Svar på spørsmål om Tyrkia sine angrep mot Rojava

Utanriksminister Espen Barth Eide sitt svar på eit spørsmål frå Ingrid Fiskaa (SV) om utanriksministeren vil fordømma angrepa mot Rojava.

Skriftleg spørsmål nr. 1104 (2023-2024)
Datert 31.01.2024

Frå representanten Ingrid Fiskaa (SV) til utanriksministeren:

Vil utanriksministeren fordømma angrepa mot Rojava og krevja at Tyrkia stansar desse?

Utanriksministerens svar:

Regjeringa ser med uro på meldingane om tyrkiske luftangrep i Syria. Det er djupt beklageleg at sivile liv etter alt å døme har gått tapt. Sivil infrastruktur ser ut til å ha blitt råka. Vi registrerer at Tyrkia ser dette i samanheng med eit angrep mot tyrkiske soldatar i Irak, der fleire soldatar vart drepne. Noreg anerkjenner at Tyrkia har eit tryggingsbehov. Samstundes har Syria krav på respekt for landets territorielle integritet. Noreg forventar at Tyrkia, som alle andre land og partar, respekterer folkeretten. Vi er særleg opptatt av at Tyrkia unngår bruk av makt som rammar sivile, sivil eigedom og infrastruktur.