner over seks år for gjennomføring av dei nasjonale tiltaka for digital samhandling.

Helseteknologiordninga skal gi kommunane drahjelp for å investere i og ta i bruk helseteknologi. Kommunane kan søke om tilskot for å kunne skaffe digitale løysingar og komme i gang med dialog med leverandørane.

– Vår felles helseteneste er avhengig av gode digitale løysingar, at nye løysingar blir raskt tatt i bruk og at pasientar og brukarar opplev tenestene som tilgjengelege og oppdaterte. Vi må ha større ambisjonar for enkle brukervennlege helsetenester til innbyggjarane. Dette bidrar helseteknologiordninga med, seier Kjerkol.

Ordninga blir administrert gjennom Helsedirektoratet og det vil vere mogleg for kommunar å søke tilskot i løpet av hausten 2023.

Enklare tilgang til informasjon for pasientar og personell

Med ei total ramme på 1,25 milliardar kroner skal dei nasjonale tiltaka for digital samhandling sørge for at dei ulike systema i vår sektor snakkar saman.

– Målet er at når du er innom fastlege, sjukehus eller ein spesialist for oppfølging, skal du sleppe å ramse opp historikk for medikament og behandling kvar stad. Dette bør vere tilgjengeleg for helsepersonell. Ei konkret satsing vi får til med den foreslåtte løyvinga er innføring av pasienten si legemiddelliste, slik at pasienten sjølv og alt helsepersonell som skal følge opp pasienten har den same, oppdaterte lista over kva legemiddel pasienten tar, opplyser Kjerkol.

Samla skal løysingane bidra til betre samhandling i dei såkalla pasientovergangane, det vil seie løysingar som går utover ei einskild verksemd sitt ansvar i dag.