Vil innføre plikt til å melde inn grunnundersøkingar og naturfareutgreiingar

– Gjerdrumulykka synleggjorde for alle kor viktig det er med god oversikt over grunnforholda der vi bygger og bur. No fremmer regjeringa eit lovforslag om plikt til å melde inn grunnundersøkingar og naturfareutgreiingar til offentlege register, for å forebygge ulykker frå flaum og skred. Det er viktig og riktig at vi sikrar oversikt over det som i enkelte tilfelle kan vere livsviktig informasjon, seier kommunal- og distriktsminister Erling Sande (Sp).

I etterkant av kvikkleireskredet i Gjerdrum 30 . desember 2020, blei Gjerdrumutvalet oppretta i februar 2021. Utvalet støtta Noregs vassdrags- og energidirektorat (NVE) sitt forslag om å opprette ei pliktig innmeldingsordning for rapportar frå grunnundersøkingar og naturfareutgreiingar, slik at kunnskapsgrunnlaget blir tilgjengeleg for alle. Tidlegare har innmelding av slike opplysningar vore frivillig, noko som har vist seg å ikkje fungere godt nok.

Ein brukar i dag store ressursar for å dokumentere at byggje- og anleggstiltak tilfredsstillar krava til sikkerheit mot naturfare, men informasjonen er ikkje alltid lett tilgjengeleg.

Kommunal- og distriktsdepartementet foreslår ein ny paragraf i plan- og bygningslova om ei slik pliktig innmeldingsordning. NVE og Noregs geologiske undersøking (NGU) har utarbeidd det faglege grunnlaget. Detaljar om ordninga vil bli fastsett i forskrift  vil tre i kraft samtidig med lovendringa.

– Informasjon om grunnforhold og naturfare er gull verdt og har stor samfunnsmessig verdi. Derfor er det viktig at denne informasjonen blir samla og gjort tilgjengeleg for alle gjennom ei pliktig innmeldingsordning, seier energiminister Terje Aasland (Ap).

Alle rapportar skal gjerast opent tilgjengeleg i databasar hos NVE og NGU gjennom innmeldingsordninga. Informasjon om allereie utførte undersøkingar av grunnforhold og naturfareutgreiingar, vil kunne vere eit supplement ved nye undersøkingar. På den måten kan ein mellom anna redusere kostnadane til samfunnet ved nye utbyggingar, gjere det offentlege kartgrunnlaget betre og betre beredskap og krisehandtering.

– Det er smart å samle denne typen informasjon slik at dataene kjem alle til gode, og ikkje må reproduserast. Breiare kunnskapsgrunnlag kan også gi betre føresetnader for å auke tryggleiken, seier næringsminister Jan Christian Vestre (Ap).