Oversikt over eksisterande landbrukspolitiske verkemiddel

Vedlegg 3

I dette vedlegget er generelle landbrukspolitiske verkemiddel med relevans til førebyggande tiltak omtalt. Ordningane vil alle kunne stimulere til omstilling frå sau til annan produksjon, eller flytting av dyr i heile eller delar av beitesesongen for sau, i område med store rovdyrskadar.

Dei meir spesifikke førebyggande tiltak og verkemiddel er omtalt i kap. 4.3. Desse er finansiert dels av miljøforvaltinga og dels over jordbruksavtala gjennom Tiltaksfond for småfe og fjørfe m m.

BU-midlane

Føremålet med bygdeutviklingsmidlane (BU-midlane) over Landbrukets Utviklingsfond er å fremje lønsam næringsutvikling på bygdene innan og i tilknyting til landbruket ved å:

  • Medverke til å etablere og utvikle småskalaprega verksemder (tiltak)
  • Fremje tiltak i lokalsamfunnet som legg tilhøva til rette for næringsutvikling

BU-midlane kan nyttast i heile landet. Følgjande grupper av tiltak kan støttast:

  1. Utgreiings- og tilretteleggingstiltak
  2. Etablerartiltak
    • Etablerarstipend
    • Arbeidskraftstøtte
  3. Utvikling av verksemder
  4. Investeringsstøtte
    • Utanom tradisjonelt jord- og hagebruk (tilleggsnæringar)
    • Tradisjonelt jord- og hagebruk
    • Etableringstilskot ved generasjonsskifte

Når det gjeld investeringsstøtte til sauehaldet, er det dei to siste ordningane under 4) som vil vere aktuelle.

Investeringsstøtta skal gjevast slik at den medverkar til å innfri landbrukspolitiske mål og retningslinjer om sysselsetting og fordeling av produksjonen. Ved vurdering av byggesaker som gjeld kjøtt- og eggproduksjon er det særleg viktig å legge vekt på dei nasjonale marknadstilhøva. Ved utviding av produksjonen skal ein vere varsam med å støtte utvidingar av produksjonsomfanget ut over to årsverk. Det kan ikkje byggast ut for mjølkeproduksjon ut over den kvote landbrukseigedomen har etter reglane om produksjonskvotar for mjølk.

Dei fylkesvise BU-midlane er delt på dei ulike fylka slik det framgår av tabell 3.1 nedanfor.

Tabell 3.1 Fylkesvise rammer for BU-midlar i 1995 og 1996.

Den totale ramma var i 1996 på 510 mill kroner. Av denne vart 443,4 mill kroner delt på fylka.

Den totale ramma for 1997 er fastsett til 520 mill kroner, av dette 120 mill kroner til investeringar i tradisjonelt landbruk, jfr St.prp.nr.72(1995-96).

Innanfor toprisordninga for mjølk vart det i 1994 sett av ein særskilt kvote på inntil 1 mill liter kumjølk som kunne nyttast til omlegging til mjølkeproduksjon i rovdyrutsette område i fylka Hedmark, Oppland og Nord-Trøndelag. Ved fastsetting av fylkeskvotane for BU-midlar for 1995 vart det teke omsyn til dette, slik at det vart gitt rom for å gi investeringsstøtte til brukarar i samband med driftsomlegginga. I tillegg vart det sett av midlar over Tiltaksfond for småfe og fjørfe m m og over Miljøverndepartementet sitt budsjett. Også ved siste års fordeling av BU-midlane vart det teke omsyn til behovet for omstilling av produksjonen i rovdyrutsette område.

I rundskriv M-14/96 frå Landbruksdepartementet er det gitt nærare presiseringar/retningslinjer til landbruksavdelingane om praktiseringa av BU-føresegna. Med bakgrunn i rovdyrproblematikken er det gjort følgjande presisering:

«Innanfor kjerneområda for rovvilt (bjørn/jerv) kan det gjevast tilskot og investeringslån i samband med omlegging frå sau til annan produksjon som er grunngitt i store tap på grunn av rovdyr. Det skal ikkje gjevast tilskot og investeringslån til nyetableringar eller utviding av eksisterande sauebruk i desse områda.»

Elles er det opp til BU-styret i dei ulike fylka å prioritere bruken av midlane innanfor ramma av den nasjonale landbrukspolitikken og det som går fram av føresegna. Dette inneber at BU-styra kan prioritere å gi støtte til investeringar for omlegging av drifta på rovdyrutsette bruk.

Investeringsstøtte til sauehaldet kan gjevast over BU-ordninga. Ramma for dei einskilde fylka framgår av tabell 3.2.

Ved investering i driftsbygning for sau inklusive innandørsmekanisering er det eit kostnadstak på 5.400 kroner pr vinterfora sau. Dette inneber i praksis at nyetablering av sauehald er lite aktuelt.

Tilskot kan gjevast pr landbrukseigedom med inntil 30% av godkjent kostnadsoverslag, maksimalt 150.000 kroner i Sør-Noreg og 180.000 kroner i Nord-Noreg og Namdalsregionen. I tillegg kan det gjevast investeringslån avgrensa til 450.000 kroner i Sør-Noreg og 480.000 kroner i Nord-Noreg og Namdalsregionen.

I samband med generasjonsskifte kan det gjevast etableringstilskot til landbrukseigedomar som treng å gjennomføre mindre investeringar i driftsbygningar og jordveg for å halde oppe drifta. Etableringstilskot kan gjevast med inntil 35 % av godkjent kostnadsoverslag, maksimalt 105.000 kroner. For kvinnelege brukarar er tilskotssatsen 50 %, maksimalt 150.000 kroner. Øvre kostnadsgrense er 300.000 kroner. Ordinær støtte og etableringstilskot kan ikkje gjevast samstundes.

BU-styret i fylket avgjer søknadene. BU-styret kan overlate avgjerdsrett til fylkesmannen.

Tabell 3.2 Oversikt over innvilga støtte til investering i driftsbygningar for sau i 1994 og 1995.

Organisert beitebruk

Ordninga med organisert beitebruk gjennom Tiltaksfond for småfe og fjørfe m m er omtala mellom anna i kap.4. Om lag 70 % av all sau er omfatta av ordninga.

Tilskot blir gitt på tre måtar:

  • Ordinært tilskot. Det blir gitt eit ordinært tilskot på kr 3 pr sau/lam/geit og kr 6 pr storfe. Dette tilsvara i 1994 4,7 mill kroner og i 1995 4,9 mill kroner.
  • Særskilt tilskot. 2,0 mill kroner er dei seinare år delt ut til lag med ekstra store kostnader. Det vart ikkje løyvt midlar til ordninga for beiteåret 1995.
  • Investeringstilskot. 3,5 mill kroner er dei seinare år løyvt til investeringar i beiteområda til t d sperregjerde, bruer, samle/skillekveer, hytter m v. Midlane blir delt som rammer mellom fylka etter søknad. Det var sett av 5,5 mill kroner for 1996.

Brukarar som deltek i organisert beitebruk har om lag 1 % lågare tap enn dei som ikkje deltek i ordninga. Dette skuldast mest truleg organisert tilsyn, sanking, og investeringar i ulike installasjonar i beiteområda.

Særskilde tiltak i landbruket sitt kulturlandskap

Ordninga skal medverke til vedlikehald og utvikling av landbruket sitt kulturlandskap som eit miljøgode for allmenta, der dette ikkje kan påreknast ved vanleg landbruksdrift i vedkomande strøk. Ordninga er såleis ikkje spesielt sikta inn mot å løyse rovvilt/bufe-problematikken. Men den kan til ein viss grad sjåast i samanheng med flytting av dyr til nye beiteområde. Der slike nye beiteområde fell inn under ordninga, vil det kunne søkast om midlar gjennom ordninga t d til inngjerding av kulturpåverka utmark.

Ordninga skal m a medverke til å ta vare på og utvikle naturleg plante- og dyreliv i landbruket sitt kulturlandskap. Det er vidare eit mål med ordninga å utvikle og halde ved like eit nettverk av spreiingsvegar og leveområde for ville planter og dyr.

Det kan såleis gjevast tilskot til etablering, utbetring og skjøtsel av område og landskapselement som fremjer naturleg plante- og dyreliv.

Ordninga kan også nyttast til å ta vare på gamle typar kulturmark i landbruket sitt kulturlandskap. Det er her eit mål å ta vare på kulturarv knytt til driftsformer, anlegg, landskapselement og landskapsbilete, og plante- og dyreliv som er kulturbunde.

Det kan gjevast tilskot til istandsetting av gammal kulturmark og tilrettelegging for vedvarande skjøtsel (t d gjerding av utmark), og årleg eller periodisk skjøtsel ved beiting, brenning, slått eller anna form for hausting.

Ordninga er på til saman 50 mill kr (1996/97), der om lag 12-14 mill kr går til Hedmark, Oppland og Trøndelagsfylka.

Ordninga har når det gjeld istandsetting av gammal kulturmark i prinsippet ingen avgrensingar i støtteomfang når kostnadene er dokumentert.

Tilskot til miljøretta ekstensivering i kornområda

Det vart i samband med jordbruksoppgjeret 1995 avsett 5 mill kr til ei ny ordning for å stimulere til miljøretta ekstensivering på marginale/erosjonsutsette areal i kornområda. Ordninga vart fastsett 4.12.96, og har såleis ikkje vore gjeldande i perioden 1992-96. Heller ikkje denne ordninga er spesielt sikta inn mot å løyse problem med rovvilt/bufe. Men også her er det klåre samanfall mellom intensjonane i denne nye ordninga og behovet for å flytte beitedyr i samband med rovdyrproblematikk.

Ordninga vil innebere ein stimulans til omlegging frå korn til gras, som det mest aktuelle tiltaket, på erosjonsutsette areal (innmark). Omlagde areal vil kunne nyttast til hausting av fôr eller til beite. Om lag 15 % av dei kornareala vi har i dag eller over 400.000 daa blir rekna som marginale (gjennomsnittleg avlingsnivå under 200 kg/daa) eller erosjonsutsette (erosjonsklasse IV). Ordninga er tenkt å verke som ein kontrakt mellom brukar og styresmaktene, der det blir inngått ein kontrakt for ein viss periode m a basert på at det ikkje skal nyttast sprøytemiddel, moderate mengder kunstgjødsel m v.

Beiting vil stå svært sentralt i høve til målsettinga med ordninga. I mange kornområde er det overskot på areal, og mangel på husdyr. Sjølv med gode støtteordningar vil det vere ein stor terskel for å starte med husdyr. Ulike former for leigeordningar, der husdyreigar leiger beite eller der arealeigar leiger husdyr, kan vere aktuelle tilpassingar. Delar av rovdyrproblematikken er motsett når det gjeld tilhøvet mellom areal og husdyr, og det kan såleis vere konstruktivt å sjå desse problemstillingane i samanheng.

Ordninga med miljøretta ekstensivering vil kunne innebere auka tilbod av innmarksbeite som i nokre tilfelle vil kunne erstatte bruk av utmarksbeite. Fleire av fylka som har store rovviltskadar på husdyr har også omfattande kornproduksjon. Den nye ordninga med miljøretta ekstensivering (omlegging frå korn til ekstensiv grasproduksjon) vil såleis kunne vere eit verkemiddel for å etablere beiteområde for sau på innmark i heile eller delar av beiteperioden som ei avlasting for rovviltutsette beiteområde i utmark.

Ordninga inneber støtte på inntil 100 kr/daa/år for omlegging. I tillegg kan varige investeringar på arealet (gjerde, drikkeforsyning til beitedyr m v) dekkast med eige investeringstilskot under ordninga.

Etablering av fangvekstar i kornproduksjon

Til ordninga med redusert jordarbeiding (hovudsakleg overgang frå haustpløying til vårpløying av kornjord) er det knytt ei eiga støtteordning med arealstøtte ved bruk av fangvekstar i samband med kornproduksjonen. Denne ordninga vart kraftig prioritert i samband med jordbruksoppgjeret 1996. Fangvekstar har eit stort potensial for redusert avrenning både av fosfor og nitrogen. Nytten av tiltaket aukar vesentleg dersom fangveksten (t d eittårig raigras) blir hausta eller beita om hausten. Fangvekst undersådd i korn vil kunne medverke som fôrgrunnlag for sau som pga rovviltskadar blir sanka tidleg, med tanke på beiting eller tidleg vinterfôring.

Til redusert jordarbeiding er det totalt løyvt 115 mill kr for 1996/97. Etablering av fangvekst blir for sesongen 1996/97 støtta med 80 kr/daa/år i tillegg til eventuelt tilskot til redusert jordarbeiding.

Lagt inn 16 april 1997 av Statens forvaltningstjeneste, ODIN-redaksjonen