Svar på skriftleg spørsmål om marknadsregulator på kjøt og egg

Landbruks- og matminister Geir Pollestad har svart på skriftleg spørsmål frå stortingsrepresentant Lene Westgaard-Halle (H) - Om marknadsregulator på kjøt og egg etterlever sine forpliktingar i marknadsreguleringsforskrifta.

Spørsmål til skriftleg svar nr. 1404 frå stortingsrepresentant Lene Westgaard-Halle - Om marknadsregulator på kjøt og egg etterlever sine forpliktingar i marknadsreguleringsforskrifta

Representanten Lene Westgaard-Halle har i brev av 01.03.24 stilt følgjande spørsmål til skriftleg svar:

«Hva vil statsråden gjøre for å sørge for at markedsregulator på kjøtt og egg etterlever sine forpliktelser i markedsreguleringsforskriften, sikre at forbrukerne får norske egg på frokostbordet i påsken, og forhindre at andre markedsaktører påføres uriktig økonomisk tap i perioder med underskudd på egg?»

Eg vil først framheve at norske forbrukarar skal til ei kvar tid vere sikra tilgang på matvarene dei etterspør. Det er Omsetningsrådet og jordbruket ved marknadsregulatorane, som har ansvar for å tilpasse tilførselen av jordbruksvarer til etterspurnaden. Nortura er marknadsregulator for egg og kjøt. Om det i einskilde periodar skulle vere mangel på norsk vare, skal det gjennomførast suppleringsimport etter regelverk administrert av Landbruksdirektoratet.

Omsetningsrådet skal på sitt møte 13. mars handsame ei sak om Nortura på korrekt vis har etterlevd gjeldande føresegner for marknadsregulators forsyningsplikt i «forskrift om markedsregulering til å fremme omsetningen av jordbruksvarer» («markedsregulerings­forskriften»). Etter § 11 i Omsetnings­loven kan departementet i slike saker få førespurnad om å gjere om rådet sine vedtak. Som landbruks- og matminister vil eg no difor ikkje kommentere om Nortura har følgt regelverket for forsyningsplikt. 

Det er også tidligare stilt spørsmål ved Norturas praktisering av regelverket for forsyningsplikt for egg, og departementet fekk i fjor førespurnad om Nortura følgjer regelverket for forsyningsplikt for kjøt. Det er departementet som fastset forskriften som set rammene for Omsetningsrådet sine vedtak når det gjel forsyningsplikt, og departementet har no startet ein gjennomgang av føresegnene i «rammeforskriften» for kjøt og egg. Første fase i dette arbeidet vil vere å hente inn informasjon frå dei mest aktuelle aktørane. Vi tek sikte på å avslutte arbeidet før sommaren 2025.

Med helsing

Geir Pollestad