Svar på skriftleg spørsmål om unntak for Norge for jord basert på organisk materiale

Landbruks- og matminister Geir Pollestad har svart på skriftleg spørsmål frå stortingsrepresentant Lene Westgaard-Halle (H) om statsråden vil vurdere å jobbe for å få ett unntak for Norge for jord basert på organisk materiale?

Svar på spørsmål nr 1024 frå stortingsrepresentant Lene Westgaard-Halle

Representanten Lene Westgaard-Halle har stilt følgjande spørsmål for skriftleg svar:

«Vil statsråden vurdere å jobbe for å få ett unntak for Norge for jord basert på organisk materiale, på lik linje med Sveits, i EUs Plantehelseregelverk?» 

EU si nye plantehelselov (Regulation 2016/2031) vart vedteke i EU i oktober 2016. Lova har eit forbod mot import av jord frå land utanfor EU, såkalla tredjeland. EU sitt regelverk for plantehelse er ikkje ein del av EØS-avtala, og Noreg er difor eit tredjeland på dette området.

At Noreg er eit tredjeland innanfor plantehelse får konsekvensar for eksport av jord og jordprodukt til EU. Det at vi har vårt eige nasjonale plantehelseregelverk, gjer at vi til dømes har eit forbod mot import av ein del smitteberande planter. Dette gjer grunnlag for eigen næringsverksemd mellom anna innan planteskulesektoren og ved avl av settepotet.

Sveits har valgt å fullharmonisere regelverket med EU når det gjeld plantehelse. Dette ligg difor til grunn for samhandel mellom Sveits og EU. Eg er oppteken av at me har eit nasjonalt regelverk og handlingsrom på dette feltet. Ei god plantehelse er eit fortrinn for Norge.

I Noreg er Mattilsynet i gang med modernisering av vårt nasjonale plantehelseregelverk.

Med helsing

Geir Pollestad