Stillingar og rekrutteringsprogram som Noreg finansierer

Noreg finansierer òg sekonderingsprogrammer i internasjonale organisasjonar for norske borgarar. Dette er i all hovudsak mellombelse stillingar, og inngår ikkje som regulære stillingar eller leiarstillingar.

NOREC

Norsk senter for utvekslingssamarbeid (NOREC) har ansvaret for fleire typar sekonderingar, finansiert av utviklingsbudsjettet. Dei støttar såleis FN-praktikantar, FN-frivillige, juniorekspertar (JPO) og seniorekspertar (JPO). Desse stillingane blir kunngjorde for norske borgarar.

Sjå norec.no for meir informasjon.

NORCAP

Flyktninghjelpens beredskapsstyrkar (NORCAP) sender ut personell på oppdrag i samband med humanitære kriser.

Førespurnader: norcap@nrc.no. Nettside nrc.no/norcap

NORDEM

Norsk ressursbank for demokrati og menneskerettar (NORDEM) rekrutterer til stillingar med finansiering frå UD til ei rekkje organisasjonar.

Førespurnader til nordem@nrc.no, Nettside nrc.no/ordem

Utover ovannemnde sekonderer Noreg personell i fleire samanhengar og i regi av fleire departement.

Trainee-program

Desse blir ikkje finansierte direkte av Noreg, men gjennom bidraget vårt til medlemskontingent. Mellom anna: