Tilsynsrådet for advokatverksemd / Tilsynsrådet for advokatvirksomhet

Tilsynsrådet for advokatverksemd fører tilsyn med Noregs praktiserande advokatar og rettshjelparar. Dei skriv også ut advokatløyve, autorisasjonar som advokatfullmektig, samt løyve til ulike rettshjelparar og rettshjelpetiltak.

Tilsynsrådet fører mellom anna tilsyn med at advokatar og rettshjelparar fører rekneskap etter gjeldande rett. Tilsyn med advokatar og rettshjelparars behandling av fortrudde midlar (klientmidlar) inngår her som ei sentral oppgåve.

Tilsynsrådet fører også kontroll med at advokatverksemd er i samsvar med føresegnene i domstolloven.

Dersom nokon som Tilsynsrådet fører tilsyn med, har opptredd i strid med reglar, kan Tilsynsrådet gje vedkommande ei irettesetjing eller åtvaring. Finner Tilsynsrådet at det bør blir gjord vedtak om tilbakekalling eller suspensjon av advokatløyve / rettshjelpeløyve vil dei fremje forslag om det til Advokatbevillingsnemnda.

Tilsynset utferdar:

  • Advokatløyve og fullmektigautorisasjonar.
  • Erklæringar til juristar som ønskjer å starte rettshjelpeverksemd (rettshjelparar).
  • Løyve til å utøva rettshjelp innanfor spesielle rettsområde.
  • Løyve til spesielle rettshjelpstiltak.
  • Løyve til å yta rettshjelp i framand og internasjonal rett for advokatar utanfor EØS-området.

Tilsynsrådet utskriv også erklæringar til advokatar som ønskjer å framstille seg til prøve for Høgsterett om at dei oppfyller grunnvilkåret i lova for å få løyve til å vera advokat ved Høgsterett.

Nettside: http://tilsynet.no/