Svar på skriftleg spørsmål om stortingsmelding om dyrevelferd

Landbruks- og matminister Geir Pollestad har svart på skriftleg spørsmål frå stortingsrepresentant Alfred Jens Bjørlo (V) om den varsla stortingsmeldinga om dyrevelferd kjem i vårsesjonen 2024.

Spm nr 1208 - Til skriftleg svar frå stortingsrepresentant Alfred Jens Bjørlo

Stortingsrepresentant Alfred Jens Bjørlo har stilt føljande spørsmål for skriftleg svar:

«På spørsmål frå underteikna nylig ville ikkje landbruks- og matministeren svare på om den varsla stortingsmeldinga om dyrevelferd kjem i vårsesjonen 2024 (Dokument nr. 15:1055 (2023- 2024)). Meldinga står heller ikkje på regjeringa si liste til Stortinget over varsla saker i vårsesjonen. I NRK Politisk Kvarter 8/2 sa likevel Fiskeri- og havministeren uoppfordra at stortingsmeldinga om dyrevelferd kjem «før sommeren». Kan landbruks- og matministeren stadfeste at det er korrekt, og kva er statsrådens definisjon av «før sommeren"?»

Som eg tidlegare har svart representanten Bjørlo, vert det i både i Landbruks- og matdepartementet og i Nærings- og fiskeridepartementet lagt ned eit betydeleg arbeid med stortingsmeldinga. Vi vil, i tråd med det eg tidlegare har kommunisert, presentere ei Stortingsmelding om dyrevelferd for Stortinget i 2024.

Med helsing

Geir Pollestad