Vil gi kommunane auka høve til å styre bustadsamansetjinga

– Kommunane treng betre verktøy for å sikre eit bustadtilbod for alle og eit inkluderande nærmiljø, seier kommunal- og distriktsministar Erling Sande (Sp).

Regjeringa sender på høyring eit forslag om å gi kommunane fleire verktøy i det bustadpolitiske arbeidet ved å gi dei høve til å leggje til rette for meir variert bustadsamansetjing i nye bustadprosjekt.

– Regjeringa løftar bustadpolitikken, og la før påske fram ei offensiv bustadmelding. No leverer vi allereie på noko av det vi varsla i meldinga. Vi vil at kommunane skal kunne føre ei aktiv bustadpolitikk, og desse verktøya gjer dei betre i stand til det, seier kommunal- og distriktsministeren.

Forslaget inneber at kommunane får heimel til å fastsetje at utbyggjarar skal nytte burettslag som organisasjonsform i nye bustadprosjekt eller at ein viss del av bustadene skal bli tilbydd som leige-til-eige eller deleige.

Vidare er det foreslått at kommunane kan fastsetje at ein viss del bustader i nye bustadprosjekt skal vere utleigebustader. Det kan anten vere kommunale utleigebustader, eller ordinære utleigebustader. Forslaget inneber òg at kommunane kan nytte studentbustader som eit eige føremål i arealplanar.

Kommunane kan i dag påverke bustadsamansetninga gjennom føresegner om mellom anna bustadstorleik og bustadtype (som einebustader, rekkjehus og fleirbustadhus). Dei kan ikkje påverke andre forhold ved bustadene slik som korleis bustadene er organisert, og om det er leige eller eige.

– Det er mange som har etterspurt slike reglar. Eg er derfor glad for at vi no kan sende forslaga på høyring. Så ser eg fram til gode innspel som vi tek med oss vidare, seier Sande.