Svar på skriftleg spørsmål om eingongspurker

Landbruks- og matminister Geir Pollestad har svart på skriftleg spørsmål frå stortingsrepresentant Terje Halleland (FrP) om eingongspurker.

Svar på spørsmål nr. 1022 frå representanten Terje Halleland om eingongspurker

Eg viser til spørsmål nr. 1022 frå representanten Terje Halleland:

«Vil statsråden se på muligheter for å ivareta bønder som har tilrettelagt drift og som har gjennomført store investeringer etter gjeldene regelverk, og sikre at disse ikke blir straffet av at nytt regelverk gis tilbakevirkende kraft?»

Eg vil presisere at både endringa i regelverket og overgangsordninga vart gjort under Solberg-regjeringa medan Framstegspartiet var ein del av denne. Eg har ikkje gjort noko endring eller vedtak i denne saka. 

Produksjonen av smågris gjekk over tid i ei retning der stadig fleire dreiv med sokalla eingongspurkeproduksjon, der purka vart slakta etter berre ei grising. Der ein smågris-produsent som dreiv tradisjonelt med to til tre grisingar per purke før ho vart slakta, kunne tilføre marknaden om lag 4 000 smågriser kvart år, kunne ein eingongspurkeprodusent på si side levere so mange som 11 000–12 000 smågrisar kvart år. Denne forma for produksjon utgjorde utan tvil eit smotthol i regelverket og var i strid med føremålet med lova. Eingongspurkeprodusentane hadde følgjeleg ein fordel samanlikna med andre smågris-produsentar, samstundes som det kan seiast å vere nokon dyreetiske problem med denne typen produksjon.   

Regelverket vart difor endra med verknad frå 1. januar 2020. For meg er det viktig å seie at reglane ikkje vart gitt tilbakeverkande kraft. Eingongspurkeprodusentane fekk frå og med hausten 2019, etter søknad, høve til å vidareføre eingongspurkeproduksjon ut 2024.

Eg deler i denne saka dei vurderingane som Solberg-regjeringa gjorde og ser det ikkje som naudsynt å endra på dette.

Med helsing

Geir Pollestad