Svar på skriftleg spørsmål om tilgangen på norsk førstesortert saueull

Landbruks- og matminister Geir Pollestad har svart på skriftleg spørsmål frå stortingsrepresentant Helge Orten (H) om å styrke tilgangen på norsk førstesortert saueull.

Spørsmål nr. 1121 for skriftleg svar frå stortingsrepresentant Helge Orten om kva for tiltak som bør gjennomførast for å styrke tilgangen på norsk førstesortert saueull

Representanten Helge Orten har i brev av 02.02.24 stilt følgjande spørsmål til skriftleg svar:

«Hvilke tiltak mener næringsministeren bør gjennomføres for å styrke tilgangen på norsk førstesortert saueull?»

Spørsmålet er sendt over frå næringsministeren til landbruks- og matministeren da ull frå sau og lam er ein råvare som er omfatta av dei årlege jordbruksforhandlingane.

Regjeringa har ved jordbruksoppgjera i 2022 og 2023 i betydeleg grad styrka inntekts­mogelegheitene for jordbruket, inkl. sauehaldet. Dette vil bidra til at omfanget av norsk produksjon av sau og lam ikkje vert ytterlegare redusert, noko som vil gje grunnlag for å styrke norsk ullproduksjon. Regjeringa arbeider vidare med ein opptrappingsplan for inntektsmogelegheitene i jordbruket.

Tilgangen på norsk kvit ull av god kvalitet (klasse C1) vert mellom anna styrt av det samla talet på sau og lam. Talet på sau og lam har gått noko ned dei siste åra for å bli betre tilpassa forbruket av kjøtt. Tilgangen på ull av god kvalitet vert og styrt av kor stor andel vi har i sauehaldet av rasen Norsk Kvit Sau (NKS). Denne andelen har over ei rekke år blitt redusert, og omlegginga til andre saueraser har gjeve redusert mengd av den beste ulla.

Over jordbruksavtalen vert det gjeven eit tilskot for norsk ull. Satsen for ulltilskotet vert differensiert ut frå kvaliteten på ulla. Gjennomsnittleg sats er 41,96 kr per kg for 2024, men varierer mellom 20 – 62 kr per kg. Dette viser at ull av den beste kvaliteten, C1, vert høgt prioritert jamførd med ull av lågare kvalitet. Ved jordbruksoppgjeret i 2023 vart ordninga tilført nær 8 mill. kroner for å auke satsane.

Produsentane av sau og lam oppnår nå berre 4 kr per kg ull av C1-kvalitet i pris for produktet. Årsaka til den låge prisen er at vi ikkje har tollvern for ull. Betre sal av produkt frå norsk tekstilindustri basert på ull av god kvalitet frå norsk jordbruk, bør gje moge­leg­­heit for auke betalinga for kvalitetsull, noko som òg kan bidra til større omfang av denne produk­sjonen.

Med helsing

Geir Pollestad