Vil sikre tenestepensjon for frikjøpte fosterforeldre

Regjeringa går inn for at alle fosterforeldre som er frikjøpt frå vanleg jobb skal kompenserast for manglande opptening av tenestepensjon.

I dag vil fosterforeldre som blir frikjøpt frå sin vanlege jobb for å ta vare på eit fosterbarn, som regel ikkje tene opp tenestepensjon. Fosterforeldre reknast som oppdragstakarar, og ikkje arbeidstakarar, og har derfor ingen automatisk opptening av tenestepensjon i fosterheimsoppdraget.

– Fosterforeldre betyr mykje for barn i ein sårbar fase, og tar eit viktig ansvar på vegne av samfunnet. Vi skal lage trygge og føreseielege rammer for dei. I dag risikerer fosterforeldre å miste viktig pensjonsopptening. No vil vi endre lova slik at dei som vel jobben med å ta vare på barn i fosterheim, ikkje berre blir kompensert for tapt lønn, men også får tenestepensjon, seier finansminister Trygve Slagsvold Vedum (Sp).

– Ingen skal tape økonomisk på å vere fosterforeldre. Det er på høg tid at dei økonnomiske ordningane for fosterforeldre styrkast. Derfor går regjeringa no inn for at alle fosterforeldre som er frikjøpt frå vanleg jobb skal kompenserast for manglande opptening av tenestepensjon. Det skal gjelde uavhengig av kor mykje fosterforelderen er frikjøpt, og frå fyrste dag, seier barne- og familieminister Kjersti Toppe (Sp).

Viktig grep for rekruttering av nye fosterheimar

I dag står 200 barn i kø og ventar på ein fosterheim. Å få endå fleire familiar til å vere fosterheim er derfor svært viktig for at desse barna kan få ein trygg heim. Å sikre at fosterforeldre får kompensert for tenestepensjon ved frikjøp, er eit viktig grep for å behalde eksisterande fosterforeldre, for rekruttering av nye fosterheimar og for alle dei barna som treng hjelp.

Ordninga med kompensasjon for manglande opptening av tenestepensjon er noko som vil gjelde alle frikjøpte fosterforeldre. Med dette forslaget sørgjer regjeringa for at fosterforeldre blir gitt høve til å spare til pensjon, på lik linje med andre i arbeidslivet. Forslaget inneber ikkje ei eiga pensjonsordning for fosterforeldre, men at fosterforeldre blir gitt ei godtgjering som er tiltenkt sparing til pensjon.

– Vi må sørgje for at fosterforeldre opplever at dei får god oppfølging og støtte, og økonomiske rammevilkår slik at det blir attraktivt for fleire å vere fosterfamilie. At frikjøpte fosterforeldre no skal kompenserast for manglande opptening av tenestepensjon er noko mange fosterforeldre har etterlyst lenge. Eg er derfor glad for at dette no kan bli ein realitet, seier Toppe.

Betre rettar til fosterforeldre

I tillegg til tenestepensjon for frikjøpte fosterforeldre, føreslår regjeringa andre rettar for fosterforeldre. Desse skal bidra til å styrke rolla deira og gi betre stabilitet for barna i fosterheim.

Regjeringa foreslår mellom anna:

  • å lovregulere at barnevernstenesta skal yte godtgjering og utgiftsdekning til fosterforeldre
  • at fosterforeldre skal kunne klage på eit vedtak om å flytte barnet ut av fosterheimen, og at denne klageretten skal lovfestast
  • at det skal bli tydelegare kva for slags rett fosterforeldre har til å ta avgjerder for barnet, til dømes i møte med barnehage og skule, helse, fritidsaktivitetar og bankar. Regjeringa føreslår å lovfeste fosterforeldre si rett til å ta avgjerder på fullmakt frå barnevernstenesta, og at fosterforeldra sine rettar på barnehage-, skule-, og helsefeltet skal følgje direkte av lovane som gjeld for desse felta.

Forslaga om tenestepensjon for frikjøpte fosterforeldre og betre rettar er no sendt på høyring, med frist 2. juli, saman med fleire andre forslag til endringar  i barnevernslova. Lovforslaga er ein del av den varsla kvalitetsreforma i barnevernet.