Svar på spørsmål om angrep på Rafah

Utanriksminister Espen Barth Eide sitt svar på eit spørsmål frå Ingrid Fiskaa (SV) om å leggje press på Israel for å ikkje angripe Rafah.

Skriftleg spørsmål nr 1122 (2023-2024)
Datert 02.02.2023 

Frå representanten Ingrid Fiskaa (SV) til utanriksministeren: 

Korleis vil regjeringa legga press på israelske styresmakter for å avlysa angrepsplanane på Rafah?

Utenriksministerens svar: 

Eg er djupt uroa for rapporter frå media om ein mogleg israelsk bakkeoperasjon i Rafah. Det er over ein million menneske som oppheld seg i og rundt Rafah no. Mange av dei har alt flykta dit frå andre stader i Gaza. Den humanitære situasjonen for sivilbefolkninga i Gaza er frå før katastrofal. Ein bakkeoperasjon vil forverre situasjonen ytterlegare og gjere det endå vanskelegare å levere livsnødvendig humanitær hjelp. Eg frykter at ein bakkeoperasjon vil føre til at endå fleire sivile døyr. Folk har ikkje andre stader å dra.

Eg har lenge vore klar på at krigen har gått for langt og må stoppe. Noreg driv eit aktivt diplomati og taler med Israel, land i regionen og andre sentrale land om korleis vi kan få slutt på krigen. Vi har vore tydelege overfor Israel på konsekvensane av eit angrep på Rafah. Vi har heile tida vore klare på at partane i konflikten må respektere folkeretten og beskytte sivile. Det vil vi halde fram med.