Svar på skriftleg spørsmål om deponering av jord

Landbruks- og matminister Geir Pollestad har svart på skriftleg spørsmål frå stortingsrepresentant Grete Wold (SV) - Om deponering av store mengder med jord som følge av nedbygging av jordbruksareal.

Skriftleg svar på spm nr 1785 frå stortingsrepresentant Grete Wold - Om deponering av store mengder med jord som følge av nedbygging av jordbruksareal

Eg viser til spørsmål nr. 1785 for skriftleg svar frå Stortingets presidentskap. Følgjande spørsmål er reist i brev av 17.04.2024 frå stortingsrepresentant Grete Wold:

«I følge NRK.no 13. februar i år, deponeres og graves det ned store mengder med jord i forbindelse med bygging av industri, bane eller vei. Ifølge samme artikkel finnes det ingen oversikt over eksakt hvor store mengder det er snakk om her. Har statsråden tall på hvor store mengder matjord det er som behandles på denne måten og vil han ta initiativ til at det tas i bruk teknologi som renser denne jorda slik at den kan gjenbrukes i stedet for å deponeres? 

Eg vil starte med å seie at det viktigaste er å unngå nedbygging av matjord, noko som me har tal på. Dei foreløpige tala frå kommunane (KOSTRA) viser at omdisponeringa av dyrka jord var på 2 751 dekar i 2023. Det vil seie at ein er under det førre jordvernmålet på 3 000 dekar for andre gong, og på det lågaste nivået på femti år. Tala er derimot foreløpige, og me må vente på dei endelege tala til juni. I den nye nasjonale jorvernstrategien har regjeringa satt eit ambisiøst mål om maksimal omdisponering av 2 000 dekar dyrka mark årleg.

Om ein ikkje kan unngå nedbygging, så meiner eg at det er viktig å ta vare på matjorda frå arealet som blir bygd ned, både til å forbetre eksisterande jordbruksareal og til å opparbeide nye. I den nyleg vedtekne nasjonale jordvernstrategien er eit av tiltaka å arbeide vidare med dette under overskrifta «Avbøtende og kompenserende tiltak» (pkt. 2.8).

Med bakgrunn i dette så har Landbruksdirektoratet fått i oppdrag å lage ein nasjonal rettleier for korleis ein kan ta vare på matjorda ved nedbygging, ved å lage såkalla matjordplanar. Fleire kommunar sett allereie krav om slike matjordplanar ved nedbygging av dyrka jord. I tillegg har mellom anna Vestfold fylkeskommune og Region Nordhordland laga rettleiarar til matjordplan.

Eg veit òg at det blir arbeidd med å ta vare på matjorda i store samferdselsprosjekt, og i den nasjonale jordvernstrategien står det at regjeringa vil vidareføre arbeidet med å prøve ut avbøtande og kompenserande tiltak i disse prosjekta.

Stortinget har bede regjeringa gå gjennom relevant regelverk og utarbeide ein tverrsektoriell strategi for massehandtering. Ei bredt samansett direktoratsgruppe, som var leia av Miljødirektoratet, tilrår i rapporten «Tverrsektorielt prosjekt om disponering av jord og stein som ikke er forurenset», ei rekke tiltak for å sikre ein meir berekraftig forvaltning av reine overskotsmassar frå bygge- og anleggstiltak. Det høgast prioriterte tiltaket er å gå gjennom relevant regelverk og utarbeide ein tverrsektoriell rettleiar knytt til gjeldande regelverk for massehandtering.

Kommunal- og distriktsdepartementet starta hausten 2023 arbeidet med ein slik rettleiar, og har som mål at den vil vere klar i 2024. Arbeidet vil skje i samarbeid med mitt departement og Landbruksdirektoratet.

Med helsing

Geir Pollestad