Påtalemakta / Påtalemyndigheten

Riksadvokaten er øvste leiar av påtalemakta, har det overordna ansvaret for all straffesaksbehandling, både i politiet og i Den høgare påtalemakta. Påtalemakta omfattar også statsadvokatar og påtalejuristar. Justis- og beredskapsdepartementet har administrativt ansvar for Riksadvokaten.

Påtalemakta i Noreg har tre nivå:

  • riksadvokaten
  • statsadvokatane
  • påtalemakta i politiet

Dei to øvste nivåa utgjer Den høgare påtalemakta. Riksadvokaten har det overordna ansvaret for all straffesaksbehandling, både i politiet og i Den høgare påtalemakta.

Påtalemakta i politiet avgjer tiltalespørsmålet i dei fleste saker, men i ein del alvorlege lovbrot er det statsadvokaten eller riksadvokaten som har tiltalekompetansen. Reglane om dette finst i straffeprosesslova kapittel 7.

Påtalemakta skal vera objektiv sjølv om den er part i straffesaka. For å ta ut tiltale må påtaleansvarlege vera overtydd om straffskuld, og dessutan meine at det kan førast tilstrekkelege bevis for straffeskuld mot gjerningspersonen i retten.

Dersom beviskravet ikkje er oppfylgd, kan ikkje påtalemakta tiltale eller leggje ned påstand om straff. Om lag 95 prosent av alle straffesaker vert ført i domstolen, ender med domfelling.

Embetsleiar er riksadvokat Jørn Sigurd Maurud.

Nettside: http://www.riksadvokaten.no/