Svar på skriftleg spørsmål om sprøyting av avlingar ved hjelp av dronar

Landbruks- og matminister Geir Pollestad har svart på skriftleg spørsmål frå stortingsrepresentant Sveinung Rotevatn (V) om - EØS-rettslege handlingsrommet for å tillate sprøyting av avlingar ved hjelp av dronar.

Svar på skriftleg spørsmål nr. 1511 frå stortingsrepresentant Sveinung Rotevatn

Stortingsrepresentant Sveinung Rotevatn har stilt følgjande spørsmål til skriftleg svar:

«Kva er det EØS-rettslege handlingsrommet for å tillate sprøyting av avlingar ved hjelp av droner, og korleis jobbar regjeringa med å endre regelverket på området?»

Direktiv om berekraftig bruk av plantevernmiddel og forordning om godkjenning av plantevernmiddel er ein del av EØS-avtala, og er gjennomført i norsk rett gjennom forskrift om plantevernmiddel.

Bruk av luftfartøy til spreiing av plantevernmiddel regulerast av dette regelverket. Dronar reknast som luftfartøy. Spreiing av plantevernmiddel frå luftfartøy er i utgangspunktet forbode, men direktivet opnar for at det kan gjerast unntak på visse vilkår, til dømes når det ikkje finns eigna alternativ, eller det inneber klare fordelar i form av redusert verknad på menneskje si helse og miljøet samanlikna med spreiing frå bakken.

I tillegg lyt plantevernmiddel som skal spreiast med drone, vere godkjend til slik bruk. Det er plantevernmiddelfirma som søkjer om godkjenning av eit plantevernmiddel, og som også lyt søkje om og dokumentere trygg bruk av plantevernmiddelet med drone. Mattilsynet opplyser at dei ikkje har motteke slike søknadar om ordinær godkjenning.

Når det ikkje finns plantevernmiddel som har ordinær godkjenning til dronebruk, kan Mattilsynet berre tillate dronespreiing til forsking og i naudssituasjonar for plantehelsa.

Det er mange ulike dronar på marknaden, og dei har svært ulike teknologiar for spreiing. Mattilsynet syner til at det er behov for meir kunnskap på fleire område, til dømes moglege krav til tekniske spesifikasjonar til spreiedronar.

Norske myndigheiter har vore representert i nokre møter med EU der direktiv om berekraftig bruk har vore diskutert. Dei har då innhenta informasjon om mellom anna tolking av reglar knytt til bruk av dronar og gjeve innspel i diskusjonane. Forslaget til nytt regelverk om berekraftig bruk av plantevernmiddel har vore diskutert i fora der norske myndigheiter ikkje har tilgang.

Eg vil avslutningsvis understreke at det er eit mål å redusere avhengigheita av kjemiske plantevernmiddel og redusere risiko for helse og miljø ved bruk av plantevernmiddel. Når det er naudsynt å nytte plantevernmiddel, er det viktig at midlane blir brukt riktig og at det brukast minst mogleg. Bruk av ny teknologi kan spele ei viktig rolle i dette arbeidet, men som nemnt  er det framleis behov for kunnskap knytt til bruk av dronar til spreiing av plantevernmiddel.

Med helsing

Geir Pollestad