Svar på skriftleg spørsmål om dyrevelferd

Landbruks- og matminister Geir Pollestad har svart på skriftleg spørsmål frå stortingsrepresentant Lene Westgaard-Halle (H) om dyrevelferd.

Svar på spørsmål nr 1078 fra stortingsrepresentant Lene Westgaard-Halle

Stortingsrepresentant Lene Westgaard-Halle har stilt følgande spørsmål for skriftleg svar:

«Er det riktig, som statsråden selv uttrykte i NRK, at han ikke vil lytte til de faglige rådene knyttet til dyrevelferd i denne saken, som både Stortinget og faglige organer i flere omganger har påpekt og som sannsynligvis vil bli gjentatt i høringsrunden, og hva er årsaken til det?»

Det er brei einigheit om at gode lausdriftssystem på lang sikt er ein viktig og riktig utvikling i storfeproduksjonen, særleg grunna i dyras moglegheit for rørsle og mosjon. Kompenserande tiltak som kalvingsbinge og økt mosjon og beitetid er innført for å ivareta omsynet til dyrevelferd i overgangsperioden fram til 2034.

Det er viktig at krav i offentleg regelverk er innretta slik at dei treff formålet med kravet og at tiltaka som krevjast faktisk er mogleg å gjennomføre i praksis. Endringane vi nå har varsla gjeld difor berre dei krava som ikkje lar seg gjennomføre på ein hensiktsmessig måte for reelt å oppnå betre dyrevelferd i besetningane som står midt i omstillingsfasen.

Vi har tilskot som forutset ei viss tid på beite og som er tilpassa ulike soner i landet etter klimatiske forhald. No vil kravet i forskrift om hald av storfe verte innretta på same måten. Sjølv med endringane som vert foreslått, vil det vere krav om lengre beitetid for besetningar i båsfjøs enn i lausdrift. Og bonden vil sjølv kunne velja å gjennomføre beite og mosjon utover minimumskrava der dei klimatiske høva tillèt det.

Vi ønskjer mjølkeproduksjon i heile landet, og vi vil ha med flest mogleg produsentar vidare også etter 2034. Da kan vi ikkje risikere å knele bonden undervegs gjennom uhensiktsmessige krav. Mosjon eller beite i gjørme og dårleg ver, er heller ikkje god dyrevelferd.

Med helsing

Geir Pollestad