Historisk arkiv

Statsråd Asheim tek imot NOU frå universitets- og høgskulelovutvalet

Historisk arkiv

Publisert under: Regjeringen Solberg

Utgjevar: Kunnskapsdepartementet

Universitets- og høgskulelovutvalet blei oppnemnd 22. juni 2018. Dei har hatt i oppdrag å gå gjennom og vurdere regelverket for universitet, høgskular og studentvelferd. Målet er å lage eit regelverk som tydeleg beskriv ansvar, rettar og plikter, både for universiteta og høgskulane, studentar og tilsette.

Utvalet har mellom anna sett på aktuelle tema som leiing ved universitet og høgskular, opptak til høgare utdanning, kjønnspoeng, klagesensur og mellombelse tilsetjingar.

Torsdag 13. februar inviterer Kunnskapsdepartementet til overlevering av universitets- og høgskulelovutvalet si utgreiing.  

Leiar for utvalet, Helga Aune, presenterer hovudtrekka i forslaga frå utvalet. Forskings- og høgre utdanningsminister Henrik Asheim tek imot rapporten og held eit kort innlegg.

Tid: Torsdag 13. februar kl. 10–11.15
Stad: Kunnskapsdepartementet, Kirkegata 18, plenumssalen

Pressa er velkomen, og det blir høve til intervju med både utvalsleiar og statsråden.

Kontakt: Journalistar som ønskjer å delta, kan melde seg til kommunikasjonsrådgivar i Kunnskapsdepartementet, Johanne Severinsen, mobil 91114868 eller e-post: johanne.severinsen@kd.dep.no

Nett-tv Statsråd Asheim tek imot NOU frå universitets- og høgskulelovutvalet

Sjå sendinga her

Sjå sendinga her