Noreg og rekrutteringar til internasjonale organisasjonar

Noreg har over lang tid vore underrepresentert i dei aller fleste internasjonale organisasjonane og regjeringa ønskjer derfor fleire norske borgarar til organisasjonar som Noreg er medlemmer av. Det er viktig å kunne bidra til arbeidet til organisasjonane med norsk kompetanse og verdiar, etablere nettverk og styrkte samarbeid innan prioriterte område. Internasjonale organisasjonar har òg eit eige mål om å ha god geografisk fordeling i staben sin.

I Hurdalsplattforma legg regjeringa vekt på ei sterk oppslutning om FN, folkeretten, Nato og EØS-avtalen. Regjeringa vil òg vere ein pådrivar for å styrkje FN-systemet, gjere det meir effektivt og representativt, og arbeide for nordisk samordning og ei tydelegare nordisk stemme i FN.

For å styrkje oppfølginga på dette området, etablerte Utanriksdepartementet RIO-prosjektet (Rekruttering til internasjonale organisasjonar) for perioden 2021-23.  

RIO-prosjektet har fokusert på korleis det kan leggjast betre til rette for å få fleire norske søkjarar til internasjonale organisasjonar. Det har i den samanhengen vore innhenta erfaringar frå noverande og tidlegare tilsette, mellom anna i FN-organisasjonar.

Det er viktig med eit spesielt fokus på leiarstillingar. Det gir merksemd og ekstra gode moglegheiter for påverking. Det er likevel òg viktig å bidra til å få norske borgarar inn på lågare og mellomliggjande nivå. Det kan bidra til å byggje kompetanse og styrke norske søkjarars kandidaturar i eit meir langsiktig perspektiv.  

Sentrale problemstillingar som har vore vurderte er mellom anna:

  • Trygdemessige konsekvensar ved å ta ei internasjonal stilling
  • Bruk av sekonderingsordningar, det vil seie stillingar finansierte av Noreg
  • Tilgang til informasjon om vilkår og søknadsprosessar,
  • System for støtte til norske kandidaturar
  • Etablering av handlingsplanar for enkelte prioriterte organisasjonar
  • Fellesdepartementalt samarbeid.