Norsk institutt for bioøkonomi (NIBIO) kontrollerer representative nedbørfelt med omsyn til klima, jordsmonn og driftspraksis i dei viktigaste jordbruksområda i landet. Nye tall frå JOVA-programmet (Program for jord- og vannovervåking i landbruket) viser at nedbørmengda på Østlandet har auka i sommarmånadene. Forskarane i NIBIO peikar på at meir nedbør kan gje tap av jord og næringsstoff frå jordbruksareal. Samtidig vil tunge landbruksmaskinar som køyrar på våt jord eller utsatt så- og haustetidspunkt føre til tap av avlingar. I tillegg kan vanskelege køyretilhøve gjere det utfordrande å nedkjempe soppsjukdomar og ugras, fordi bøndene ikkje får gjennomført naudsynte tiltak til rett tid. 

Julekalenderen til Landbruks- og matdepartementet har i år ein quiz med eit nytt spørsmål om landbruk- og matforsking frå 1. til 24. desember.
Julekalenderen til Landbruks- og matdepartementet har i år ein quiz med eit nytt spørsmål om landbruk- og matforsking frå 1. til 24. desember. Foto: Landbruks- og matdepartementet

– Norsk landbruk er avhengig av forsking og utvikling for å auke matproduksjonen, gje betre lønsemd til bonden og høg effektivitet over heile landet. Noreg har sterke forskingsmiljø som stadig gjev ny kunnskap og legg difor eit viktig grunnlag for å auke konkurransekrafta og handtere utfordringar i framtida, seier landbruks- og matminister Jon Georg Dale.  

JOVA-programmet har sidan 1992 dokumentert effektar av jordbrukspraksis og tiltak på avrenning og kvaliteten på vatnet i Noreg. Informasjonen gjev nye moglegheiter til å sjå korleis klimaendringane påverkar jordbruket. Informasjonsinnhentinga viser mellom anna at den norske bonden får færre tørre dagar til jordarbeiding i framtida, men og at varmare temperaturar aukar vekstsesongen med 1-2 månader lenger.