Kommunalnytt nr. 4 2018

Nyhetsbrev frå Kommunalavdelinga om kommune- og fylkesforvaltning

Innhald:

  • Kommuneproposisjonen 2019 og Revidert nasjonalbudsjett 2018
  • Reviderte KOSTRA-tal
  • Ny kommunelov vedteken av Stortinget
  • Endringar i vallova 
  • Ny partilovnemnd er oppnemnt
  • Ny rapport om korleis påvirke veljarar for at dei skal bruke stemmeretten
  • Lokaldemokratikonferanse for nye kommunar
  • Nye fylkesnamn
  • Innovasjonseksempel: Træna kommune vann KMDs innovasjonspris for 2018

Kommuneproposisjonen 2019 og Revidert nasjonalbudsjett 2018

Illustrasjonsbilde av norske pengesedler
Foto: Colourbox

Kommuneproposisjonen 2019, Prop. 88 S (2017 – 2018), og Revidert nasjonalbudsjett 2018, Meld. St. 2 (2017 – 2018) og Prop. 85 S (2017 – 2018), ble handsama i Stortinget 13. og 15. juni.

Hovudtrekka i det økonomiske opplegget for kommunesektoren i 2019 er følgjande:

  • Realvekst i dei frie inntektene til kommunesektoren på mellom 2,6 og 3,2 mrd. kroner som inneber ein realvekst på mellom 0,7 og 0,9 pst.
  • Realvekst i dei samla inntektene i storleik 1 til 2 mrd. kroner. Veksten er rekna frå berekna inntektsnivå i 2018 i Revidert nasjonalbudsjett 2018. Anslaga for vekst i samla inntekter er lågara enn berekna vekst i dei frie inntektene. Dette skyldast at det ved handsaminga av Revidert nasjonalbudsjett 2018 ble vedtatt å tildele kommunesektoren om lag 2,4 mrd. kroner som følgje av vekst i oppdrettsnæringa. Dette er eingongsinntekter, og medverker til lågara vekst frå 2018 til 2019.
  • Kommunane får mellom 2,6 og 3,2 mrd. kroner av veksten i dei frie inntektene. Av desse midlane er 200 mill. kroner grunngjeve med opptrappingsplanen for rusfeltet, medan 100 mill. kroner av veksten er grunngjeve med opptrappingsplanen for habilitering og rehabilitering.
  • Fylkeskommunane får mellom -100 og 100 mill. kroner i vekst i dei frie inntektene i 2019.
  • Stortinget vedtok ei samla skjønsramme på 1 548 mill. kroner i tråd med framlegget i Kommuneproposisjonen 2019.

Regjeringa gjer endeleg framlegg til inntektsrammer for kommunesektoren i statsbudsjettet for 2019 (Prop. 1 S (2018-2019)). Statsbudsjettet for 2019 blir lagt fram måndag 8. oktober 2018.

Ved handsaminga av Revidert nasjonalbudsjett 2018 ble det vedtatt endringar i løyvingane på kap. 571, post 60. Endringane er nærare omtalte i eit eige rundskriv H-2/18. Ei oversikt over vedtak ved handsaminga i Stortinget ligg på stortinget.no.


Reviderte KOSTRA-tal

Skjermdump av SSBs nettside med KOSTRA-tall
SSB har laga ei ny nettløysing for KOSTRA-tala.

Dei reviderte KOSTRA-tala som blei publisert av SSB den 15. juni, viser gode resultat for kommunesektoren.

Netto driftsresultat er hovudindikatoren for økonomisk balanse i kommunesektoren. Teknisk beregningsutvalg (TBU) anbefaler at netto driftsresultat for kommunesektoren som heilskap over tid bør vere om lag 2 prosent av driftsinntektene. For kommunane bør nivået vere på 1¾ prosent mens anbefalinga er 4 prosent for fylkeskommunane.

For heile sektoren blei netto driftsresultat på 3,9 prosent i 2017. Kommunane hadde eit driftsresultat på 3,7 prosent, medan fylkeskommunane hadde eit driftsresultat på 4,3 prosent. Netto driftsresultat for Oslo kommune i 2017 var på 4,3 prosent. Netto driftsresultata for kommunesektoren for 2017 blei med andre ord svært god.

KOSTRA inneheld omfattande informasjon om kommunal og fylkeskommunal verksemd. SSB har laga ei ny nettløysing for KOSTRA-tala i 2018.

Meir informasjon om dei nye nøkkeltala i KOSTRA 


Ny kommunelov vedteken av Stortinget

Illustrasjonsfoto av et rådhus
Foto: Colourbox

Departementet la i mars fram eit forslag til Stortinget om ei ny kommunelov, Prop. 46 L (2017–2018). Stortinget debatterte forslaget 7. juni, og gjorde endeleg lovvedtak den 11. juni 2018, Lovvedtak 81.

Det var brei politisk semje om dei aller fleste av forslaga i proposisjonen, noko kommunal- og moderniseringsminister Mæland peikte på under debatten. Statsråden streka også under at kommunelova er ei rammelov. Lova skal brukast av mange, og det er viktig at ho er tilgjengeleg og enkel å praktisere.

Den nye lova lovfestar det kommunale sjølvstyret, og klarlegg dei viktigaste elementa som ligg i omgrepet. Det kommunale sjølvstyret blir og teken inn i formålsparagrafen til lova. Det blir og teken inn einskilde prinsipp for relasjonen mellom dei nasjonale styresmaktene og det kommunale sjølvstyret.

Den nye lova fører og vidare dei vide mogelegheitene kommunane sjølve har til å avgjere korleis dei vil organisere eigen verksemd. Kommunane skal i stor grad sjølve velje korleis dei vil organisere både den folkevalde og den administrative delen av kommunen.

Det er og fleire nye reglar som skal leggje til rette for ein styrka eigenkontroll i kommunane. Ein god eigenkontroll er viktig for å sikre at kommunale oppgåver blir utførde til det beste for innbyggjarane og for å sikre ein formålstenleg bruk av ressursane til fellesskapet.

Det er ikkje endeleg fastsett når den nye lov blir sett i verk, men departementet tek sikte på at delar av lova blir iverksett 1. juli 2019 og andre delar 1. januar 2020. Det vil og bli fastsett overgangsføresegner som tek høgde for lokalvalet i september 2019.


Endringar i vallova 

Illustrasjonsfoto av en stemmeurne
Foto: Thomas Ekstrøm/KMD

Stortinget vedtok den 4. juni endringar i vallova. Endringane inneber blant anna at stortingsvalet i 2021 skal gjennomførast med 19 valdistrikt, sjølv om fleire fylker vert slått saman frå 1.1.2020.

Bakgrunnen for dette er at regjeringa meiner det er viktig å utgreie og behandle dette spørsmålet grundig før forslag til endringar blir sende til Stortinget. Regjeringa oppnemnde i juni 2017 eit vallovutval som har som del av sitt mandat å greie ut konsekvensar av strukturendringa for valordninga, inkludert inndeling i valdistrikt og fordeling av utjamningsmandat. Regjeringa meiner derfor det er viktig å vente på utvalets innstilling, som kjem 31.12.2019 og skal sendast på bred høyring. Å gjennomføre stortingsvalet i 2021 med 19 valdistrikt er ei løysing som vil medverke til tryggleik og ein føreseieleg situasjon for kommunar og fylkeskommunar under førebuingane til stortingsvalet.

Kven som kan skrive under på eit listeforslag
Stortinget vedtok og ei endring i vallova § 6-3 første ledd om kven som kan skrive under på eit listeforslag. Bakgrunnen for endringa av denne føresegna er at vallova ikkje skal legge føringar på korleis partia vel å organisere seg i de nye samanslåtte kommunane og fylkeskommunane. Listeforslag for parti med tilstrekkelig oppslutning ved førre stortingsval skal skrivast under av to styremedlemmer i lokalavdelinga med ansvar for valdistriktet lista gjeld. Medlemmane må framleis ha stemmerett i valdistriktet.

Meir informasjon:


Ny partilovnemnd er oppnemnt

Valgavlukke
Foto: Thore Fjeld/KMD

Kongen i statråd har 15. juni oppnemnt følgjande medlemmar til Partilovnemnda:

Leiar:
Professor Eivind Smith (Oslo)

Nøytrale medlemmar:
Avdelingsdirektør Hege Fjellheim (Karasjok)
Professor Tina Søreide (Bergen)

Partirepresentantar:
Høgre: Lars Arne Ryssdal (Asker)
Senterpartiet: Anne Tingelstad Wøien (Brandbu)
Venstre: Geir Helge Sandsmark (Halden)

Kompetansen til nemnda er styrkt ved at talet på medlemmar er utvida fra fem til seks. Dermed har nemnda ei balansert fordeling mellom medlemmar nominert av partia og nøytrale fagpersoner.

Medlemmane er oppnemnd for seks år av gongen.

Partilovenemnda er eit uavhengig forvaltningsorgan, administrativt underlagt Kommunal- og moderniseringsdepartementet. Oppgåvene til nemnda er blant anna å tolke regler i partiloven og forskrift gitt med heimel i partiloven, kontrollere at føresegn om finansiering i loven overhaldast og avgjere klagar over vedtak om registrering og tildeling av statleg støtte.


Ny rapport om korleis påvirke veljarar for at dei skal bruke stemmeretten

Illustrasjon av valgavlukker

I samband med stortingsvalet i 2017 blei det gjennomført eksperiment med tiltak for å auke valdeltakinga. Formålet med eksperimenta var å undersøke effekten av tiltak for å mobilisere folk til å stemme.

Eksperimentet var ei oppfølging av tilsvarande eksperiment utført ved kommunestyrevalet i 2015. To av eksperimenta blei finansiert av Kommunal- og moderniseringsdepartementet.

I den første gruppa av eksperiment blei det sendt brev til stemmeføre innvandrarar i førekant av valet. Det andre eksperimentet var ein kampanje med bruk av tekstmeldingar (SMS) som retta seg mot alle veljarane. Utsending av SMS viste seg å ha liten effekt i samband med stortingsvalet. Effekten var noko større når det gjaldt å sende brev til veljarar med innvandrarbakgrunn. Det var noko større oppmøte ved valet av innvandrarar som fekk brev samanlikna med innvandrarar som ikkje fekk brev. Såleis skilde resultata av eksperimenta i 2017 seg frå eksperimenta i 2015 då effekten var mykje større. Ei sannsynleg forklaring på det er at valdeltakinga ved stortingsval er generelt høgare enn ved lokalval. Det blir da langt færre heimesitjarar å mobilisere.

Gjennom å eksperimentere med tiltak for å få opp valdeltakinga har departementet no fått kunnskap om effekten av å gi veljarane ei ekstra påminning om å stemme. Kunnskapen gir departementet eit grunnlag for å finne ut om tiltaka som har effekt skal vidareførast og utvidast.

Rapporten: Johannes Bergh, Dag Arne Christensen,Richard Matland: Voter Mobilization in a High-Turnout Context. Get out the Vote Experiments in the 2017 Norwegian Parliamentary Election. Institutt for samfunnsforskning


Lokaldemokratikonferanse for nye kommunar

Logoe for prosjektet fremtidens lokaldemokrati

Kommunal- og moderniseringsdepartementet, i samarbeid med Distriktssenteret, arrangerer 25. – 26. september 2018 den andre konferansen i prosjektet, Framtidas lokaldemokrati i nye kommunar.

På konferansen vil det bli presentert praktiske erfaringar og variasjonar av ulike politiske styringsmodellar og nærdemokratiske ordningar, både frå inn- og utland. I tillegg vil det bli interessante foredrag med ny kunnskap om utviklinga av lokaldemokratiet – utfordringar og moglegheiter. Den nye kommunelova og kva som er nye rammer for lokaldemokratiet blir sjølvsagt presentert.

Meir informasjon om program og påmelding


Nye fylkesnamn

Norgeskart med dei nye fylkesnamna

Stortinget vedtok 11. juni 2018 endringar i lov 15. juni 2001 nr. 70 om fastsetjing og endring av kommune- og fylkesgrenser (inndelingslova).

I ny § 29 om fylkesinndeling og fylkesnamn er det fastsett at dei nye fylka i riket skal ha desse namna: Viken, Innlandet, Vestfold og Telemark, Agder, Vestland og Troms og Finnmark. Troms og Finnmark skal ha Romsa ja Finnmárku som samisk parallellnavn og Tromssa ja Finmarkku som kvensk parallellnavn. Det blei samtidig vedtatt at Trøndelag fylke skal ha Trööndelage som samisk parallellnavn.

Bakgrunnen er vedtak i Stortinget 8. juni 2017 om samanslåing av tretten fylkeskommunar til seks fylkeskommunar frå 1. januar 2020, jf. Prop. 84 S (2016–2017) og Innst. 385 S (2016–2017).

Kommunal- og moderniseringsdepartementet har fastsett at dei nye fylkesmannsembeta kan ta dei nye namna i bruk frå 1. januar 2019, eit år før samanslåinga av fylkeskommunane finn stad.

Sjå Prop. 65 L (2017-2018) og Innst. 328 L (2017-2018).


Innovasjonseksempel: Træna kommune vann KMDs innovasjonspris for 2018

Logo for artikkelen Innovasjonseksempel

Prisen på 500 000 kroner blei delt ut på innovasjonskonferansen Fremtidens kommuner i Arendal 8. juni.

Det er femte gongen prisen blir delt ut, og det er fyrste gongen ei kommune frå Nord-Noreg vinn prisen. Sjå difi.no for meir informasjon om korleis din kommune kan vinne neste år.

Juryen trakk særleg fram korleis Træna kommune verkeleggjer den skaparkrafta som finst hos innbyggjarane, og korleis kommunen tek med næringsliv og lokalsamfunn i innovasjonsarbeidet.

Meir informasjon på nettsidane til KMD.

På bildet over ser vi (f.v) Statssekretær Aase Marthe Horrigmo, utviklingssjef Moa Björnsson (Træna), Ordfører Per Pedersen (Træna), rådmann Liv Hege Martinussen (Træna) og ass.rådmann Gunn Eliassen (Træna).
Frå venstre: Statssekretær Aase Marthe Horrigmo, utviklingssjef Moa Björnson (Træna), ordførar Per Pedersen (Træna), rådmann Liv Hege Martinussen (Træna) og ass.rådmann Gunn Eliassen (Træna). Foto: Difi