Svar på skriftleg spørsmål om dyrevelferdsspørsmål internasjonalt

Landbruks- og matminister Geir Pollestad har svart på skriftleg spørsmål frå stortingsrepresentant Ingvild Wetrhus Thorsvik (V) om statsråden vik bruke posisjonen sin til å gå foran i dyrevelferdsspørsmål internasjonalt.

Svar på spørsmål nr 1131 frå stortingsrepresentant Ingvild Wetrhus Thorsvik

Stortingsrepresentant Ingvild Wetrhus Thorsvik har stilt følgjande spørsmål for skriftleg svar:

Vil statsråden bruke posisjonen sin til å gå foran i dyrevelferdsspørsmål internasjonalt og derfor kritisere australske myndigheters håndtering av situasjonen i forbindelse med dyrene fanget på MV Bahijah og be den australske landbruksministeren om å handle for å hjelpe disse dyrene?

Noreg skal vere eit føregangsland når det gjeld dyrevelferd. Det gjer vi ved å holde høg standard i vårt dyrehald, ha eit godt og moderne regelverk, samt ved å vere aktive i internasjonale fora der vi har moglegheit til å påverke.

Noreg tek mellom anna aktivt del i internasjonalt arbeid i Codex Alimentarius Commission (organisasjon for matvarestandardar som ligg under FNs organisasjon for mat og landbruk (FAO)) og Verdas helseorganisasjonen (WHO)), Verdas dyrehelseorganisasjonen (WOAH) og Verdas plantehelseorganisasjonen (IPPC). Desse organisasjonane utviklar standardar som blir lagde til grunn i WTO/SPS-avtalen for handel. WOAH lager mellom anna standardar for dyrevelferd. Anbefalingar gjevne av WOAH er internasjonalt normgivande.

Eg har bede den norske ambassaden i Canberra om å følgje saka og oppdatera departementet ved eventuelle hendingar eller framgang i saka. Ambassaden har fått opplyst at alle husdyr vil bli lossa av skipet MV Bahijah med start måndag 12. februar.

Med helsing

Geir Pollestad