Utlendingsnemnda (UNE)

Utlendingsnemnda (UNE) er eit sjølvstendig, uavhengig og domstolsliknande organ som behandlar klager i utlendingssaker og statsborgarsaker. Uavhengige nemnder eller nemndleiarar avgjer den enkelte saka, etter reglane i utlendingslova og utlendingsforskrifta.

Utlendingsnemnda (UNE) er eit sjølvstendig, uavhengig og domstolsliknande organ som behandlar klager i utlendingssaker og statsborgarsaker. Uavhengige nemnder eller nemndleiarar avgjer den enkelte saka, etter reglane i utlendingslova og utlendingsforskrifta.

UNE skal sørgje for rettstryggleiken og behandlar klagar på Utlendingsdirektoratet (UDI) sine vedtak etter reglane i utlendingslova og utlendingsforskrifta.

Fordi UNE er eit politisk uavhengig forvaltningsorgan kan ikkje departementet eller politikarane instruera UNE i enkeltsaker. Det finst likevel unntak for saker som gjelder grunnleggjande nasjonale interesser eller utanrikspolitiske omsyn, der departementet kan gå inn i ei enkeltsak og avgjere at løyvet skal innvilgast.

Resultatet skal vere korrekt ut frå regelverket og ut frå omsynet til likebehandling. Det vil seie at UNE ofte vurderer nye saker opp mot praksis frå tidlegare saker som liknar. Det er ikkje alle spørsmål som er skildra i regelverket. I mange saker må dei som avgjer sakene, bruka skjønn. Ofte kan det vere noko som talar for, og noko anna som talar imot å gi eit løyve. Då må UNE vurdera kva som skal vega tyngst.

UNE har god kunnskap om kva politiske omsyn som ligg bak reglane, og har også god oversikt og kunnskap om tidlegare praksis.

Arbeidet og avgjerdene i UNE har mykje å seie for det arbeidet som blir gjort med retur i Utlendingseininga til politiet (PU) og busetjing i Integrerings- og mangfaldsdirektoratet (IMDI).

Tildelingsbrev, instruksar og årsrapportar

Nettside: https://www.une.no/