Tryggare for yrkesdykkarar i norsk farvatn

Yrkesdykkarar er utsette for særleg risiko, og det er viktig at dei kan kjenne seg så trygge som mogleg. No samlar regjeringa reguleringa av yrkesdykking under arbeidsmiljølova.

– Regjeringa held fram med å prioritere trygge arbeidsforhold og rettane til arbeidstakarane i alle sektorar. Justeringa vi no gjer, er viktig for å sikre eit så godt og heilt tryggingsregime for dykkarane som mogleg, seier arbeids- og inkluderingsminister Tonje Brenna.

Arbeids- og inkluderingsdepartementet har fastsett ei forskrift som klargjer korleis arbeidsmiljølova skal nyttast for dykkeoperasjonar frå skip. Tidlegare har tilsynet med yrkesdykking vore delt mellom Arbeidstilsynet og Sjøfartsdirektoratet.

– No følgjer vi opp eit einstemmig stortingsvedtak om at all yrkesdykking skal omfattast av arbeidsmiljølova. Dette vil bety ein tryggare og sikrare arbeidskvardag for alle dykkarar i norske farvatn, også på utanlandske skip, seier Brenna.

Den nye forskrifta inneber at all innaskjers yrkesdykking frå 1. juli i år vil vere regulert av arbeidsmiljølova med Arbeidstilsynet som tilsynsmyndigheit. Dykking i petroleumssektoren skal framleis vere underlagt Havindustritilsynet.