Svar på skriftleg spørsmål om myseprotein

Landbruks- og matminister Geir Pollestad har svart på skriftleg spørsmål frå stortingsrepresentant Erlend Wiborg (FrP) – Om myseprotein.

Vedrørande spørsmål nr. 1345 - Til skriftleg svar frå stortingsrepresentant Erlend Wiborg – Om myseprotein

Eg viser til brev av 23. februar 2024 med spørsmål til skriftleg svar frå representanten Erlend Wiborg:

«Norsk næringsmiddelindustri må melde inn til Tine ca. ¾ år før hvor stor kvote de ønsker å kjøpe av Myseprotein WPC80 for hele neste år. Når industrien melder om økte behov får de avslag da Tine bl.a. selger til selskap som sender Myseproteinen ut av landet for bearbeiding og re-import i direkte konkurranse med norske arbeidsplasser. Synes statsråden dette er en fornuftig prakis.»

Tine SA er marknadsregulator for mjølk. Denne rolla medfører at Tine har ansvar for å balansere marknaden ved hjelp eit sett tiltak med mål om å ta ut målprisen for mjølk. I tillegg har Tine tre plikter som heng tett på ansvaret med å vere marknadsregulator, blant desse forsyningsplikta. Forsyningsplikta fører til at Tine har plikt til å forsyne alle meieriselskap som deltek i prisutjamningsordninga med mjølkeråvare til like vilkår. Forsyningsplikta til meieri utanfor Tine som produserer konsummjølk er avgrensa etter eigne reglar. Av dette følgjer at Tine ikkje har forsyningsplikt av myseprotein, men skal handle dette etter ordinære kommersielle vilkår. Eg legg til grunn at Tine som ein stor aktør i marknaden operer som ein ryddig og føreseieleg aktør opp mot sine kundar, både norske og utanlandske.

Landbruksdirektoratet har i rapport nr 3/2024 Markedsrapport 2023, ei omtale av eksport av meieriprodukt. Her skriv dei:

«Eksporten av mysepulver og myseproteinkonsentrat har vært betydelig siden 2013, men gikk ned i 2023. Reduksjonen var på 17 993 tonn til en verdi av 129 mill. kr. Nedgangen skyldes delvis redusert osteproduksjon for eksport, men også økt etterspørsel etter protein innenlands.»

Tala i rapporten viser at reduksjonen i eksport av mysepulver i 2023 var på 94 prosent frå 2022 til 2023. Dette kan isolert sett indikere at aktørar i den norske marknaden vert prioritert.

Med helsing

Geir Pollestad