Svar på skriftleg spørsmål om Dyrevelferdsmeldinga

Landbruks- og matminister Geir Pollestad har svart på skriftleg spørsmål frå stortingsrepresentant Alfred Jens Bjørlo (V) om Stortinget får Dyrevelferdsmeldinga i tide for handsaming i 2024.

Spm nr 1055 – Til skriftlig besvarelse fra stortingsrepresentant Alfred Jens Bjørlo

Stortingsrepresentant Alfred Jens Bjørlo har stilt føljande spørsmål for skriftleg svar: 

«Den lenge varsla Dyrevelferdsmeldinga (varsla av regjeringa i desember 2021) står ikkje på den ferske oversikta over proposisjonar og meldingar frå Regjeringa til Stortinget i vårsesjonen 2024 (januar-september). Kan statsråden garantere at Stortinget får Dyrevelferdsmeldinga i tide til at meldinga kan handsamast og vedtakast i 2024, eller risikerer ein no at vi ikkje har ei ferdig politisk dyrevelferdsmelding før i 2025 - fire år etter at regjeringa starta arbeidet og to år etter det Stortinget har bedt regjeringa om?»

Både i Landbruks- og matdepartementet og i Nærings- og fiskeridepartementet blir det lagt ned eit omfattende arbeid med stortingsmeldinga. Vi vil, i tråd med det eg tidlegare har kommunisert, presentere ei Stortingsmelding om dyrevelferd for Stortinget i 2024.

Med helsing

Geir Pollestad