Svar på skriftleg spørsmål om reindriftslova

Landbruks- og matminister Geir Pollestad har svart på skriftleg spørsmål frå stortingsrepresentant Carl I. Hagen (FrP) om - Er § 32 i reindriftslova ein rasediskriminerende bestemmelse ?

Svar på spm nr 1557 til skriftleg svar frå stortingsrepresentanten Carl I. Hagen

Representanten Carl I. Hagen stiller ved brev 15. mars 2024 følgjande spørsmål:

«Er § 32 i reindriftsloven en rasediskriminerende bestemmelse som strider mot innholdet i en rekke menneskerettighetskonvensjoner som Norge har ratifisert og følgelig også mot Grunnloven?»

Spørsmålet er vidaresendt til landbruks- og matministeren frå justis- og beredskapsminister Emilie Enger Mehl.

Reindrifta er ein særskild og tradisjonell samisk næring og kulturform som byggjer på sedvane og alders tids bruk. Reindrifta har eit særskilt rettsleg vern, jf. Grunnlova § 108 og reglane i folkeretten om urbefolkningar og minoritetar.

I Noreg har reindrifta sitt opphav hos den samiske befolkninga. Samisk reindrift utøvast i hovudsak innen for det samiske reinbeiteområdet i fjell- og utmarksområda i Troms, Finnmark, Nordland, Trøndelag og Innlandet. I tillegg utøves samlisk reindrift i deler av Møre og Romsdal (Trollheimen).

I følgje reindriftslova § 9 er det berre personar med rett til reinmerke etter § 32 som har rett til å eige rein innanfor det samiske reinbeiteområdet. Eit grunnleggande vilkår for rett til reinmerke er at vedkommande er av samisk ætt. Det følgjar av reindriftslova § 4 at det berre er den samiske befolkning på grunnlag av alders tids bruk, som har rett til å utøve reindrift innanfor det samiske reinbeiteområdet. Reindrift er såleis ei spesifikk samisk næring.

Hovudregelen om samisk avstamming som eit vilkår for utøving av reindrift i reindriftslova § 32 er i stor grad ei vidareføring av reindriftslova av 1978 § 3 første ledd, som igjen er ei vidareføring av reindriftslova av 1933 § 1, jf. § 2.

For konvensjonane representanten Hagen visar til i sitt brev er det oppretta konvensjonsorgan som skal overvake statspartane sin etterleving av dei forpliktingar dei har påtatt seg. FN sin rasediskrimineringskomité førar tilsyn med at FN sin konvensjon om avskaffing av alle former for rasediskriminering etterlevast. Noreg rapporterer jamleg til komiteen. I avsluttande merknader til Noreg sin 23. og 24. rapport, offentleggjort 2. januar 2019, anbefaler rasediskrimineringskomitéen mellom anna at dei rettslege rammene for samane sine reindriftsrettighetar må styrkast.

Med helsing

Geir Pollestad