Presseinformasjon:

Utdrag frå Utanriksdepartementet sitt program veke 20

Her følgjer eit utdrag frå programmet til politisk leiing i Utanriksdepartementet i veke 20, 2024.

Det kan kome endringar i programmet. Oppdateringar blir kunngjorde i kalenderen på regjeringa.no.

Utanriksministeren og utviklingsministeren har normalt desse faste postane i vekeprogrammet: Regjeringskonferanse torsdag kl. 12.30 og statsråd på Slottet fredag kl. 11.00. Utanriksministeren har i tillegg audiens hos kongen på Slottet kvar veke og jamlege møte i Regjeringa sitt sikkerheitsutval (RSU).

Utanriksminister Espen Barth Eide

Måndag 13. mai

Utanriksminister Espen Barth Eide deltek på Responskonferansen. Stad: UiT Norges arktiske universitet, Tromsø.

Tysdag 14. mai

Kl. 20.00: Utanriksminister Espen Barth Eide er til stades på gallamiddag i samband med statsbesøket frå Danmark. Stad: Det kongelege slott, Oslo.

Pressekontakt: Pressevakta UD, 23 95 00 02.

Onsdag 15. mai

Kl. 09.15: Utanriksminister Espen Barth Eide er til stades på lanseringa av Noregs nye humanitære strategi. Stad: Oslo Konserthus, Oslo.

Kl. 12.15: Utanriksminister Espen Barth Eide har eit møte med FN sin høgkommissær for flyktningar, Filippo Grandi.

Pressekontakt: Pressevakta UD, 23 95 00 02.

Utviklingsminister Anne Beathe Tvinnereim

Måndag 13. mai

Kl. 11.30: Utviklingsminister Anne Beathe Tvinnereim held tale og deler ut Stefanusprisen for 2024 til Aiman Umarova frå Kasakhstan. Stad: Hotel Continental, Teatersalen.

Pressekontakt: Pressevakta UD, 23 95 00 02.

Tysdag 14. mai

Utviklingsminister Anne Beathe Tvinnereim deltek på «Summit on Clean Cooking in Africa» i Paris.

Pressekontakt: Pressevakta UD, 23 95 00 02.

Onsdag 15. mai

Kl. 08.00: Utviklingsminister Anne Beathe Tvinnereim har eit møte med Filippo Grandi, FN sin høgkommissær for flyktningar.

Pressekontakt: Pressevakta UD, 23 95 00 02.

Kl. 09.15: Utviklingsminister Anne Beathe Tvinnereim deltek på den internasjonale lanseringa av «Strategi for norsk humanitær politikk». Stad: Oslo konserthus. 

Pressekontakt: Pressevakta UD, 23 95 00 02.

Statssekretær Maria Varteressian

Onsdag 15. mai

Kl. 11.00: Statssekretær Maria Varteressian har eit møte med styret i Nordfund, saman med statssekretær Bjørg Sandkjær. Stad: Norfund sine lokalar, Oslo.

Pressekontakt: Pressevakta UD, 23 95 00 02.

Statssekretær Eivind Vad Petersson

Måndag 13. mai

Statssekretær Eivind Vad Petersson deltek på Responskonferansen. Stad: UiT Norges arktiske universitet, Tromsø.

Statssekretær Andreas Motzfeldt Kravik

Måndag 13. mai

Kl. 09.00: Statssekretær Andreas Motzfeldt Kravik opnar afghansk dialogforum. Stad: Holmenkollen park hotel, Oslo.

Pressekontakt: Pressevakta UD, 23 95 00 02.

Tysdag 14. mai

Kl. 11.15: Statssekretær Andreas Motzfeldt Kravik møter FN sin spesialrapportør for menneskerettighetssituasjonen i Afghanistan, Richard Bennet. Stad: UD, Oslo.

Pressekontakt: Pressevakta UD, 23 95 00 02.

Statssekretær Bjørg Sandkjær

Måndag 13. mai

Kl. 12.00: Statssekretær Bjørg Sandkjær deltek på «Europadagen», arrangert av EUs delegasjon til Norge. Stad: Nobels Fredssenter, Oslo.

Pressekontakt: Pressevakta UD, 23 95 00 02.

Tysdag 14. mai

Kl. 11.00: Statssekretær Bjørg Sandkjær har eit møte med Satu Santala, ny direktør i Nordisk utviklingsfond (NDF). Stad: UD, Oslo.

Pressekontakt: Pressevakta UD, 23 95 00 02.

Onsdag 15. mai

Kl. 11.00: Statssekretær Bjørg Sandkjær møter, saman med statssekretær Maria Varteressian, Norfund sitt styre. Stad: Norfund sine lokalar, Oslo.

Pressekontakt: Pressevakta UD, 23 95 00 02.

Torsdag-fredag 16-17. mai

Statssekretær Bjørg Sandkjær deltek på ministermøte i Europarådet i Strasbourg.

Pressekontakt: Pressevakta UD, 23 95 00 02.