Svar på skriftleg spørsmål om status for oppfølging av Grøntutvalgets rapport

Landbruks- og matminister Geir Pollestad har svart på skriftleg spørsmål frå stortingsrepresentant Torgeir Knag Fylkesnes (SV) - Om status for oppfølging av Grøntutvalgets rapport fra 2020.

Svar på spørsmål nr. 1917 frå stortingsrepresentant Torgeir Knag Fylkesnes om status for oppfølging av Grøntutvalgets rapport fra 2020

Eg viser til spørsmål nr. 1917 for skriftleg svar frå Stortingets presidentskap. Følgjande spørsmål er reist i brev av 29. april 2024 frå stortingsrepresentant Torgeir Knag Fylkesnes:

«Hvor langt har arbeidet kommet på de ulike satsningsområdene som ble foreslått i Grøntutvalgets rapport fra 2020, og hvem har ansvaret for oppfølgingen og om hvordan departementet bidrar til å sikre framdrift i arbeidet.»

I jordbruksoppgjeret 2019 blei det sett ned eit rådgjevande utval beståande av aktørar i verdikjeda, avtalepartane i jordbruket og verkemiddelapparatet. Utvalet fekk i oppdrag å leggje fram ein langsiktig plan for styrka innovasjon, vekst og auka norskdel for grøntproduksjonane. Det rådgjevande utvalet avleverte rapporten «Grøntsektoren mot 2035- sammen for økt konkurransekraft, økt etterspørsel og mer norsk» i 2020. Utvalet peika på 6 områder for vidare innsats innan grøntnæringa.

Arbeidet er langsiktig, og krev felles innsats frå heile verdikjeda. Vurderinga er at det rådgjevande utvalet sin rapport har bidrege til å gje retning for alle aktørane sitt arbeid med styrka innovasjon, vekst og auka norskdel i grøntsektoren, inkludert næringa sjølv. Departementet bidreg hovudsakleg til å følgje opp arbeidet gjennom prioritering av verkemiddelbruk i jordbruksavtala. I dei årlege jordbruksoppgjera har innsatsområda blitt følgt opp gjennom auke i målprisar, arealtilskot og distriktstilskot for grøntproduksjonane inkl. potet, samt auke i tilskot til fruktlager. Frå 2020 har målprisen på frukt og grønt auka med 30 pst., målprisen på potet har auka med 32 pst. og pristilskota i grøntsektoren er auka med 117 pst. I tillegg kjem store auker i mellom anna arealtilskot og tilskot til fellesanlegg frukt, samt prioritering av verkemidlar til utvikling gjennom forsking og utgreiingstiltak, investering på gardsnivå, samt stimulering til produktutvikling, omsetning og forbruk.  

Av konkrete tiltak på dei ulike satsingsområda som det rådgjevande utvalet peika på vil eg nemne følgjande:

  1. Auke etterspurnaden hjå forbrukar og i marknadskanalane-
    • Auke i støtta til Opplysningskontoret for frukt og grønt.
    • Støtte til prosjekt i regi av Stiftelsen norsk mat og Opplysningskontoret for frukt og grønt om auka etterspurnad og forbruk.
  2. Utnytte innkjøpskrafta i offentleg sektor
    • Støtte til forprosjekt om auka norskdel av offentleg innkjøp av frukt og grønt i regi av NIBIO.
  3. Utvikle berekraft som tydeleg konkurransefortrinn
    • Avsetting av midlar (8 mill. kroner i 2023 og 2024) til prosjekt som bidreg til berekraft i grøntsektoren over Klima- og miljøprogrammet på jordbruksavtala.
  4. Styrke produsentøkonomi og rekruttering
    • Auke i målprisar, arealtilskot og distriktstilskot for grøntproduksjonane.
    • Prioritering av grøntproduksjonane innanfor investeringsverkemidla i landbruket, inkl. småskala grøntproduksjon.
  5. Auke kvalitet, styrke produktutvikling og utvide sesongar
    • Kartlegging av status og framtidige behov for norske potet- og grønnsakslager i regi av Norsk Landbruksrågiving og SINTEF.
    • Systematisk arbeid med FoU og rådgjeving på grøntområdet gjennom landbrukets rådgjevingsteneste, Norsk Landbruksrådgjeving, og forskingsinstitutta NIBIO og NIFOMA.
  6. Samordne strategisk satsing på forsking og innovasjon
    • Næringa har sjølv etablert Forum for Norsk Grønt som ei strategisk plattform for samordning av innsats.

Med helsing

Geir Pollestad