Svar på skriftleg spørsmål om omlegging frå kronetoll til prosenttoll på enkelte jordbruksvarer

Landbruks- og matminister Geir Pollestad har svart på skriftleg spørsmål frå stortingsrepresentant Linda Hofstad Helleland (H) - omlegging frå kronetoll til prosenttoll på enkelte jordbruksvarer.

Svar på spm nr 1517 til skriftleg svar frå stortingsrepresentant Linda Hofstad Helleland

Representanten Linda Hofstad Helleland stiller ved brev 12. mars følgjande spørsmål:

Hvordan vurderer næringsministeren kritikken fra EU kommisjonen som følge av omleggingen fra kronetoll til prosenttoll på enkelte jordbruksvarer, og konsekvensene det kan få for Norges handel og relasjon til vår viktigste handelspartner, EU?»

Spørsmålet er vidaresendt til landbruks- og matministeren frå næringsminister Jan Christian Vestre. 

I samband med statsbudsjettet for 2024 vart det bestemt ein overgong frå kronetoll til prosenttoll for heil issalat, kålrot, rødbeter, knollselleri, potet og potetprodukt. Omlegginga skjedde med verknad frå 1. januar 2024. For potet og potetprodukt er det en overgangsperiode fram til 1. september 2024.

Overgong frå kronetoll til prosenttoll er ein rett Noreg har etter WTO-avtala for ei rekkje landbruksvarer. Ein slik overgong er heller ikkje i strid med pliktene våre etter EØS-avtala. 

Omlegginga må sjåast i samanheng med regjeringa si nye Meld. St. 11 (2023–2024) «Strategi for auka sjølvforsyning av jordbruksvarer og plan for opptrapping av inntektsmoglegheitene i jordbruket». Matsikkerheit basert på stabil nasjonal matproduksjon er eit sentralt politisk mål for regjeringa. Ein stabil matproduksjon krev ein offensiv landbrukspolitikk og eit velfungerande importvern. Importvernet er heilt avgjerande for konkurransekrafta til matindustrien som, saman med landbruket, er svært viktig for sysselsettinga og verdiskapinga i Noreg, særleg i distrikta. Styrking av tollvernet ved omlegging til prosenttoll er eit viktig verkemiddel for regjeringa for å sikre omsetning av norsk vare og medverke til å oppretthalde norsk produksjon og sjølvforsyningsgrad. Tilsvarande omlegging vart elles gjort frå 1. januar 2013 for ost, storfekjøtt og sauekjøtt med same formål.   

Frå EU er det vist til at omlegging til prosenttoll er i strid med intensjonen om ei gradvis liberalisering av handelen i jordbruksprodukt etter EØS-avtala sin artikkel 19. Her er det frå norsk side vist til artikkelen sin ordlyd om at ei eventuell liberalisering av handelen skal skje innanfor ramma av partane sin landbrukspolitikk og på gjensidig fordelaktig basis, og vidare at Noreg følgjer opp sine plikter etter artikkel 19-avtala.

Ved ulike anledningar og av ulike aktørar er det vist til at landbruket sine defensive interesser i forhold til EU kan gå på bekostning av norske eksportinteresser. Eksport av sjømat er ofte brukt som eksempel. Regjeringa legg vekt på å ivareta både defensive og offensive norske interesser i handelssamkvemet vårt med EU. Noreg og EU fornya for nokre månader sidan avtala om marknadstilgong for norsk sjømat. Avtala som gjeld fram til 2028, inneber at fleire tollfrie kvoter for norsk sjømat vert vidareført på det same eller eit høgre nivå. Norsk eksport av sjømat har vist jamn auke, også i tider der regjeringa har styrka importvernet for viktige norske landbruksvarer. 

Representanten Hofstad Helleland definerer i spørsmålet sitt landbruket som ei særinteresse. Eg håpar ikkje at dette reflekterer Høgre sitt syn på næringa. Matproduksjon og matsikkerheit for eiga befolkning er ei felles interesse, og står no høgt på den internasjonale dagsorden i lys av utfordringane verdssamfunnet må handtere. Dette er utfordringer regjeringa tek på høgste alvor.

Med venleg helsing 

Geir Pollestad