7 Mål, tiltak og verkemiddel

Regjeringa vil halde fast ved dei mål som er nedfelt i St.meld.nr.27(1991-92). Dette inneber at ein skal ta sikte på å sikre levedyktige bestandar av alle dei fire store rovviltartane i Noreg, noko som vil bli nærare konkretisert i det følgjande. Samstundes har regjeringa som mål å halde oppe eit aktivt jordbruk med høve til å utnytte beiteressursane i utmarka med sau og rein. Dette medfører at forvaltinga av rovviltbestandane skal skje på ein slik måte at det kan drivast forsvarleg jordbruksdrift og reindriftsnæring innanfor akseptable økonomiske rammevilkår. Det inneber ei differensiert forvalting som tek omsyn til både viktige beiteområde og det at rovdyra skal overleve i landet i framtida. Ettersom rovviltbestandane også i stor grad er sams og nyttar leveområde på tvers av grensene mellom dei nordiske land, vil det bli lagt vekt på å utvikle vidare det nordiske samarbeidet om forvalting, forsking og bestandsovervaking både på sentralt og regionalt nivå.

For å nå desse måla er det naudsynt med aktiv deltaking frå både styresmakter, organisasjonar og enkeltbrukarar innanfor landbruket. Røynslene frå perioden 1992-1996 tilseier at det er naudsynt å ta i bruk meir effektive tiltak og meir presise verkemiddel for å kunne oppfylle den todelte hovudmålsettinga. Det er også viktig at informasjon om mål og verkemiddel når den enkelte, og at det er ei sams forståing for at det å ta vare på artane er eit samfunnsansvar der alle sektorar må medverke.

7.1 FORVALTINGSMÅL

Med bakgrunn i den tilgjengelege kunnskap om bestandssituasjonen og bestandsutviklinga for rovviltartane som er presentert i kap. 5 og vedlegg 1, vil departementet gjere konkrete framlegg om forvaltingsmål for dei fire store rovviltartane. Måla tek utgangspunkt i at bestanden av gaupe på landsplan og bestanden av jerv frå Nord-Trøndelag og nordover, på eit fagleg skjønsgrunnlag er vurdert som levedyktige på det nivået som er i dag. Utrekningar av overlevingsevne viser at det er naudsynt med ein auke i talet på vaksne bjørnebinner før denne arten kan seiast å ha ein levedyktig bestand i Noreg. Ulv er framleis den sterkast truga pattedyrarten både i Noreg og i Skandinavia, og har førebels ikkje ein levedyktig bestand. Måla må sjåast i samanheng med føresetnaden om ei sterkare differensiert forvalting mellom kjerneområde og andre område, og med at rovviltbestandane i stor grad er sams og bruker leveområde på tvers av grensene mellom dei nordiske land.

7.1.1 Gaupe

Departementet legg til grunn at gaupe i dag er utbreidd over store delar av landet med ein vinterbestand på minimum 500- 600 individ, og at reproduksjon skjer i dei fleste fylke med nærare 100 dokumenterte ynglingar årleg. Departementet sitt mål er at gaupe framleis skal forvaltast slik at samanhengande bestandar og reproduksjon blir halden ved lag over store areal, men at tettleiken i bestanden må kunne regulerast i høve til skadepotensialet i dei ulike område. Målet om ein levedyktig gaupebestand i Noreg er nådd, og veksten i bestanden tilseier at ein må vurdere kontinuerleg kor stor avskyting bestanden tåler. Departementet meiner at det ikkje bør etablerast reproduserande gaupebestandar i dei områda av landet der det i dag ikkje er etablert gaupe eller gaupa førekjem i låg bestand, og som har tettast bestandar av beitande bufe eller rein. Dette gjeld særleg fylka Rogaland, Hordaland, Sogn og Fjordane, men også delar av Møre og Romsdal, delar av Finnmark, Vesterålen, Lofoten og store øyar i Troms. Den nærare avgrensing av slike område må gjerast av forvaltinga i samråd med dei aktuelle næringsinteressene.

7.1.2 Jerv

Departementet legg til grunn at jervebestanden frå Nord-Trøndelag og nordover er ein sams bestand med Sverige og dels Finland. Ettersom bestanden i stor grad er sams med granneland, må samarbeidet mellom dei ulike land førast vidare. Eit slikt samarbeid er allereie etablert både på regionalt og sentralt nivå, og er naudsynt for å sikre at eventuelle inngrep i bestanden skjer ut frå ei sams problemforståing og med sams mål for bestandsutviklinga.

Det finst førebels ikkje eit godt nok datagrunnlag til å kunne gjennomføre konkrete utrekningar av ein minimum levedyktig jervebestand på same måte som det no er gjort for bjørn. Men bestanden på norsk side har ei kontinuerleg utbreiing frå Nord-Trøndelag til Finnmark med meir enn 25 dokumenterte ynglingar årleg, og ut frå ei fagleg skjønsvurdering kan ein sjå på bestanden som levedyktig på det bestandsnivået som er i dag. Tapsutviklinga dei siste åra tyder også på at det har vore vekst i bestanden. Departementet sitt mål er å sikre framhalden samanhengande utbreiing av jerv på Nordkalotten, og å sikre ein tettleik og reproduksjon minst på det nivået som er i dag innanfor eksisterande kjerneområde.

Jervebestanden i det sørnorske kjerneområdet er rekna til 24-35 individ basert på årlege sporregistreringar og eit maksimum på 8 registrerte ynglingar som vart funne i 1995. Ut frå det same faglege skjøn er det uvisst om denne delbestanden kan sjåast på som levedyktig isolert sett. Innanfor dette kjerneområdet vil jerven framleis vere underlagt eit strengt vern, men departementet vil opne for bestandsregulering dersom bestanden aukar ut over 8-10 registrerte ynglingar årleg. Det er ikkje noko mål å etablere reproduserande jervebestandar andre stader i den sørnorske fjellkjeda, der skadepotensialet i høve til sau er svært stort. Men jerv bør også få høve til å finnast i områda austover mot den samanhengande utbreiinga av jerv på Nordkalotten.

Det er regjeringa si målsetting at talet på bufe som årleg blir teke av jerv skal reduserast i høve til det nivået som er i dag. Dei naudsynte tiltak og verkemiddel for å oppnå dette er omtala i kap. 7.2.1 og 7.2.4.

7.1.3 Bjørn

Departementet legg til grunn at alle førekomstar av bjørn i Noreg utgjer mindre delar av sams bestandar med våre granneland, og vil halde fast ved at dei norske delbestandane må forvaltast med utgangspunkt i kjerneområde som grensar til desse tettare bestandane. Utvekslinga av dyr skjer i hovudsak på tvers av grensene til våre granneland, og det er ingen eller heilt sporadisk utveksling av dyr innbyrdes mellom dei norske kjerneområda. Vurderinga av overlevingsevna til bestandane på norsk side må difor baserast på talet innanfor kvart einskilt område. Det vil vere viktig at ein oppnår ei regionalt tilpassa forvalting der bruk av naudsynte tiltak og verkemiddel kan tilpassast bestandsutviklinga.

Med utgangspunkt i dette, har fylkesmennene i sine utkast til forvaltingsplanar (vedlegg 5) gjort framlegg om følgjande mål for kjerneområda:

Pasvik: Bjørnebestanden i Pasvik kjerneområde skal ikkje reduserast. Anarjohka: Det skal etablerast ein fast bjørnebestand i kjerneområdet med minimum fem dyr i gjennomsnitt. Indre Troms: Ei stamme på minimum 20 individ som kan seiast å ha den viktigaste delen av sitt leveområde innanfor kjerneområdet. Nordland: Syte for at reproduktive hodyr får høve til å etablere seg innanfor kjerneområdet. Nord-Trøndelag: I år 2010 skal det vere oppnådd 10 reproduserande «norske» binner innanfor kjerneområdet i Nord- Trøndelag. Med «norske» binner meiner ein binner som har størstedelen av sitt aktivitetsområde i Noreg. Hedmark: Å sikre tilhald av reproduserande bjørnebinner med leveområde avgrensa til kjerneområdet.

I kap. 5.5 er det gjort greie for dei faglege vurderingar som i dag kan gjevast om overlevingsevna til rovviltbestandane. Full tryggleik for genetisk overlevingsevne i eit svært langt tidsperspektiv, der det mellom anna blir teke omsyn til tap av genetisk variasjon og faren for skadelege mutasjonar i bestanden, kan berre oppnåast i svært store bestandar. Men demografiske endringar har i dei fleste tilfelle langt større innverknad enn genetiske faktorar på overlevingsevna til små bestandar. Ved vurderinga av dei norske delbestandane av bjørn meiner departementet difor at det er demografisk overlevingsevne som må leggast til grunn, og at denne må vurderast ut frå det internasjonalt fastsette kriteriet om at det skal vere mindre enn 10 prosent sjanse for at bestanden vil dø ut i løpet av 100 år.

Gjennom det skandinaviske bjørneprosjektet ligg det i dag føre data frå svenske radiomerka bjørnar i to studieområde i Dalarna og Norrbotten som mogeleggjer slike konkrete utrekningar av overlevingsevne. Desse representerer to delbestandar (ein sørleg og ein nordleg) av dei i alt fire delbestandane av bjørn i Skandinavia. Utrekningane har vist at det i ein etablert bestand med stabil aldersstruktur vil vere naudsynt med minimum 6 vaksne binner i det sørlege området og 8 vaksne binner i det nordlege området, jfr kap. 5.5. Overført til dei norske kjerneområda vil Troms vere mest å samanlikne med det nordlege området, medan Hedmark og Nord-Trøndelag/Nordland vil vere mest å samanlikne med det sørlege området. Men resultata føreset at dødsprosenten i bestanden ikkje er vesentleg større enn det som under situasjonen i dag er funne blant radiomerka bjørnar i dei svenske reproduksjonsområda, noko som ikkje vil vere tilfelle. I dei norske kjerneområda vil heller ikkje føresetnaden om stabil aldersstruktur vere oppfylt i ein etableringsfase, og ein kan vente at færre ungar lever opp. Desse tilhøva tilseier at dei utrekna minimumstala er noko for låge, og at det difor burde finnast 8-10 vaksne binner innanfor kvart område for å oppfylle kriteriet for overlevingsevne med god nok tryggleiksmargin. For den finsk/norsk/russiske bestanden som dei to kjerneområda i Finnmark er ein del av, finst det ikkje liknande utrekningar.

Departementet legg til grunn at ettersom bestandane av bjørn i dei tre sørlegaste norske kjerneområda utgjer mindre delar av ein større skandinavisk bestand som er i vekst, treng ein ikkje å legge til grunn så store tryggleiksmarginar for overlevingsevne som ville vore tilfelle om dei norske delbestandane hadde vore isolerte. Vi kan difor ha eit mindre tal vaksne binner enn dei 8-10 som er nemnt ovanfor. Ei vurdering av tilgjengelege leveområde opp mot dei arealkrav binnene har (jfr vedlegg 1) og næringsgrunnlaget for bjørn innanfor dei enkelte kjerneområde, tilseier vidare at det neppe er plass til eigne norske levedyktige bjørnebestandar innanfor dei avsette kjerneområda i Troms, Anarjohka og Pasvik. Departementet meiner at det må leggast til rette for etablering av ynglande binner slik at levedyktige bestandar på sikt kan sikrast i dei to kjerneområda i Nord-Trøndelag/Nordland og Hedmark. I dei tre andre kjerneområda vil talet på binner kunne utvikle seg naturleg i høve til kva områda kan bere.

I alle kjerneområda er det ønskjeleg med etablering av ynglande binner. Det finst enno ikkje gode nok data for kor fort spreiing og etablering av binner frå dei noverande reproduksjonsområda kan skje, men den kunnskap ein har tilseier at etableringa vil skje sakte. Tidsaspektet må også vurderast i høve til utviklinga i skadeomfang og bruken av effektive skadeførebyggande tiltak. Det vil difor vere naudsynt med ei god bestandsovervaking slik at utviklinga kan følgjast nøye, og bruken av verkemiddel må tilpassast bestandsutviklinga slik det er omtala i kap. 7.2.

Det er regjeringa si målsetting at talet på bufe som årleg blir teke av bjørn skal reduserast i høve til det nivået som er i dag. Dei naudsynte tiltak og verkemiddel for å oppnå dette er omtala i kap. 7.2.1 og 7.2.4.

7.1.4 Ulv

Bortsett frå ei familiegruppe som dei siste åra har nytta ein liten del av Hedmark fylke som del av sitt leveområde, finst ulv i Noreg i dag berre fåtalig som streifdyr. Av den samla bestand har 5-7 ulvar vinteren 1995/96 og 1996/97 til tider hatt tilhald på norsk side av grensa i Hedmark, Akershus og Østfold. Vinteren 1996/97 er det registrert to ulvar i følgje i to område her, på begge sider av riksgrensa. Dette kan gi høve til yngling i 1997, men dette kan først verifiserast vinteren 1997/98. Ulvebestanden kan ikkje sjåast på som levedyktig korkje på norsk side eller for Skandinavia sett under eitt. I tråd med norske plikter har departementet som mål å etablere reproduksjon av ulv i Noreg, og viser til norske og svenske styresmakter sitt sams arbeidsmål om å få etablert minst 8-10 familiegrupper i Sør-Skandinavia i første omgang. Inntil dette målet er nådd må ulven underleggast eit svært strengt vern.

7.2 TILTAK OG VERKEMIDDEL

Forvalting av fåtalige bestandar er svært vanskeleg, særleg fordi tiltak retta mot bestandar eller individ kan ha store negative effektar. For bestandane av ulv, bjørn og jerv i Sør-Noreg inneber dette at det å felle eit avgrensa tal dyr av bestemt kjønn og alder kan vere nok til å utrydde bestanden. I område med konflikt mellom ulike næringsinteresser og behovet for vernetiltak er det difor avgjerande at ein kjenner både biologi, rolle som skadevaldar og effektar av ulike tiltak. Dersom slik kunnskap ikkje ligg føre vil ofte vedtak bli fatta på sviktande grunnlag, og konsekvensane for rovviltbestandane kan vere monalege.

Ved utforminga av verkemiddel retta mot forvaltinga av dei store rovdyra er det viktig å sjå heile verkemiddelbruken innanfor både miljøvernforvaltinga og landbruksforvaltinga i samanheng. I praksis vil det vere eit knippe av ulike tiltak og verkemiddel som kan og bør nyttast i kvart enkelt tilfelle for å redusere tap og konfliktar mellom rovdyra og næringsverksemd basert på bruk av utmark. Utan ei god lokal forankring og god koordinering og organisering på fylkesnivå vil det vere vanskeleg å få gjennomført dei mest kostnadseffektive tiltaka for å redusere tap og konfliktar.

I framlegga under blir det teke sikte på å sjå heile verkemiddelapparatet som ein heilskap. Dette inneber t d at det blir etablert koplingar mellom erstatningsordningane på den eine sida, og næringsutøvaren sin innsats for å redusere tapa på den andre sida. På denne måten ønskjer styresmaktene ei auka ansvarleggjering av næringsutøvarane for eigne tap, samstundes som det blir etablert verkemiddel som gjer at den enkelte næringsutøvar i minst mogeleg grad skal lide tap på grunn av rovdyr dersom vedkomande sjølv gjer ein innsats for å redusere tap/konfliktar.

Som det er gjort greie for i kap. 4.3, vedlegg 2 og tidlegare i dette kapittel, vil det ikkje vere mogeleg å oppnå målsettinga om både å auke rovviltbestandar til levedyktige nivå, og samstundes avgrense eller redusere tapa av bufe eller rein utan at det blir gjennomført ei vesentleg meir omfattande arealsonering av verkemiddelbruken enn det som er blitt praktisert etter handsaminga av St.meld.nr.27(1991-92). I praksis inneber dette at ein for fleire av rovviltartane må vidareutvikle den arealbundne interesseavveginga mellom rovdyr og husdyr på utmarksbeite som ligg til grunn for forvaltingsstrategien med kjerneområde. Det er i kap.7.2.4 gjort greie for korleis ein slik praksis kan etablerast når det gjeld felling av rovdyr. I dei områda der ein skal og må ha rovdyrbestandar av ein viss storleik for å kunne oppfylle både nasjonale og internasjonale mål og plikter, kan likevel ikkje felling vere noko viktig verkemiddel for å få til den naudsynte skadereduksjon. Regjeringa vil difor slå fast at det innanfor kjerneområda for bjørn og jerv vil vere naudsynt å iverksette langt meir effektive førebyggande tiltak enn til no, herunder driftsomleggingar, for dei mest utsette buskapane med sikte på å redusere kontaktflatene mellom rovdyr og bufe/rein. Regjeringa tek sikte på å stille nok verkemiddel til disposisjon for å få til dette. Venteleg vil slik bruk av tiltak og verkemiddel også vere naudsynt i område der ein lukkast med å få reetablert ulv. Tap valda av gaupe må primært søkast avgrensa gjennom differensiert avskyting, saman med ein del generelle rådgjerder for beitebruken og enkelte tekniske tiltak som t d halsklavar, dersom desse viser seg effektive gjennom storskala forsøk. Som omtalt i kap. 7.1, er det ein føresetnad at tidsaspektet for oppbygging av bjørnebestanden blir sett i samanheng med utviklinga i skadeomfang og bruken av effektive skadeførebyggande tiltak, og at bestandsforvalting og førebyggande tiltak i høve til gaupe og jerv blir gjennomført med sikte på å redusere tapsomfanget i høve til nivået i dag.

Utnytting av utmarksressursane med sau på beite vil også kunne ha eit dyrevernaspekt. Det er likevel ikkje slik at dyreeigarar kan eller bør krevast å ha full kontroll med kvart einskilt dyr på beite. Dei tapsreduserande tiltaka som det er gjort framlegg om medverker til å oppfylle krav om forsvarleg husdyrdrift med sau på beite i område der det finst rovvilt.

Fylkesmannen vil gjennom framlegga få ein svært sentral rolle når det gjeld å koordinere dei ulike tiltak og verkemiddel. Mellom dei eksisterande landbrukspolitiske ordningar vil bruk av BU-midlane vere særleg viktig for å gjennomføre tiltak som krev investeringar i samband med omlegging av drifta. Det må også leggast vekt på å nytte andre særskilde landbrukspolitiske verkemiddelordningar (sjå vedlegg 3) i høve til konfliktar mellom næringsverksemd og rovdyr, på ein slik måte at intensjonane i dei eksisterande ordningane blir ivaretekne, samstundes som konfliktar og tap blir reduserte. Det blir vidare lagt opp til ei identifisering av buskapar av bufe/rein med kronisk høge tapstal. Ei meir systematisk identifisering og målretting av verkemiddel mot slike buskapar vil kunne auke effekten av midlane til førebyggande tiltak.

I utkasta til forvaltingsplanar frå fylkesmennene (vedlegg 5) er det gjort framlegg om strategiar for korleis tapa kan avgrensast gjennom førebyggande tiltak med bakgrunn i dei røynsler som er gjort. Med bakgrunn i desse framlegga og den kunnskap som er henta inn både nasjonalt og internasjonalt gjennom evalueringsrapportane (kap. 4.3 og vedlegg 2), vil regjeringa her peike på kva tiltak som vil vere mest aktuelle, og korleis verkemiddel vil bli tilrettelagt slik at tiltaka kan gjennomførast i større skala. Det vil så bli gjort framlegg om ein samla strategi som omfattar kombinasjonar av tiltak og verkemiddel for dei enkelte taps- og områdetypar.

7.2.1 Tiltak og verkemiddel retta mot sauenæringa

Fleire av dei prioriterte tiltak og verkemiddel vil kunne vere aktuelle i høve til den enkelte sauebuskap der konfliktane er store. Generelt er det viktig å sjå dei ulike verkemidla gjennom landbrukspolitikken og gjennom miljøpolitikken i samanheng ved utforminga av konkrete verkemiddelpakkar. Det er også viktig at ein i dette arbeidet syter for ein god lokal medverknad og utnytting av den kunnskap og røynsle som finst innanfor næringa.

Der ikkje anna er omtala i teksten, blir det teke sikte på å nytte midlar frå ordninga med førebyggande tiltak over Tiltaksfond for småfe og fjørfe m m og over Miljøverndepartementet sitt budsjett til finansiering av tiltaka. I samband med investeringar til driftsomleggingar og etablering av anna næringsverksemd, kan det nyttast bygdeutviklingsmidlar frå Landbrukets Utviklingsfond. Behov for tilskot ut over ordinære BU-midlar kan dekkast av midlar avsett til førebyggande tiltak. Det er også viktig at forvaltinga både i kommunar og fylke og enkeltbrukarar ser høva til å kombinere andre landbrukspolitiske ordningar med tiltak for å redusere rovviltskadar i utsette buskapar. Slike aktuelle ordningar kan vere tilskot til organisert beitebruk, tilskot til spesielle tiltak i landbruket sitt kulturlandskap, tilskot til miljøretta ekstensivering av jordbruksareal og tilskot til etablering av fangvekstar i kornproduksjon (jfr vedlegg 3).

7.2.1.1Prioriterte tiltak og verkemiddel retta mot sauebuskapar med storeårlege tap

Enkelte av tiltaka som er omtala i det følgjande er lite utprøvde i Noreg under dei aktuelle tilhøva, men blir brukt med godt resultat i andre land med monaleg større bestandar av store rovdyr. Dette gjeld særleg intensiv gjeting og styrt områdebruk med hjelp av gjerde. Det må takast eit generelt atterhald om samanlikning av driftsformene og tapsreduserande effektar som er oppnådd i andre land i høve til arealbruken og arealavkastinga av beita i Noreg. Andre tiltak som kan ventast å vere effektive er driftsomlegging frå sau til storfe og driftsomlegging til andre sauerasar eller anna småfehald. Dersom ein skal oppnå stor nok tapsreduserande effekt er det naudsynt at sauene innanfor store nok beiteområde blir omfatta av tiltaka. For å få god nok kunnskap om og røynsle med bruk av slike tiltak under norske tilhøve, går regjeringa inn for at dei blir utprøvde i større skala innanfor nokre av dei mest skadeutsette bjørne- og jerveområda, samstundes som det blir avklåra om det er forsvarleg å basere langsiktig næringsdrift på tiltaka. Dette må avvegast mellom dei faktiske reduksjonar av tap og erstatning som blir oppnådd og dei investerings- og driftskostnader som er naudsynte. Gevinstar når det gjeld dyrevern og redusert konfliktnivå mellom rovviltforvalting og næringsutøvarar og lokalsamfunn må også reknast med i slike vurderingar.

Intensiv gjeting

Styrt områdebruk med bruk av gjetar inneber eit system der ein gjetar på døgnbasis kontrollerer sauene sin beitebruk med periodebundne flyttingar av saueflokken («påtvungen arealbruk»). Ein ventar at effekten av eit slikt tiltak blir vesentleg styrka i kombinasjon med bruk av vaktarhundar og/eller samling av dyra om natta i rovdyrsikre kveer. Kombinasjonen gjetar, vaktarhund og nattkve vil til dømes kunne verke kostnadsreduserande ved at gjetaren då ikkje treng å halde flokken under kontinuerleg oppsikt om kvelden og natta, sjølv om gjetaren bør sove i nærleiken. Ein slik generell tiltakskombinasjon blir brukt med godt resultat i andre land i og utanfor Europa der sauehald og store bestandar av rovdyr sameksisterer. Den vart også nytta i stort omfang i Noreg i tidlegare tider då rovdyrbestandane var større og inntektskrava mindre. Bruk av gjetar (eventuelt i kombinasjon med vaktarhund og nattkve) er tiltak som ein har gått bort frå under ordinære utmarksbeitetilhøve, hovudsakleg på grunn av høge kostnader. I spesielle område kan eit slikt tiltak likevel vere effektivt dersom det blir retta mot buskapar med kronisk høge tap.

Det blir teke sikte på at investeringar i samband med til dømes nattkveer og faste inngjerdingar bør kunne støttast under spesielle vilkår, jfr vedlegg 3. Vidare bør lønnsutgifter til gjetar kunne støttast dersom dette tiltaket blir vurdert som mest kostnadseffektivt.

Styrt områdebruk med gjerde

I staden for å bruke gjetar kan sauene påtvingast arealbruk ved at dei blir haldne innanfor område avgrensa av faste/flyttbare sauegjerde. Gjerda blir flytta periodebunde innan beiteområdet etter eit nærare planlagt optimalt utnyttingsmønster. Også eit slikt tiltak vil med føremon kunne kombinerast med bruk av vaktarhundar og/eller rovdyrsikre nattkveer. Sauene kan på dagtid også til dømes beite på inngjerda innmark eller hogstflater, og på kveldstid takast inn i rovdyrsikre nattkveer - alternativa er mange. Slike system vil kunne fungere utan kontinuerleg gjeting. Gjerdet blir først og fremst nytta for å hindre ukontrollert spreiing av sauene i buskapen og for å vere til hjelp under ei eventuell dagleg innsamling av sau, til dømes assistert av gjetarhund. Inngjerding vil i seg sjølv også auke effektiviteten ved bruk av vaktarhundar.

Også her vil det vere snakk om relativt dyre tiltak som bør målrettast mot spesielle buskapar og område med store og kroniske tap. I dei tilfelle der slike tiltak er dei mest kostnadseffektive, bør det kunne gjevast investeringsstøtte i samband med inngjerding (sjå vedlegg 3).

Utvida tilsyn med sau på beite

Tilsyn med husdyr på beite må framleis vere ein føresetnad i sauehaldet og utførast i minst like stort omfang som i dag. Både for å kunne oppdage tapsproblem i tide og av dyrevernomsyn, er det i beiteområde som er særleg utsette for rovdyrskadar spesielt viktig å ha eit godt tilsyn. Ettersom tiltaket også blir vurdert som konfliktdempande, må tilsyn vurderast som eit viktig generelt tiltak ved sauedrift i rovviltområde. Dersom tilsyn skal kunne ventast å ha tapsreduserande effekt, er det viktig at dette blir gjennomført som såkalla ekstraordinært tilsyn på den tida av døgnet då ein har røynsle med at dei største tapa skjer, dvs kveld, natt og morgon. Tilsyn kan også vere naudsynt for å halde oversikt over tapsutviklinga med tanke på å kunne sette i verk andre planlagte og meir effektive tiltak. Over Tiltaksfond for småfe og fjørfe m m blir det gitt tilskot til organisert beitebruk, under dette ordinært tilsyn (jfr vedlegg 3).

Midlane til førebyggande tiltak mot rovviltskadar bør i større grad enn i dag omfatte tiltak som har eller venteleg vil ha direkte tapsreduserande effekt. Ettersom isolerte tilsynsprosjekt generelt har gitt lite tapsreduserande effekt, bør eventuelle midlar rettast mot spesielle prosjekt der tilsynet er ein naudsynt del av ei kombinasjonsløysing, og prosjekt der tilsynet er blitt drive på ein slik måte at det har hatt ein dokumentert tapsreduserande effekt.

Det bør også definerast eit minimumskrav for tilsynsfrekvens som ikkje blir kompensert med offentlege midlar for sau som beiter innanfor kjerneområde og andre særskilt utsette rovviltområde. Dersom det ikkje er etablert godt nok tilsyn i eit slikt utsett beiteområde, kan dette gi grunnlag for avkorting av erstatning for rovviltskadar.

Driftsomlegging frå sau til ammeku

I område med kronisk store tap og der andre tiltak ikkje har gitt eller venteleg vil gi den naudsynte tapsreduksjon, bør ei omlegging av drifta frå sau til ammeku vurderast. Storfe er ikkje så utsette for predasjon frå rovvilt som sau, spesielt gjeld dette i høve til jerv, kongeørn og gaupe. I område med ulv og bjørn vil det kanskje vise seg naudsynt med noko meir intensiv drift, særleg der kyr med unge kalvar går i utmark.

I jordbruksavtala for 1996/97 vart økonomien i ammekuproduksjonen styrka vesentleg gjennom ei dobling av produksjonstillegga pr dyr. I tillegg vil bruk av BU-midlar kunne prioriterast i samband med slik omstilling frå sau til ammeku i rovdyrutsette buskapar.

Overgang til andre sauerasar eller anna småfehald

Data frå enkelte område, m a frå Snøhetta, indikerer at tapa vil kunne reduserast ved å skifte til sauerasar som på grunn av kroppsbygnad og åtferd er mindre sårbare for predasjon. T d kan flokkeigenskapar ha innverknad i samband med iverksetting av andre tiltak som intensiv gjeting og styrt områdebruk. Det bør difor vurderast nærare om skifte av sauerase kan vere aktuelt i enkelte område, under dette kva høve og avgrensingar som finst for å kompensere for eventuelle tap i samband med omstilling, lågare kjøttavkasting og lågare klassifisering av kjøtt frå slike rasar. Det kan også vere aktuelt å vurdere å legge om til anna småfehald der drifta ikkje på same måte er basert på spreidd utmarksbeiting, som geit eller mjølkesau. Desse tiltaka vil kunne kombinerast med marknadsføring av produkta som økologiske dersom visse produksjonskriterium blir innfridd.

Driftsomlegging til anna næring enn husdyrproduksjon

I visse samanhengar vil det kunne vere aktuelt for den enkelte brukar å etablere anna næringsverksemd samstundes som sauehaldet blir redusert eller avvikla. I den grad sauehaldet blir redusert i samband med slik nyetablering, vil dette tiltaket kunne medverke til å redusere tap og konfliktar mellom sau og rovdyr.

Ei slik utvikling av anna næringsverksemd vil etter dei reglane som i dag gjeld for bruk av BU-midlar kunne prioriterast for etableringsstøtte, dersom brukarane samstundes ønskjer å redusere eller avvikle sauehaldet sitt. Det bør i denne samanhengen sikrast at areal som kan drivast (innmarksareal) ikkje blir liggande utan å bli utnytta som ei følgje av slik nyetablering.

Flytting av sau i heile eller delar av beitesesongen, under dette tidlegare sanking

Flytting av sau er eit enkelttiltak som kan vere effektivt lokalt. Føresetnaden er at sau blir flytta til innmarksbeite eller utmarksbeite i eit område med mindre eller ingen rovdyr. Under tilhøve med større og meir utbreidde rovdyrstammer avheng flytting av sau difor heilt av at rovviltbestanden kan haldast på eit lågt nivå i dei tilflytta områda.

Etter ei juridisk vurdering som er gjort av Landbruksdepartementet (vedlegg 6), føreligg det normalt ingen risiko for tap av beiterettar ved at sau blir flytta til andre beiteområde. Men flytting av sau som eit tapsreduserande tiltak føreset at det finst ledige beite å flytte sauen til, og høvet til å oppnå tilfredsstillande leigeavtaler i nye område vil kunne representere ei viktig avgrensing for dette tiltaket. Flytting til nye beiteområde føreset at ein kan tenke langsiktig med omsyn til låg tapsrisiko, leigeavtaler og tilvenning av sauen til nytt område. Det må også kunne føresettast at flyttinga ikkje fører til meir intens beitebruk i det tilflytta området enn det som er landbruksfagleg og miljøfagleg forsvarleg.

I område med høge sauetap mot slutten av beitesesongen (særleg på grunn av jerv, men også på grunn av bjørn i enkelte område) vil tidlegare sanking for å redusere tapet av sau vere eit aktuelt tiltak. Tiltaket føreset at buskapen kan haldast med låg tapsrisiko etter sanking. Tidlegare sanking kan difor tenkast å kunne kombinerast med tiltak som er omtala under intensiv gjeting og styrt beitebruk dersom det er andre rovdyr i beiteområda nær garden eller store bestandar av fleire rovdyrartar.

Etter modell frå ordninga med nedfôring av sau med for høg radioaktivitet, har det dei siste åra ved tidlegare sanking blitt praktisert ei ordning med ein bestemt kronesum som støtte til tilleggsfôr pr dyr pr dag for resterande del av normal beitesesong. Det blir teke sikte på å halde fram med denne ordninga.

Enkelte landbrukspolitiske verkemiddel vil kunne ha innverknad på utvikling av ny beitepraksis anten basert på bruk av andre, mindre rovdyrutsette utmarksareal, attgrodde hamnehagar m v, eller bruk av innmarksbeite både gjennom sommarmånadene og haustmånadene for sauebuskapar med kronisk store rovdyrtap, jfr vedlegg 3.

Tidleg lamming og tidleg slakting

Ei endring av produksjonssyklusen i saueproduksjonen gjennom tidlegare lamming og tidlegare slakting (i august månad eller før) vil kunne redusere tapa vesentleg, særleg i område med gaupe og kongeørn (tidlegare lamming) og i område med jerv (tidleg slakting). Ei slik endring av produksjonssyklusen med lamming t d i februar månad i staden for april vil auke behovet for vinterfôr, og vil også til ein viss grad kunne auke behovet for stell og bygningsareal. Men tidleg slakting av lam kan gi vesentleg høgare marknadsprisar.

Dersom ei ordning med tidleg slakting skal vere effektiv er det avgjerande at ordninga også stimulerer til ei endring av årssyklusen i saueproduksjonen gjennom tidlegare lamming. Utan ei slik endring av produksjonssyklusen vil lammevektene ved tidleg slakting bli for låge til at produktet kan seljast. Det blir teke sikte på at midlar til førebyggande tiltak kan nyttast der dette blir vurdert som kostnadseffektivt. Dette kan gjelde støtte til kjøp av vinterfôr pga auka fôrbruk ved tidleg lamming, støtte til leige av beiteareal m v. Det kan også vere aktuelt å støtte tidleg slakting i rovdyrutsette buskapar gjennom eigne tilskot pr sau/lam, tillegg i pris m v.

Tekniske tiltak

Enkelte teknisk prega tiltak har vist ein viss tapsreduserande effekt ved utprøving i mindre skala. Dette gjeld særleg halsklavar av tjukk nylon eller metall som blir festa på lam for å unngå strupebitt av gaupe. Det er også gjort lovande eksperiment med såkalla luktbingar der sauen blir påført eit luktestoff når den oppsøker saltsteinar. Men det står att utprøving av desse tiltaka i større skala før ein kan seie noko om kor effektive dei er når rovdyret ikkje har høve til å velje mellom lam med og utan desse tiltaka, dvs om dei effektane som er målt i større grad kan forklarast med at predasjonen blir flytt til «umerka» lam. Slik storskala utprøving av lukt/smakampullar som vart festa på lam for å redusere jervetap viste eit slikt negativt resultat i 1996. Dersom nokre av tiltaka etter slik utprøving viser seg effektive mot visse tapstypar, bør det leggast til rette for at dei blir tekne i bruk som obligatoriske tiltak i aktuelle tapsutsette område. Det bør også gjerast ei ny vurdering av om det i dag er mogeleg å utvikle rimelege radiosendarar som kan festast på sau i stor skala (såkalla «elektroniske bjøller»), då dette vil kunne vere eit godt hjelpemiddel ved overgang til meir intensive driftsformer i sauehaldet i særskilt rovdyrutsette område.

Enkelte slike tekniske tiltak bør i ein utprøvingsperiode kunne støttast etter same praksis som gjeld i dag. Dersom eit slikt tiltak viser seg effektivt, bør det vurderast løpande om det aktuelle tiltaket framleis bør støttast med offentlege midlar, eller om det bør føresettast at brukaren sjølv må utstyre dyra med slikt utstyr dersom full erstatning skal kunne krevjast (sjå omtale av erstatningsordningar i kap. 7.2.3).

7.2.1.2Tiltak spesielt retta mot sauehaldet i kjerneområde for bjørn ogjerv, og i ulveområde

Det blir lagt opp til at dei tiltak og verkemiddel som er omtala lenger framme mest mogeleg skal nyttast mot sauebuskapar innanfor kjerneområda, men nokre av dei vil også vere aktuelle for sauebuskapar i andre område med store tap. Innanfor kjerneområda er det i tillegg behov for å gjennomføre nokre særlege tiltak dersom tap og konfliktar skal reduserast samstundes som rovviltbestandane skal sikrast overlevingsevne framover.

Ettersom totalbestanden av t d bjørn i dei tre kjerneområda sør for Finnmark vil måtte aukast, vil det ikkje vere mogeleg å unngå ein monaleg auke i sauetapa dersom ikkje effektive mottiltak blir sette inn. Ein slik tapsauke vil ikkje vere akseptabel for dei sauebrukarane som blir råka, og kan heller ikkje sameinast med gjeldande landbrukspolitiske målsettingar. Det er difor i desse kjerneområda for bjørn, og særleg i Hedmark og Nord-Trøndelag/Nordland, at dei mest omfattande tiltak og verkemiddel må settast inn. Både norske og internasjonale røynsler tilseier at hovudsiktemålet med tiltaka må vere å redusere omfanget av kontakt mellom beitedyr og rovdyr. Dette kan gjerast på fleire ulike måtar, og som oftast vil det ikkje vere nok å ta i bruk berre ein einskild tiltakstype. Regjeringa vil legge til rette og gå inn for at slike tiltakspakkar blir tekne i bruk i større skala innanfor kjerneområda.

Dei aktuelle kombinasjonane av tiltak for det enkelte delområde og det enkelte bruk må definerast på bakgrunn av ein meir inngåande analyse av den aktuelle tapsrisiko, den driftsform som er i bruk, og kva praktiske og økonomiske alternativ som ligg føre. Dette er ei oppgåve som må løysast av landbruks- og miljøvernstyresmaktene på fylkesnivå i samarbeid med brukarane sjølve og tilsvarande organ i kommunen.

I ein samla strategi for å redusere tapa av sau i kjerneområda for bjørn og jerv, bør det i første omgang prioriterast tiltak som i større grad skil rovdyr og beitedyr i heile eller delar av beitesesongen, jfr St.prp. nr.72 (1995-96) «Om jordbruksoppgjøret 1996»:

  • Flytting av sau til særskilt tilrettelagte alternative beiteareal når dette blir vurdert som naudsynt for å hindre at ein alvorleg skadesituasjon utviklar seg
  • Varig flytting til andre beite utanfor kjerneområdet for særleg utsette buskapar
  • Førebudd tidleg sanking av ein større del av dei attverande buskapane

Det bør vidare gjennom verkemiddelbruken leggast til rette for avgrensing og frivillig reduksjon av talet på sau på beite i kjerneområda, og for driftsomlegging til ammeku eller mjølkeproduksjon, nisjeproduksjonar, andre sauerasar, anna småfehald eller anna næringsverksemd for særleg utsette buskapar.

Det må vidare også leggast til rette for å prøve ut intensiv gjeting av sau med innsamling til nattkve, bruk av vaktarhundar og styrt områdebruk med gjerde i større skala innanfor kjerneområda. Desse tiltaka vil truleg vere mest aktuelle i høve til bjørneskadar på sau i skogsområde. Elles vil dei same tiltaka vere prioriterte i kjerneområda både for bjørn og jerv.

Av dei prioriterte tiltaka innanfor kjerneområda er alle så nær som avgrensing av talet på sau på beite i kjerneområda omtala lenger framme under tiltak og verkemiddel retta mot alle tapsutsette sauebuskapar. Når det gjeld driftsomlegging, er overgang til ammeku, andre sauerasar m v omtala lenger framme. Ein overgang frå sau til mjølkeproduksjon på ku/geit/sau blir vurdert som eit tiltak som av kostnadsgrunnar berre vil vere aktuelt innanfor kjerneområda for bjørn og jerv.

Reduksjon av talet sau på beite i kjerneområde

Tiltaket vil kunne ha ein stor tapsreduserande effekt ved at kontaktflatene mellom sau og bjørn/jerv blir reduserte. Det vil i samband med dette vere viktig å ikkje stimulere til at enkelte buskapar aukar talet på sau på beite innanfor kjerneområda, samstundes som andre buskapar reduserer si kontaktflate gjennom ulike tiltak som driftsomleggingar og etablering av ulike ordningar for flytting av dyr i heile eller delar av beitesesongen. Det må difor vurderast ordningar som ikkje stimulerer til 1) nyetablering av buskapar basert på beiting innanfor kjerneområda og 2) at eksisterande buskapar aukar talet på dyr som beiter innanfor kjerneområda. Avgrensingane i BU-støtteordninga bør haldast ved lag, men det kan vurderast unntak for enkelte område og buskapar. Det bør også vurderast om det bør gjevast erstatning for rovvilttap for utvidingar ut over det produksjonsnivået som er i dag, noko som inneber at erstatningane bør avkortast tilsvarande det sauetalet eventuelt har auka, jfr kap. 7.2.3. Ved praktisering av ordninga bør det likevel kunne tillatast mindre, normale variasjonar i det årlege sauetalet innanfor ramma av eksisterande sauefjøs.

Innanfor kjerneområda for bjørn og jerv blir det teke sikte på å innføre eit eige tilskot for kvar sau ved overgang frå sauehald til andre produksjonar. Det må vere ein føresetnad at brukaren bind seg til å redusere sauetalet som beiter innanfor kjerneområda for ein lengre periode. Prisen på ei slik saueeining må vere så høg at dette blir vurdert som interessant frå brukaren si side.

Eit slikt tilskot kan sjåast i samanheng med BU-midlar i samband med overgang til annan produksjon (t d ammeku eller mjølkeku). Ordninga vil saman med investeringsmidlar over BU-ordninga kunne gi eit økonomisk grunnlag for oppstart med annan produksjon for tapsutsette eller potensielt tapsutsette buskapar innanfor kjerneområda for bjørn og jerv.

Driftsomlegging frå sau til mjølkeku

Tiltaket vil vere effektivt gjennom at særleg skadeutsette sauebuskapar blir fjerna frå beiteområda. Det må likevel føresettast at det ikkje kjem nye buskapar i staden og at det ikkje skjer ein auke av sauetalet i nærliggande buskapar. Det aktuelle omfanget av ei slik driftsomlegging har til no vore avgrensa, særleg på grunn av kvotereguleringar av mjølkeproduksjon, men også på grunn av relativt høge omstillingskostnader. Til no er snautt 1 mill liter mjølkekvote som vart avsett over jordbruksoppgjeret i 1994/95 brukt i samband med slik omstilling. Omleggingar som er gjennomført har blitt svært dyre, og nye omleggingar må vurderast nøye i høve til kost/nytteeffekt.

Frå 1.1.97 er det innført ei ny ordning med omfordeling av mjølkekvotar. Innanfor denne ordninga blir det teke sikte på at staten tildeler ein mjølkekvote på 1 mill liter i 1997/98 til særleg utsette bruk innanfor kjerneområda. Kvoten blir tildelt kvalifiserte søkarar på same måte som mjølkekvote til økologisk drift. Dette inneber at brukarane ikkje betaler den avtala kvoteprisen. Eventuelle ytterlegare kvotar vil måtte drøftast i dei årlege jordbrukstingingane. Ordninga med eit tilskot pr sau i samband med omstilling (sjå over) vil kunne medverke med startkapital for brukarar som ønskjer ei slik omstilling, og saman med BU-midlar til investeringar i samband med driftsomlegging vil dette gjere tiltaket meir økonomisk interessant for den enkelte tapsutsette brukar innanfor kjerneområda.

Driftsomlegging til nisjeproduksjonar

Det finst fleire mogelege nisjeproduksjonar innanfor husdyrbruket som kvar for seg ikkje vil kunne få stort omfang i landsmålestokk, men som til saman vil kunne ha innverknad som tapsreduserande tiltak innanfor kjerneområda som omfattar i underkant av 9% av det totale sauetalet i landet. Det blir difor teke sikte på å legge særskilt til rette for omlegging til slike nisjeproduksjonar innanfor kjerneområda, men marknadspotensialet blir pr i dag vurdert som avgrensa. Her kan nemnast utvikling av produkt med basis i saueproduksjon som t d mjølke- og/eller ullprodukt, under føresetnad av at sauen inngår i eit intensivt produksjonssystem nær innmarksareal eller i tilknyting til seterdrift. Det er ein føresetnad at foredlingsanlegg, infrastruktur og marknadsføring av slike produkt er avklåra i ein region dersom slike prosjekt skal gjennomførast. Omlegging til slike nisjeproduksjonar innanfor kjerneområda vil kunne prioriterast gjennom BU-ordninga på linje med anna omlegging frå sau til andre driftsformer.

7.2.1.3Tiltak spesielt retta mot sauehaldet i gaupeområde

Gaupe er ein art som er utbreidd over store delar av landet, rett nok med varierande tettleik, og der tapa hovudsakleg råkar lam gjennom heile beitesesongen. Dette legg av både praktiske og økonomiske årsaker avgrensingar på kva særskilde tiltak og verkemiddel som det er aktuelt å sette inn. Departementet legg opp til å forvalte gaupebestanden gjennom ei ordinær kvoteregulert jakt der avskytinga kan differensierast mellom ulike område i høve til skadepotensialet og den verdi området har i beitesamanheng, jfr kap. 7.2.4.1. Utover dette er det først og fremst tekniske tiltak som halsklavar og liknande som blir vurdert som aktuelle å ta i bruk i stor skala dersom vidare utprøving viser gode resultat. Ei rekke av tiltaka som er omtala under kap. 7.2.1.1 vil sjølvsagt også ha verknad i høve til gaupeskadar, t d ulike former for intensiv gjeting og styrt beitebruk, endring av produksjonssyklus m v. Innanfor kjerneområde for bjørn og jerv der slike spesielle tiltak blir iverksette må ein vente at desse også vil redusere gaupeskadane der slike finst. Utanfor kjerneområda er det departementet si oppfatning at det i høve til det forvaltingsregime som det blir lagt opp til må vere saueeigaren sitt eige ansvar å gjennomføre slike tiltak.

7.2.1.4Kostnader knytt til førebyggande tiltak

Det er knytt kostnader til å ha sau på utmarksbeite, slik som transport, gjerdehald, tilsyn, naudsynte installasjonar i samband med tilsyn og sanking, m v. Aukande bestandar av store rovdyr i beiteområda aukar behovet for tilsyn og førebyggande tiltak som snøgt kan passere saue- og reinnæringa si betalingsevne. Norsk institutt for landbruksøkonomisk forsking (NILF) har på oppdrag frå styret i Tiltaksfondet og Landbruksdepartementet rekna ut kostnader pr vinterfôra sau ved ulike førebyggande tiltak ut frå gjevne føresetnader. Eit samandrag av rapporten frå NILF er attgjeve i vedlegg 2.

7.2.1.5Skadedokumentasjon

Departementet vil halde fast ved at oppgåvene til det offentlege er å hjelpe brukarar med å fastslå eventuell skadegjerar. Å avdekke om skade har skjedd og å gi naudsynt informasjon vidare om dette, skal framleis vere dyreeigaren sitt sjølvstendige ansvar, både økonomisk og når det gjeld arbeid.

Det løpande arbeidet med skadedokumentasjon har dei siste åra gitt svært viktige data om både skademønster, fordeling av skadar geografisk og i tid m v. Samstundes er dette arbeidet viktig for å kunne underbygge og sikre ei rettvis og riktig handsaming av erstatningssøknadene. Departementet meiner difor at arbeidet med skadedokumentasjon bør halde fram, men går ut frå at ein i dei fleste område med etablerte rovviltbestandar kan redusere dokumentasjonsarbeidet på sikt, og utføre dokumentasjon av skadar gjennom stikkprøver. Den omfattande skadedokumentasjonen som går føre seg i dag bør då kunne erstattast av bestandsregistreringar samanhaldne med betre kunnskap om skilnader i skademønsteret til ulike kjønns- og aldersgrupper hos dei ulike rovviltartane.

7.2.2 Tiltak og verkemiddel retta mot reinnæringa

Jerv og gaupe står på landsbasis for om lag like stor del av predasjonen på rein. Kongeørn tek noko rein, for det meste kalv, medan noko predasjon frå bjørn og ulv kan skje sporadisk enkelte år med dei noverande bestandsnivå. Jerveskadar på rein førekjem i dag først og fremst i reinbeiteområda frå Nord-Trøndelag til Finnmark, medan gaupeskadane er mest omfattande i Nord-Trøndelag, Nordland og Troms. Dei einskilde rovviltartane sin innverknad som tapsfaktor varierer også mellom ulike distrikt innanfor same reinbeiteområde.

Mange tilhøve gjer det førebyggande arbeidet mot reinskadar vanskelegare enn det førebyggande arbeidet mot husdyrskadar. Dei viktigaste skilnadene er at reinen går på utmarksbeite heile året, dei klimatiske tilhøva og reinen sitt behov for årstidsvekslingar i beitebruken innan større område. Mot grensefjella, der snø- og vegetasjonstilhøva ligg til rette for vinterbeiting og der reinen kan gå samla, er det også viktige leveområde for jerv. I distrikt der vinterbeitinga skjer ved kysten, og beitene ofte berre er flekkvis tilgjengelege, må reinen få høve til å gå spreidd. På grunn av at simlene er vare i kalvingstida, må eventuell gjeting og styring av flokken i denne perioden utførast på reinen sine premissar. Desse tilhøva inneber redusert høve til å førebygge mot rovviltskadar i den tida av året då predasjonen er størst.

Førebyggande tiltak mot rovviltskadar på rein er til no utprøvd berre i svært liten grad, og ein kan ikkje seie at ein så langt har funne fram til operative tiltak som kan ventast å gi nokon stor effekt. Det er difor eit monaleg utviklingsbehov på dette feltet, samstundes som ein må vere klår over dei avgrensingar som finst. Mellom anna blir gjeting og styring av flokkane brukt som ei ordinær driftsform innan reindrifta, og det tapsreduserande potensialet ved slike tiltak er difor ikkje like stort som innanfor sauehaldet. Men det er ein klår samanheng mellom kondisjonen til reinen og dei årlege tapa, under dette rovvilttapet. Det beste generelle tapsreduserande tiltak, og samstundes det heilt sentrale produksjonsfremjande tiltak innanfor næringa, er difor å syte for å ha ein reinbestand i balanse med beitet, slik at simlene si vekt ligg på høgt nok nivå. Dette vil ikkje kunne fjerne rovvilttapa i område der ein samstundes har ein monaleg bestand av rovvilt, men tapa kan reduserast noko.

Det er elles viktig å vere klår over at rein vil vere ein viktig næringsressurs for rovviltet på årsbasis. Førekomst av rein er difor også ein føresetnad for å kunne halde oppe levedyktige rovviltbestandar, noko som inneber at tapsproblema ikkje kan løysast generelt ved at ein forsøker å skilje rein og rovvilt geografisk. Dette betyr at ein i ei arealsonering må syte for at det finst store nok areal med både rein og rovdyr, og der tapsproblema som oppstår primært må kompenserast økonomisk. Men i andre område som er viktige for reindrifta og meir marginale i høve til å halde oppe levedyktige rovviltbestandar, kan det leggast opp til ei sterkare avskyting av rovviltbestandane for å redusere tapa, jfr kap. 7.2.4.

Ein del driftseiningar med store rovvilttap har dei siste åra ikkje fått utbetalt monalege summar i produksjonstilskot, kalveslaktetilskot eller tidlegslaktetilskot over reindriftsavtala, fordi dei ikkje har nådd opp i det slakteuttak som er stilt som vilkår for produksjonstilskotet, jfr kap. 6.2.2. Gjennom reindriftsavtala for 1997/98 er dette endra, slik at dyr som det er gitt erstatning for som dokumentert eller sannsynleggjort rovvilttap no skal reknast med som slakteuttak for produksjonstilskotet. Dette vil representere ein betre økonomisk situasjon for reineigarar som har gått glipp av desse tilskota på grunn av rovvilttap.

7.2.2.1Tiltak retta mot driftseiningar med store tap i jerve- oggaupeområde

Kvalitetsutvikling i reinflokkane

Det er eit sentralt reindriftspolitisk mål å etablere balanse mellom utnytting av beite og beitegrunnlag der dette er ute av likevekt. Tilfredsstillande ernæringsstatus hos reinen er eit viktig produktivitetsfremjande tiltak, og samstundes eit tapsførebyggande tiltak. Ein beiteeffektiv flokkstruktur når det gjeld kjønn, alder og vekt, medverkar også til å auke produktiviteten for enkeltdyr og redusere tapa i flokken. Generelt er produksjonsfremjande og tapsførebyggande tiltak to sider ved same sak.

Verkemidla over reindriftsavtala er under omlegging til å bli meir produksjonsuavhengige, og blir no retta inn mot tiltak som stimulerer til betre næringstilhøve, redusert aktivitetsstress og optimal struktur i flokkane. Vektstrukturering og vektbasert reintalstilpassing står i fokus.

Det bør generelt kome i gang ei kvalitetsheving av reinflokkane innanfor store delar av reinbeiteområdet. Dette bør starte med at det blir framskaffa objektive kriterium for bereevna til beitet i dei ulike områda, og at reintalet blir tilpassa på grunnlag av dette. Reindriftsforvaltinga og miljøvernforvaltinga bør i samråd med reineigarane gjennomføre ein så grundig analyse som råd er av alle tapsårsaker hos driftseiningar som har spesielt store tap. Det bør vidare gjennomførast organiserte vegeprogram for kjønnspesifikke aldersgrupper av rein i spesielt utsette driftseiningar, med sikte på å få til ei målretta kvalitetsforbetring dersom storleiken på tapet kan sjåast i samanheng med for låge vekter. Dette krev samstundes systematisk årgangs- og individmerking av reinen i desse flokkane. I distrikt med spesielt store tap, der reinen sin kondisjon er dårleg og beitebruken intens, vil dei særskilt avsette budsjettmidlane til førebyggande tiltak mot rovviltskadar kunne settast inn saman med midlar over Reindriftens utviklingsfond for å kartlegge taps- og strukturtilhøve innan flokkane med tanke på å utvikle tapsreduserande tilpassingar.

I distrikt der reinen sin kondisjon derimot er god ved overgangen mellom barmarksbeite og vinterbeite, men der tapet til rovvilt er spesielt stort gjennom vinter- og vårperioden, vil fôring kunne tenkast som tapsførebyggande tiltak. Tiltaket vil vere kostnadskrevande og synest difor berre å ha aktualitet under heilt spesielle tilhøve og i område der reinen sitt vinterbeite i innlandet og eit kjerneområde for jerv fell saman. Indre Troms gir døme på eit slikt samanfall. Dei særskilt avsette budsjettmidlane til førebyggande tiltak mot rovviltskadar vil i ein slik samanheng kunne vurderast brukt. Derimot vil Reindriftens utviklingsfond på prinsipielt grunnlag ikkje støtte fôringstiltak i reindrifta.

Omlegging av driftsformer og/eller produksjon

Som det går fram av kap. 4.1.5 og 6.2, har reindrifta tradisjonelt vore basert på eit langt vidare produktspekter enn i dag, der m a mjølking av rein har vore eit viktig element. Reindrifta vart utøvd med stor nærleik til enkeltdyr og relativt intensiv gjeting av flokkane. Dette ga tamme dyr og flokkar som relativt lett kunne kontrollerast. Tamme flokkar og intensiv gjeting var viktig på grunn av det dåverande omfanget på rovviltbestanden. Driftsforma var tilpassa naturtilhøva, under dette ein viss førekomst av rovdyr. Gjennom strukturendringar og mekanisering i næringa har vi dei siste tiåra fått ein i hovudsak kjøttbasert produksjon, eit auka reintal og ein monaleg beiteslitasje. Reinen beiter spreidd og under mindre tilsyn, og den er mindre tam og meir sårbar i høve til rovdyr.

I delar av det samiske reinbeiteområdet, særleg i Finnmark, har også samla reintal, flokkstorleikar, beitebruk og bruk av gjerde auka kraftig. Dette vil ofte medføre problem med å flytte flokkane for å redusere rovvilttap fordi det ikkje finst ledige beiteområde å flytte til. I nokre område vil dette tiltaket likevel vere aktuelt og mogeleg å gjennomføre når tilhøva ligg til rette for det.

På same måte som for husdyr, kan ein ikkje vente at eit enkelt førebyggande tiltak skal kunne løyse eller redusere tapsproblema i alle situasjonar. Også i høve til reindrifta må det difor satsast på kombinasjonar av ulike tiltak som blir sette saman ut frå ei meir lokal vurdering av tilhøva i beiteområdet, kva rovviltart som står for det meste av tapa og kva praktiske, juridiske og økonomiske høve som ligg føre. Mellom dei mest aktuelle tiltaka kan det peikast på følgjande:

  • førebels flytting av flokken til mindre rovdyrutsette beiteområde
  • meir intensiv gjeting i periodar med store rovvilttap
  • førebels inngjerding med utvida kantgjeting i ein del kalvingsområde
  • utprøving av halsklavar
  • omlegging av drifta i enkelte kronisk utsette driftseiningar til mindre flokkstorleik og lågare mekaniseringsgrad, noko som ein ventar vil gi auka tamleiksgrad og enklare gjeting, samstundes som kostnadsnivået blir redusert.

Ein spesiell type alternativ produksjon som bør vurderast er mjølking av reinsimler. Produkt av rein blir generelt vurderte å ha eksklusiv karakter. Reinmjølk vil kunne nyttast i osteproduksjon, kosmetikkindustri og elles som eit nisjeprodukt i andre samanhengar. Ut frå kjennskap til tradisjonelle driftsformer er det grunn til å tru at slik arbeidsintensiv drift verkar tapsførebyggande i høve til rovdyr. I ein første fase av ei slik utprøving må det avklårast om mjølkeproduksjon er økonomisk rekningssvarande i høve til kjøttproduksjon. Ein eventuell neste fase vil vere å prøve ut mjølking av simler i større skala innanfor eit område med store tap til gaupe og/eller jerv med sikte på å hauste naudsynte praktiske røynsler. Dei særskilt avsette budsjettmidlane til førebyggande tiltak mot rovviltskadar, midlar over Reindriftens Utviklingsfond og BU-midlar vil her kunne settast inn. Når effekten av arbeidsintensiv drift ved mjølking som skadeførebyggande tiltak skal vurderast, er det fleire tilhøve som det bør takast omsyn til. Forutan dei faktiske reduksjonar i tap og erstatningsutbetalingar, vil dyreverntilhøve og konfliktnivå omkring rovviltforvaltinga vere relevante faktorar.

7.2.2.2Skadedokumentasjon

Driftsforma i reindrifta inneber heilårsbeite i utmark, og det har vore liten tradisjon for skadedokumentasjon av rovviltdrepen rein. Det er heller ikkje realistisk at offentlege styresmakter kan gjennomføre same omfattande skadedokumentasjon innanfor reindrifta som innanfor sauenæringa. Dette vil vere ei svært omfattande oppgåve både med tanke på personell og økonomi, og det vil krevje både svært gode varslingsrutinar på heilårsbasis og mykje teknisk utstyr.

Departementet vil difor ta sikte på å utvikle ei ordning med at dei aktuelle næringsutøvarane sjølve kan ta hovudansvaret for skadedokumentasjon gjennom at det blir etablert distriktsvise rovviltansvarlege innanfor næringa. Denne modellen blir også brukt i Sverige i samband med verifisering av rovviltførekomst som skal ligge til grunn for erstatninga. Å utvikle ei slik ordning vil kreve ein monaleg betre dialog mellom næringsutøvarane og forvaltinga, i tillegg til at dei aktuelle reindriftsutøvarane må vere villige til å gjennomgå naudsynt opplæring på linje med dei lokale rovviltkontaktane som blir nytta i sauehaldet. Vidare må det etablerast samarbeidsrutinar som også inneber oppfølging av dei rovviltansvarlege innan næringa, under dette stikkprøvekontrollar på det arbeidet som blir utført. Departementet legg vidare til grunn at næringa sin rovviltansvarlege i det enkelte distrikt skal vere fylkesmannen sin kontaktperson ved verifisering av rovviltførekomst som skal leggast til grunn for eventuelle erstatningsoppgjer.

Departementet er av den oppfatning at ei slik rolledeling på sikt vil innebere at næringa ved den aktuelle rovviltansvarlege sjølv utfører skadedokumentasjon som eit ledd i næringsutøvinga. Etablering av ei slik ordning er dermed i næringa si interesse, og driftskostnadene vil ikkje bli godtgjort av staten. Kostnader knytt til opplæring og etablering bør likevel dekkast av landbruks- og miljøvernstyresmaktene.

7.2.3 Erstatningsordningar

Regjeringa si hovudmålsetting om å sikre levedyktige bestandar av dei store rovdyra vil medføre visse tap av husdyr og rein. Risikoen for å bli råka av rovviltskadar varierer i dei ulike delar av landet, og ein del av skadane vil vere vanskelege å førebygge på ein tilfredsstillande måte. Dette inneber at ein framleis må nytte erstatning for skade for å redusere den ulempa enkelte næringsutøvarar blir utsette for ved rovviltførekomst i beiteområda, og erstatningsordningane må leggast opp slik at dyreeigarar ikkje blir påførte urimelege økonomiske tap. Røynslene med dei gjeldande erstatningsordningane viser at det er behov for enkelte justeringar. Gjennomgang av handsama erstatningssøknader, klagesaker og rettsavgjerder viser at regelverket ikkje er presist nok utforma. Erstatningsordningane må i stor grad bygge på skjønsbaserte vurderingar, og det er i denne samanhengen viktig at det blir teke omsyn til dei mål ordningane skal ivareta. Vidare er det av stor vekt at ein prøver å sikre mest mogeleg lik handsaming mellom dei ulike næringsutøvarar.

Ved handsaminga av St.meld.nr.27(1991-92) vart vekta av å sjå samanhengen mellom erstatningsordningane og bruken av førebyggande tiltak understreka. Sett i samanheng med den auka satsing på bruk av slike tiltak og verkemiddel som denne meldinga legg opp til, meiner departementet det er naudsynt med endå meir vektlegging av dette tilhøvet. Dette inneber at tilbod om økonomisk støtte frå det offentlege til førebyggande tiltak må følgjast opp av den enkelte næringsutøvar dersom erstatning skal kunne tilkjennast. Den enkelte næringsutøvar må også ha eit sjølvstendig ansvar for på eige initiativ å oppsøke aktuelle tiltak og mogelege støtteordningar. Dersom næringsutøvaren ikkje i tilstrekkeleg grad iverkset framsette tilbod om førebyggande tiltak, eller sjølv gjer seg nytte av gjeldande støtteordningar, bør erstatning for skadetilfelle som kunne ha vore avverga heilt eller delvis bortfalle.

Det offentlege sitt ansvar for å yte erstatning for rovviltskadar skal framleis avgrensast til å omfatte dei tradisjonelle utmarksbaserte næringane. Dette inneber at det blir gitt erstatning for skadar på sau, rein, geit, hest og storfe. Andre produksjonar innanfor landbruket som fjørfe, under dette høns, gjess, ender, kalkunar m v, grisehald, kaninhald, pelsdyr, bier og ulike oppdrettsartar av t d hjort, villsvin, hønsefuglar og hare blir vist til ordinære forsikringsordningar. Det same vil gjelde for hundar, kattar og andre husdyr/kjæledyr som blir utsette for rovviltskade.

Det har i dei seinare år vore nokre tilfelle av at rovdyr har gått til åtak på sau som går utandørs i tilknyting til fjøs vinterstid. Det kan vere vanskeleg å føresjå det første tilfellet av slike tap, men når slike skadar er oppdaga kan dei enkelt førebyggast ved at sauen blir teken inn. Ettersom det er eit vilkår for erstatning at den som har lidd skade har gjort det ein rimeleg kan vente for å avverge eller redusere skaden, kan ein ikkje rekne med at gjentekne tilfelle av slike tap hos same brukar eller i nærliggande buskapar vil bli dekka over erstatningsordninga.

Erstatningssatsen pr dyr skal dekke slakteverdien til dyret, verdi av biprodukt og ein nærare fastsett livdyrverdi for visse kategoriar dyr.

I samband med rovdyrskade kan det også oppstå kostnader som ikkje blir dekka av slakteverdien til dyret. Desse kostnader er i regelverket i dag ivaretekne gjennom at det i tillegg til erstatninga kan tilkjennast ein ulempeskompensasjon. Den blir utrekna som eit prosentvist tillegg til slakteverdi og verdi av biprodukt. Omfanget av slike ulemper og kostnader vil variere mellom ulike brukarar, område, skadegjerande viltart, kva slags kategori dyr som er tapt m v. Hovudregelen er at det blir ytt 25% ulempeskompensasjon, men det er mogeleg å variere denne mellom 0 og 50% etter ei konkret vurdering. Den høgaste ulempeskompensasjonen kan nyttast i spesielle høve, særleg der det er store tap av produksjonsdyr. Departementet meiner at ordninga med ulempeskompensasjon bør halde fram i si noverande form. Ei eventuell fastsetting av slik kompensasjon basert på dokumentasjon frå den enkelte søkar vil både føre til eit monaleg meirarbeid for søkarane og behov for eit omfattande sakshandsamings- og kontrollapparat ved søknadshandsaminga. Ulempeskompensasjonen bør framleis fastsettast etter skjøn som følgjer nærare fastlagde retningslinjer.

Det har dei seinare år vore ein sterk auke i dei samla erstatningsutbetalingane, og det har vist seg vanskeleg å budsjettere det totale skadeomfanget. Utbetalingane av erstatning vil dels vere avhengige av i kva grad ein lukkast med å redusere tapa gjennom skadeavgrensande tiltak. Men storleiken på erstatningane vil også avhenge av kva tap det blir gitt erstatning for og prisen pr dyr. Departementet går inn for at satsane blir fastlagde med utgangspunkt i dei prisane som blir oppnådde gjennom dei årlege jordbruks- og reindriftstingingane, og at Stortinget på grunnlag av dette gjennom budsjetthandsaminga vedtek satsane for det påfølgjande år. På grunnlag av desse satsane og ein prognose for rovvilttapet kan den årlege løyving til erstatning fastsettast. Departementet har vurdert ei slik løysing som meir føremålstenleg og fleksibel enn ei lovregulering av erstatningsordningane.

Innanfor både bufe- og reinnæringa må det kunne stillast krav til at den enkelte utøver tilstrekkeleg tilsyn med dyra og at dyr på beite er friske, samstundes som det blir gjeve melding om tilhøve som kan ha innverknad på skadeomfanget. På den andre sida har det offentlege eit ansvar når det gjeld å hjelpe til med ein tilfredsstillande skadedokumentasjon. Slik dokumentasjon av rovviltskade har i dag eit monaleg omfang. Skadedokumentasjon vil også i framtida vere naudsynt for å kunne kvalitetssikre erstatningsutbetalingane. I område der det gjennom lang tid er bygt opp kunnskap om tapsårsaker og skadeomfang, vil dokumentasjonsarbeidet meir vere eit verkemiddel for å oppnå kunnskap om tapssamansetting, rovviltførekomst og -tettleik. I slike område kan difor det samla omfang av dokumentasjonsarbeid bli trappa ned over tid utan at det gir seg utslag i den konkrete handsaming av søknader om erstatning.

7.2.3.1Erstatningsordninga for husdyr

Gjennom målretta innsamling av data dei siste år ligg det føre eit monaleg grunnlagsmateriale for å kunne justere erstatningsordninga for husdyr. Materialet er innsamla og evaluert fylkesvis, og vil bli underlagt vidare utbygging og gjennomarbeiding.

Store rovdyr er berre ein av fleire faktorar som fører til tap av husdyr, jfr kap. 4.1.5. Det er berre ein avgrensa del av dei dyr som går tapt og som det blir søkt erstatning for som blir attfunne som rovviltdrepne. Dette inneber at hovudtyngda av erstatningane blir utbetalt som sannsynleggjorte tap på bakgrunn av ei skjønsvurdering. Det er svært viktig at skjønet blir praktisert nokolunde på same måten over fylkesgrenser. På dette området, som for andre område med innslag av skjønsbaserte vurderingar, vil det likevel vere fare for individuelle skilnader. Departementet ser difor behov for å gjere ei nærare avgrensing av kva delar av erstatningsoppgjeret for den enkelte som skal underleggast skjøn.

I følgje gjeldande regelverk skal det minst gjerast fråtrekk for eit normaltap ved utrekning av sannsynleggjorte skadar, dvs dyr som ikkje er dokumentert drepne av rovvilt. Dette normaltapet skal atterspegle det tapet brukaren ville ha hatt utan rovvilttap. Normaltapet blir fastsett på bakgrunn av gjennomsnittstal frå organisert beitebruk i vedkomande fylke dersom søkaren ikkje dokumenterer noko anna. Det er i aukande grad nytta individuell eller områdevis fastsetting av normaltap for aktuelle brukarar, noko som kompliserer praktiseringa av erstatningsregelverket i monaleg grad. Det som blir erstatta etter at normaltapet er trekt frå, blir i stor grad avgjort ved skjøn på bakgrunn av skadedokumentasjon og kunnskap om rovviltførekomst i beiteområdet.

Husdyrbeiting i utmark fører til risiko for eit visst tap av dyr anten det er rovvilt til stades i beiteområdet eller ikkje, og dette er eit rammevilkår som brukarane må ta omsyn til ved utøving av næringa. Det har vist seg svært vanskeleg å fastsette etter skjøn kor stort normaltapet ville ha vore for den enkelte brukar eller beiteområde dersom det ikkje hadde vore rovvilt til stades. Departementet vil difor gjere framlegg om at det blir fastsett standard normaltap for heile landet. Dette standardtapet vil automatisk kome til frådrag i den delen av den enkelte brukaren sitt tap som ikkje er dokumentert som rovviltskade. Kor stor del av det ikkje dokumenterte tap som det blir gitt erstatning for må avgjerast ved skjøn på bakgrunn av skadedokumentasjon og kunnskap om rovviltførekomst i beiteområda. Ved fastsetting av normaltapet vil det vere naturleg å ta utgangspunkt i gjennomsnittstal for tap av respektive sau og lam i område som ikkje har førekomst av store rovdyr. Fastsettinga av dette standard normaltapet kan gjerast etter nærare drøfting med næringsorganisasjonane, t d i eit sentralt rovviltutval, jfr kap. 8.1.

Det bør også føresettast at brukaren har gjennomført landbruksfagleg tilrådde tiltak som ein veit reduserer dei naturlege tapa, t d å slutte seg til organisert beitebruk og husdyrkontrollen. Dersom slike tiltak ikkje er gjennomført, bør det gi grunnlag for ein nærare fastsett auke i normaltapet. På denne måten vil erstatningsordninga stimulere til førebyggande tiltak, noko det regelverket ein har i dag er lite eigna til. Dette vil også gjelde for brukarar som har små rovvilttap som ligg innanfor normaltapet.

Departementet meiner at framlegga til justeringar i høve til erstatningsordninga slik den er i dag m a har følgjande føremoner:

  • ordninga fører til større satsing på førebyggande tiltak
  • ordninga fører til meir lik praktisering mellom fylka og brukarane, og regelverket blir enklare å praktisere
  • utslaga av ordninga blir lettare å føresjå for brukarar med vesentlege tap og som har gjennomført tilrådde tiltak for å avverge eller redusere skadane.

For at erstatningsordninga skal verke i same retning som andre verkemiddel for å avgrense tapa, bør det ved beiting innanfor fastsette kjerneområde også vurderast om det bør gjevast erstatning for rovvilttap for utvidingar ut over det produksjonsnivået som er i dag, noko som inneber at erstatningane bør avkortast i same tilhøve som sauetalet eventuelt har auka, jfr kap. 7.2.1. Ettersom det er tap for næringsverksemd som det skal ytast erstatning for, meiner departementet vidare at det ikkje bør utbetalast rovviltskadeerstatning til brukarar som har eit lågare produksjonsomfang enn det som gir rett til produksjonstillegg etter jordbruksavtala.

7.2.3.2Erstatningsordninga for rein

Erstatningsordninga for rein er endra i 1997. Då ein i dag ikkje har eit tilsvarande datagrunnlag for rein som for sau, kan omtalen av erstatningsordninga for husdyr ovanfor ikkje overførast direkte. Regelendringa og omlegging av administrative rutinar vil likevel i løpet av få år auke kunnskapsgrunnlaget, samstundes som også denne erstatningsordninga vil bli underlagt ei løpande evaluering, under dette ei kartlegging av behovet for ytterlegare data.

Røynslene viser at det innan reindrifta har vore vanskeleg å etablere effektive førebyggande tiltak, og at ein i større grad bør satse på produksjonsfremjande og kvalitetshevande tiltak i flokkane. Slike tiltak vil kunne redusere dei naturlege tapa, under dette rovvilttapet, jfr kap. 7.2.2. Departementet legg opp til at ein ved praktiseringa av erstatningsordninga i større grad skal legge vekt på om den einskilde reindriftsutøvar gjennom eige initiativ eller ved offentlege støtte- og tilskotsordningar har gjennomført slike produksjonsfremjande tiltak. Erstatning må heilt eller delvis kunne bortfalle dersom ein etter ei reindriftsfagleg vurdering kjem fram til at reindriftsutøvaren ikkje har gjennomført tilfredsstillande tiltak. Det bør heller ikkje ytast erstatning for dyretal som overstig den flokkstorleiken som i reindriftsavtala er fastsett som maksimal for å oppnå produksjonstillegg m v. Dette inneber at erstatningane bør avkortast i same høve som dyretalet overstig dette produksjonsnivået.

Reindrifta er i karakter ulik husdyrhaldet ved at næringa driv heilårsbeiting. Det ligg dermed til rette for at skadevurderingar og erstatningsvurderingar for rein kan gå føre seg ut frå fleire kriterium enn for sau, og med ei oppbygging som skil seg frå ordninga i dag. Departementet ønskjer i større grad enn tidlegare å trekke næringa inn i arbeidet med skadedokumentasjon, jfr kap. 7.2.2.2. Samstundes kan dette dokumentasjonsarbeidet kompletterast ved i større grad å verifisere stabile førekomstar av rovvilt innan dei ulike distrikt. På denne måten kan avgjerdsgrunnlaget for reinerstatningane betrast, samstundes som det blir opparbeida data som gir eit betre bilde av skadesituasjonen over tid og mellom område.

7.2.4 Tiltak retta mot rovviltbestandane

7.2.4.1Felling

Omfattande felling av rovdyr er den viktigaste metode som historisk er blitt brukt for å redusere eller hindre tap av husdyr og rein på utmarksbeite. Både i Noreg og i mange andre land har metoden vore så effektiv at bestandane av store rovdyr er blitt funksjonelt utrydda eller redusert til minimale nivå. Det overordna omsyn til vern og berekraftig bruk av det biologiske mangfald tilseier at ein slik bruk av dette verkemiddelet ikkje er aktuell politikk i dag, noko som også er fastlagt både gjennom norsk lovgjeving og plikter i internasjonale avtalar som Noreg har slutta seg til. Bernkonvensjonen seier om dette i artikkel 9 at unntak frå verneføresegnene for desse artane berre kan gjerast under føresetnad av at det ikkje er noko anna tilfredsstillande løysing og at unntaket ikkje vil vere til skade for at vedkomande bestand overlever. Departementet vil difor slå fast at felling av store rovdyr berre kan gjennomførast i den grad det ikkje er til hinder for å nå mål om å ta vare på levedyktige bestandar av dei store rovdyra for framtida. Når dette omsynet er ivareteke, vil likevel felling av rovdyr vere eit aktuelt og naudsynt verkemiddel for å avgrense skadar og ulemper for næringsverksemd. Slik bruk av felling vil også kunne ha ein viss konfliktdempande effekt. Tiltaket må i kvart enkelt tilfelle vegast mot omsyn til skadeverknader i høve til landbruks-, ressurs- og distriktspolitiske mål. Dette tilseier at verkemiddelet må brukast på ein forsvarleg og differensiert måte i høve til bestandssituasjonen og utviklinga for rovviltartane i dei ulike delane av landet, og under omsyn til dei avvegingar som er naudsynte i høve til konfliktar med annan verksemd. I dei næraste åra vil det vere naudsynt å bruke heile spekteret frå ordinær, kvoteregulert jakt til ein svært restriktiv fellingspraksis i høve til skadegjerande enkeltindivid.

I den gjeldande føresegna om forvalting av store rovdyr er det definert tre ulike avskytingsformer i tråd med St.meld.nr.27(1991-92); skadefelling av visse enkeltindivid av alle fire artar, lisensjakt på jerv og bjørn og kvotejakt på gaupe. Røynslene har vist at kvotejaktmodellen på gaupe, der eit i prinsippet uavgrensa tal jegerar kan jakte innanfor rammene av fastsett kvote, jakttid og grunneigarretten, fungerer godt. Dette er den same modellen som blir brukt for bjørnejakta i Sverige og som der blir kalla lisensjakt, og som er akseptert som bestandsregulerande og skadeavgrensande verkemiddel innanfor rammene av Bernkonvensjonen og habitatdirektivet frå EU. Røynslene med denne jaktforma er positive også i Sverige.

Lisensjakt etter den modell vi har i dag i Noreg er eit reint skadeavgrensande forvaltingstiltak som blir praktisert uavhengig av grunneigarretten, men der røynslene har vist at eit stort tal jegerar likevel får høve til å delta. Føremålet med å utvikle eit mindre tal «profesjonelle» og effektive lisensjegerar er difor i liten grad oppnådd. Departementet vil på bakgrunn av dette gå inn for at definisjonen av lisensjakt blir endra slik at denne jaktforma også kan knytast til grunneigarretten, og at det kan opnast for at eit i prinsippet uavgrensa tal jegerar som fyller visse kvalifikasjonskrav kan delta slik reglane er for kvotejakt på gaupe i Noreg og for lisensjakt på bjørn i Sverige.

Det har vore reist spørsmål om store rovdyr skal vere underlagt eit strengare vern innanfor nasjonalparkar og andre større verneområde oppretta med heimel i naturvernlova. Departementet går inn for at spørsmål om felling av rovdyr skal handsamast i tråd med den generelle forvaltingsstrategien for rovvilt også innanfor slike område, og viser til at Direktoratet for naturforvaltning også har lagt dette til grunn i sine generelle retningslinjer for forvalting av nasjonalparkane.

Gaupe

Etter ordninga i dag er det fylkesmannen som opnar for jakt og fastset fellingskvote for gaupe etter at aktuelle partar i fylket er blitt høyrde. Med bakgrunn i bestandssituasjonen og bestandsutviklinga for gaupa og dei røynsler som er hausta, går departementet inn for at denne ordninga blir vidareført. Men det bør leggast auka vekt på høva til å avgrense tap av bufe og rein når fellingskvoten blir fastsett og fordelt geografisk, og det bør også utviklast eit nærare samarbeid om kvotefastsettinga på tvers av fylkesgrensene. I praksis inneber dette ei forvalting der ein legg vekt på å sikre ein stabil og berekraftig bestand innanfor nærare bestemte regionar, medan det kan takast ut meir enn det som strengt tatt kan definerast som eit årleg haustbart overskot med sikte på å avgrense eller redusere bestanden i område der skadepotensialet er stort. For dei fylka som har eit høgt skadepotensiale, og der gaupe i dag ikkje er etablert i faste bestandar eller har låg bestandsstorleik, gjer departementet framlegg om at gaupejakt skal kunne utøvast utan kvoteavgrensingar innanfor ordinær jakttid, jfr kap. 7.1.1.

Ein føresetnad for å kunne gjennomføre ei berekraftig kvotejakt på gaupe etter modellen i dag, er at det i alle aktuelle fylke blir gjennomført ei løpande bestandsovervaking av fagleg god kvalitet, jfr kap. 7.2.4.2 og vedlegg 1.

Fylkesmannen har også mynde til å gi fellingsløyve på skadegjerande gauper i beitesesongen. Dei røynsler som er hausta med slike fellingsløyve som er gitt på grunn av skade på sau i barmarksesongen, viser at sjansen til å få felt skadegjerande gaupe på denne måten er svært liten. Ettersom gaupemora legg igjen ungane når ho er ute på jakt om sommaren, representerer også bruk av slike fellingsløyve ein risiko for at mora blir felt frå ungane utan at jegeren har høve til å vere klår over dette, noko som inneber at ungane vil bli forletne hjelpelause. Det er heller ikkje å vente at jegeren har høve til å skille mellom hanngauper og hogauper i ein fellingssituasjon. På grunn av den konfliktdempande effekten av tiltaket, går likevel departementet inn for at høvet til å gi fellingsløyve på gaupe i beitesesongen for sau blir halde ved lag. Høvet til å gi fellingsløyve på gaupe som gjer skade på rein bør også haldast ved lag med sikte på å kunne brukast i ein noko vidare periode om vinteren enn den fastsette tida for kvotejakt i februar og mars.

Jerv

Departementet går inn for at ordninga med lisensjakt på jerv som er innført i Nordland og Troms blir endra slik at den blir gjennomført etter same modell som kvotejakt på gaupe. Vedtak om årleg fellingskvote bør likevel framleis fattast av

Direktoratet for naturforvaltning etter framlegg frå fylkesmennene. Ved å gjennomføre ei differensiert lisensjakt der fellingskvoten blir fordelt på nærare bestemte regionar med bakgrunn i bestandstettleik og skadepress, vil dette kunne gi ein like god eller betre skadeavgrensande effekt av fellinga som det ein har oppnådd med ordninga slik den er i dag. Sjølv om jakt på jerv og gaupe ikkje kan samanliknast direkte, kan det nemnast at i dei fire åra ordningane har fungert har 59% av tildelt kvote blitt felt ved lisensjakt på jerv, medan 77% av kvoten er blitt felt ved kvotejakt på gaupe. I Nord-Noreg er ein stor del av det aktuelle jaktareal statsgrunn, der det blir føresett at Statskog SF vil legge til rette for at denne jaktforma kan gjennomførast på ein effektiv måte. I område med privat grunn er det vidare grunn til å tru at dei fleste grunneigarar vil vere motivert for å legge til rette for ei naudsynt avskyting av jerv.

Ein føresetnad for å kunne gjennomføre lisensjakt på jerv er at det i alle aktuelle fylke blir gjort ei løpande bestandsovervaking av fagleg god kvalitet, jfr kap. 7.2.4.2 og vedlegg 1.

Røynslene med bruk av fellingsløyve på særskilde skadegjerande jervar er litt blanda. I Nord-Noreg er fleire jervar felt på denne måten, spesielt i samband med skadar på rein om vinteren, men også i barmarksesongen. Men i Sør-Noreg har ingen av dei fellingsløyva som dei siste åra har vore gitt i beitesesongen for sau gitt resultat, sjølv om jerv i eitt tilfelle er blitt skoten på.

Det har vore ein viss vekst i jervebestanden i det sørnorske kjerneområdet dei siste åra, men det er uvisst om den kan sjåast på som levedyktig. I ein slik bestand er det svært viktig å ha eit strengt vern av dei reproduserande tispene. Det er svært vanskeleg å fastslå om det er eit særskilt individ som valdar skade i ein gitt skadesituasjon, og ein har førebels heller ikkje nok generell kunnskap om korvidt det er jerv av visse kjønns- og aldersgrupper som er overrepresentert blant slike skadegjerarar. I den noverande bestandssituasjonen representerer difor bruk av skadefellingsløyve innanfor kjerneområdet ein monaleg risiko med tanke på overlevingsevna til bestanden på lang sikt. Samstundes viser analysar at skadefelling av jerv innanfor område med ein viss bestandstettleik kan ha ein kortsiktig verknad med å stanse eller avgrense ein akutt skadesituasjon dersom ein lukkast med å felle rett individ, men det synest ikkje å ha nokon langsiktig innverknad på tapet.

I eit strateginotat som skal vere grunnlaget for ein framtidig forvaltingsplan (jfr vedlegg 5) har fylkesmennene i dei aktuelle fylka gjort framlegg om at skadefelling utanfor kjerneområdet primært bør gjennomførast som vinterjakt iverksett på grunnlag av skadar som det er ytt erstatning for føregåande beitesesong. Terskelen for å utløyse slik felling skal vere høgare austover mot svenskegrensa for å forsøke å legge til rette for utveksling av dyr med bestanden lenger aust og nord i Skandinavia. Det er i tillegg gjort framlegg om at det skal vere høve til å gi skadefellingsløyve i barmarksesongen på bakgrunn av eit lågt tal dokumenterte skadar sør, vest og nord for kjerneområdet, og på bakgrunn av eit høgare tal dokumenterte skadar aust for kjerneområdet.

Departementet legg til grunn at jerven innanfor det sørnorske kjerneområdet framleis vil vere underlagt eit strengt vern, men vil opne for bestandsregulering dersom bestanden aukar ut over gjennomsnittleg 8-10 registrerte ynglingar årleg. Skadefellingsløyve bør framleis vere eit verkemiddel som berre blir nytta for å forsøke å stanse ein akutt skadesituasjon i beitesesongen, noko som inneber at dette verkemiddelet utanfor reindriftsområda berre er aktuelt å bruke i perioden mellom saueslepp og sanking. Det bør generelt vere ein relativt låg terskel for å utløyse fellingsløyve utanfor kjerneområda, og det skal leggast til rette for ei snøgg og effektiv sakshandsaming.

Bestandsregulering av jerv innanfor kjerneområdet i Sør-Noreg bør skje ved at visse kvalifiserte personar om vinteren gjennomfører uttak av mest mogeleg identifiserte individ innanfor nærare bestemte område, der det blir teke omsyn til skadebiletet førre beitesesong. Årleg kvote for slik bestandsregulering blir fastsett av Direktoratet for naturforvaltning etter framlegg frå fylkesmennene.

Det er ikkje ønskjeleg at ynglande jervebestandar etablerer seg utanfor det fastsette kjerneområdet. Departementet vil difor opne for lisensjakt på jerv. Dette blir vurdert som naudsynt for å avgrense dei skadar ein ekspanderande jervebestand vil kunne føre til i dei svært sauetette områda i den sørnorske fjellkjeda og på Vestlandet. Lisensjakta bør gjennomførast om vinteren og organiserast omlag på same måte som kvotejakta på gaupe i dag. Direktoratet for naturforvaltning bør fastsette den årlege kvote for slik lisensjakt etter framlegg frå fylkesmennene. For å ivareta høvet til utveksling av individ med bestanden på Nordkalotten, bør lisensjakta i området mellom kjerneområdet og svenskegrensa vere forsiktig og knytast opp mot eventuelle alvorlege skadeområde.

Lisensjakta på jerv som det er gjort framlegg om må sjåast på som eit naudsynt skadeavgrensande tiltak i høve til ein freda viltart, og ikkje som ei ordinær hausting av bestanden. Departementet føreset difor at det ikkje skal utviklast kommersiell utnytting av denne jaktforma, og vil kome attende med framlegg om naudsynte verkemiddel dersom det skulle oppstå ei uønska utvikling på dette området.

Bjørn

Gjeldande forvaltingsføresegner legg for bjørn opp til at det skal kunne gjevast skadefellingsløyve for å stanse ein akutt skadesituasjon når visse kriterium er innfridd, og at det kan innførast lisensjakt når bestandane har nådd eit nivå som kan sjåast på som levedyktig på lang sikt. I 1993 vart det felt to bjørnar på skadefellingsløyve i kjerneområdet i Nord-Trøndelag, av desse ei produktiv binne. På bakgrunn av ny kunnskap om bestandssituasjonen i Skandinavia og dei nye låge bestandsestimata for Noreg som kom i 1994, har forvaltinga i tråd med St.meld.nr.27(1991-92) og premissane i forvaltingsføresegna måtta føre ein relativt restriktiv praksis for bruk av fellingsløyve.

Ettersom sikring av ein tilfredsstillande reproduksjon er eit sentralt mål for forvaltinga av kjerneområda, gir denne situasjonen sterke føringar for korleis ein kan nytte skadefellingsløyve i desse områda. Fellingsstatistikken viser at det er 50% sjanse for at ein felt bjørn er ei binne innanfor reproduksjonsområda, medan sjansen for å felle ei binne er 15% utanfor desse og vil avta endå meir di lenger vest ein kjem. I ein skadesituasjon vil ein berre unntaksvis på eit tidleg tidspunkt eller før eit individ eventuelt er felt, kunne ha ei sikker meining om kva kjønns- eller alderskategori det skadegjerande individet tilhøyrer. I grenseområda, der risikoen for å felle binner er stor, vil felling av binner føre til at etablering av ein reproduserande bestand blir forseinka.

I vedlegg 1 er det gjort greie for den lågare overlevingsraten for bjørneungar utanfor dei sentrale reproduksjonsområda i Sverige, og at dette etter alt å døme har samanheng med at yngre hannbjørnar drep ungane. Ved felling av vaksne hannbjørnar kan tilvekstraten på denne måten bli monaleg redusert. Felling av vaksne hannbjørnar og den etablering av yngre hannbjørnar som følgjer etter dette kan dermed verke sterkt forseinkande på spreiing og etablering av binner inn i dei norske kjerneområda. Samstundes har det synt seg at dei få stasjonære hannbjørnar ein har følgt på norsk side har teke relativt lite sau, medan omfattande og konsentrerte skadar har vore knytt til utvandrande unge hannbjørnar. Ein kan difor risikere at når ein vaksen, etablert hannbjørn blir felt, kjem det ein eller fleire yngre hannbjørnar i staden som tek vesentleg meir sau.

Skadefelling kan avgrense ytterlegare skade i ein akutt skadesituasjon dersom det rette skadegjerande individ blir felt. Analysar av effekten av skadefelling som er gjennomført for bjørn i Nord-Trøndelag og Hedmark viser likevel at skadefellingar i desse områda ikkje har ført til reduserte tap av sau året etter at fellinga vart gjennomført. Det vart dessutan i dei same områda vist ein klår samanheng mellom tapet av søyer på beite og storleiken på vedkomande svensk-norske delbestand av bjørn. Den viktigaste årsaka til manglande effekt av skadefelling er truleg at nye individ gjennom innvandring eller tilvekst i bestanden snøgt kjem i staden for dei som blir felt.

Nyare forsking og betre skadedokumentasjon viser at ein må rekne med at dei fleste individ av ein rovdyrbestand er potensielle skadegjerarar. Ein internasjonal analyse (jfr kap. 4.3) viser at sjølv om mykje merksemd har vore retta mot å fjerne såkalla «problemindivid» («slagbjørn»), så finst det lite data som indikerer at problemindivid faktisk finst, eller om det er spesielle kjønns- eller aldersgrupper som valdar det meste av tapa. Det eksisterer nok likevel visse individuelle skilnader, og hanndyr synest generelt å valde større tap enn hodyr. Mykje arbeid trengst for å avgjere om problemindivid finst, og for å finne metodar som effektivt kan identifisere og fjerne desse.

På bakgrunn av det ovanståande må ein konkludere med at skadefellingar ikkje vil kunne løyse eit generelt skadeproblem innanfor dei meir tette rovdyrområda, dvs kjerneområda. Slike løyve kan likevel ha ein konfliktdempande effekt, og dersom ein lukkast i å ta ut den rette skadegjeraren kan dette ha ein viss skadereduserande effekt i det aktuelle år. I område med berre streifdyr av bjørn bør ein derimot i mange tilfelle kunne vente ein tapsreduserande effekt av felling. Eit skadegjerande individ vil lettare kunne bli identifisert i eit slikt område, og det er usikkert om eller når området vil få tilført nye bjørnar etter ei felling. I ein framtidig forvaltingstrategi for bjørn må ein difor utvikle endå meir utstrekt differensiering, med ei liberal og effektiv felling utanfor kjerneområda. Dei viktigaste verkemidla innanfor kjerneområda må vere effektive førebyggande tiltak, under dette omlegging til andre og dokumentert tapsreduserande driftsformer, jfr kap. 4.3 og 7.2.1. I område innanfor kjerneområda der sauehald basert på utnytting av utmarksressursane framleis skal vere ein del av grunnlaget for næringsdrift og busetting, er det spesielt viktig å kome fram til effektive førebyggande tiltak. Det vil berre unntaksvis vere aktuelt å gi skadefellingsløyve. Departementet vil likevel legge til rette for at søknader om slikt fellingsløyve blir handsama på ein snøgg og mest mogeleg einsarta måte i dei ulike fylka.

Det er mindre enn 2% av sauebruka (477 bruk) og mindre enn 3% av sauen (om lag 27.800 vinterfôra sau, tilsvarande om lag 66.700 sau på beite) som er involverte i kjerneområda for bjørn. I alt representerer dette om lag 280 årsverk, hovudsakleg i Nord-Trøndelag og Hedmark. Med den bestandsutvikling ein kan føresjå som følgje av tilveksten på svensk side og reetablering av ynglande binner i dei norske kjerneområda, må det likevel ventast at ein dei komande åra vil få ein monaleg auke i førekomsten av langtvandrande og skadegjerande bjørnar utanfor kjerneområda, jfr kap. 5.3 og vedlegg 1. Skadepotensialet på sau i desse områda lengre mot vest må vurderast som svært stort, og avgrensing av skadane vil representere ei monaleg utfordring.

Ettersom dei bjørnar som dei næraste åra i aukande omfang vil opptre utanfor kjerneområda for den aller største delen vil vere unge hannar, og desse bjørnane vil ha relativt liten innverknad på det operative målet om å få reetablert ynglande binner i kjerneområda, går departementet inn for at det bør førast ein liberal praksis med bruk av skadefellingsløyve i beitesesongen for sau utanfor kjerneområda. Røynslene har vist at ordninga med eit offentleg «profesjonelt» jegerkorps engasjert av fylkesmannen, som skal dekke fleire fylke, vil vere ein svært ressurskrevjande modell med for liten kapasitet. Dette heng m a saman med at fleire slike alvorlege skadegjerarar kan vere på ferde samstundes, og at desse er i stand til snøgt å flytte seg over store avstandar. Skadefelling utanfor kjerneområda bør difor heller gjennomførast ved at det blir oppnemnt og organisert lokale jaktlag med kvalifiserte jaktleiarar i dei aktuelle kommunane, og at fylkesmannen på vilkår får rett til snøgt å kunne gi desse jaktlaga løyve til å felle bjørn på eit lågt skadenivå.

Dersom ein skal nå målet om reetablering av ynglande binner innanfor rimelege tidsrammer, må det innanfor kjerneområda gjennomførast eit strengt vern både av binner av alle aldersgrupper og av vaksne, etablerte hannbjørnar. Det vil ikkje vere store faglege atterhald knytt til å felle enkelte unge hannar som gjer alvorleg skade innanfor kjerneområdet. All røynsle, både i Noreg og internasjonalt, tilseier likevel at det ikkje er mogeleg å skille ut desse i ein fellingssituasjon, slik at risikoen for å felle dyr ein må ta vare på vil vere overhengande.

Potensialet for omfattande bjørneskadar på sau utanfor kjerneområda er svært stort med den bestandsutvikling ein kan føresjå. Røynslene med effektiviteten av skadefellingsløyve i beitesesongen tilseier at ein neppe vil kunne avgrense skadeomfanget tilstrekkeleg på sikt ved bruk av dette tiltaket åleine. Departementet vil difor vurdere å opne for lisensjakt på bjørn i den tilgrensande region så snart det er dokumentert etablering av ynglande binner innanfor eit kjerneområde. For at effektiviteten skal bli god nok bør lisensjakta organiserast om lag som kvotejakta på gaupe i dag, men den årlege fellingskvoten for regionen bør fastsettast av Direktoratet for naturforvaltning etter framlegg frå fylkesmennene. Lisensjakttida bør fastsettast til 21.8. - 31.10. Ein vil då oppnå å få med siste del av beitesesongen for sau og eventuelle skaderelaterte fellingar, samstundes som ein kan utnytte det store talet på jegerar som driv elgjakt i perioden 25.9. - 31.10. Både lisensjakttida og jaktforma vil tilsvare det som blir brukt i Sverige.

Framlegget til lisensjakt på bjørn må sjåast på som eit naudsynt skadeavgrensande tiltak i høve til ein freda viltart, og ikkje som ei ordinær hausting av bestanden. Departementet føreset difor at det ikkje skal utviklast kommersiell utnytting av denne jaktforma, og vil kome attende med framlegg om naudsynte verkemiddel dersom det skulle oppstå ei uønska utvikling på dette området.

Ulv

Den skandinaviske ulvebestanden er framleis sterkt truga, og eitkvart tap av individ ut over den naturlege avgang vil kunne innebere ein risiko for overlevingsevna til bestanden i framtida. Inntil vidare må difor eitkvart individ av ulv ha eit strengt vern, og det er lite aktuelt å gi skadefellingsløyve utanom i heilt spesielle situasjonar. Etter at ein har nådd det sams norsk- svenske arbeidsmålet om 8-10 familiegrupper, av desse nokre i Noreg, bør ulven kunne forvaltast meir på linje med bjørn og jerv. Dette inneber bruk av skadefellingsløyve og eventuelt også lisensjakt i nærare bestemte område.

7.2.4.2Bestandsregistrering

Departementet vil halde fast ved at bestandsforvaltinga i størst mogeleg grad skal vere basert på tal som kan verifiserast for storleiken til bestandane. Det er likevel ikkje realistisk å vente at ein skal kunne registrere det eksakte talet på individ i dei ulike bestandane, fordi artane generelt er svært mobile, og fordi ein i dag ikkje har tilstrekkelege metodar. Ein vil difor måtte nytte minimumstal for ulike artar og bestandar, og etablere metodikk som på sikt gir data som kan samanliknast over tid, og viser endringar i bestandsstorleik, samansetting og utbreiing. Tidlegare bestandsvurderingar av t d bjørn, viser at det er naudsynt å etablere metodikk som i ettertid let seg kontrollere i høve til ny kunnskap om biologien og områdebruken til artane. Samstundes er det naudsynt å redusere den konflikt som i dag ligg i mangelen på tal for bestandsstorleik som er verifiserte og som det er semje om, jfr kap. 8.3.

Departementet tek sikte på å etablere ein koordinert og omforeina innsats på tvers av både fylkes- og landegrenser. Gjennom å praktisere undersøkingar som kan samanliknast over heile utbreiingsområdet til bestanden, vil ein i sterkare grad kunne samordne data om bestandane, initiere sams FoU, og koordinere forvaltingsverkemiddel. På grunn av ulikskapar i artane si utbreiing og deira biologi, må det etablerast artspesifikke rutinar og metodar. Generelt vil metodane i stor grad bygge på dokumentasjon av reproduksjon og talet på reproduserande hodyr i bestanden. Slike data kan deretter nyttast til å rekne ut minimumstal for bestanden når samansettinga av bestanden er kjend. Nærare omtale av strategi for den enkelte art finst i vedlegg 1.

Bestandsregistrering skal framleis vere ei viktig oppgåve for fylkesmennene si miljøvernavdeling og deira lokale kontaktnett. Ei slik desentralisert datainnsamling gir den naudsynte fleksibilitet og nærleik til prioriteringar av ulike problemstillingar. Den enkelte fylkesmann kan difor i samråd med organisasjonane gjennomføre målretta undersøkingar i det enkelte fylke. For å sikre at basisdata er nokolunde like for alle fylke, er det likevel naudsynt å legge sentrale føringar for minimumsundersøkingar, og at det på sentralt nivå blir samanstilt slike minimumsdata for alle fylke, og eventuelt på tvers av landegrensene. Sentrale styresmakter og FoU-institusjonar må difor medverke med både metodeutvikling og koordinering mellom ulike område, og med å samanstille regionale data.

Aktuelle brukarar, og spesielt reineigarar, har gode høve til å framskaffe data om førekomst og bestand av rovvilt i eit område. Departementet vil understreke vekta av at slik informasjon rutinebunde blir gitt vidare til dei forvaltande styresmaktene, då dette vil vere viktig medverknad til å etablere eit godt nok datagrunnlag i forvaltinga. Men det er ikkje nok at slik informasjon blir passivt motteken av styresmaktene. Det er av stor vekt at dei meldingar som blir mottekne så langt råd er blir verifiserte, og at dei blir underlagt ei løpande kvalitetssikring av ansvarleg styresmakt eller forskingsinstitusjon.

7.2.4.3Kjerneområdeforvalting

Fastsetting av kjerneområde er så langt berre praktisert for jerv og bjørn. Den kunnskap ein no har gjennom både norske røynsler frå perioden 1992-96 og internasjonale røynsler, viser at denne type sonering av tiltak og verkemiddel er naudsynt for å sikre rovviltbestandar utan at skadane på bufe og rein skal bli for omfattande over store areal. Departementet vil difor halde fast ved denne forvaltingsmodellen og dei kjerneområda som er oppretta. Røynslene viser likevel at det er behov for å vidareutvikle modellen med differensierte retningslinjer for det enkelte kjerneområde. Slike retningslinjer må omfatte tiltak og verkemiddel retta mot både rovvilt, husdyr og rein, og bør fastsettast av miljøvern- og landbruksstyresmaktene med utgangspunkt i framlegg til forvaltingsplanar, jfr kap. 7.2.4.4. Fastsetting og eventuelle endringar av grenser for kjerneområda skal framleis vere ei administrativ vurdering basert på tettleik av rovvilt, overlevingsevna til bestandane og behov for særlege verkemiddel for vern.

Departementet finn ikkje grunn til å etablere kjerneområde for gaupe på noverande bestandsnivå. Gaupeforvaltinga er i dag basert på ei løpande bestandsvurdering regionalt, og både jaktform, felling av gauper og tiltak som er iverksett for å ta vare på bestanden synest tilstrekkelege til å ivareta forvaltingsmåla. Samstundes har ein for dei område i landet der sauetettleiken er størst, gjort framlegg om tiltak som gir aktuelle brukarar høve til å hindre etablering av reproduserande gaupebestandar. Det er vidare biologisk grunnlag for i større grad å differensiere avskytinga i bestanden innanfor det utbreiingsområde den har i dag med tanke på å redusere konflikten med sau og rein.

Departementet finn ikkje at det er grunnlag for å endre kjerneområda for bjørn. Dei norske delbestandane er framleis svært fåtalige, og kjend reproduksjon går føre seg berre i Finnmark. Samstundes vil det ut frå bjørnen sin biologi framleis ta lang tid før det igjen er etablert eit tilstrekkeleg tal binner på norsk side av grensa. Alle desse tilhøve taler for at bjørn innanfor kjerneområde framleis skal ha eit sterkt vern, og at felling av bjørn i område der det kan finnast binner må avgrensast sterkt.

Ulvebestanden i Noreg er svært fåtalig og kvart enkelt individ må ha eit strengt vern uansett kvar det finst. Det er difor ikkje grunnlag for å fastsette kjerneområde for ulv no. På sikt vil det likevel vere ein aktuell og kanskje også naudsynt forvaltingsstrategi å opprette eitt eller fleire kjerneområde også for ulv, for å kunne differensiere bruken av verkemiddel både med omsyn til felling og bruk av førebyggande tiltak mot skadar. Lokaliseringa av slike kjerneområde kan først vurderast når ein har fått etablert reproduserande familiegrupper på norsk side av grensa.

Departementet går inn for å halde ved lag kjerneområdet for jerv i Sør-Noreg, men det kan vere aktuelt å vurdere mindre justeringar av grensene med bakgrunn i dei røynsler som er hausta. Ein må også ta vare på høve til utveksling av individ med den meir talrike bestanden i grensestroka frå Femundsmarka - Sylane og nordover for å unngå negative effektar av isolasjon av ein mindre bestand, jfr kap. 7.1.2. Ein slik kontinuerleg bestand vil også vere mindre utsett for å dø ut på grunn av tilfeldige hendingar.

Departementet går også inn for å halde ved lag kjerneområda for jerv i Nord-Noreg. Jervebestanden i dette området er likevel vurdert som levedyktig, og det er påvist reproduksjon over store areal. I tillegg blir det nytta lisensjakt som bestandsregulerande verkemiddel i området, og kjerneområdet omfattar store delar av landsdelen. Det er departementet sitt syn at denne situasjonen må speglast i retningslinjene for bruk av tiltak og verkemiddel i desse områda, og at det her også kan vere aktuelt å vurdere justeringar av grensene.

7.2.4.4Forvaltingsplanar

I alle fylke med kjerneområde er det utarbeidd framlegg til forvaltingsplanar for rovvilt etter initiativ og retningslinjer frå Miljøverndepartementet og Direktoratet for naturforvaltning. Slike planar bør vidareutviklast som eit godt instrument for å utvikle regionale mål og tiltak i høve til nasjonal rovviltpolitikk. Røynslene med dei utkasta som ligg føre viser at det kan vere føremålstenleg at planen ikkje avgrensast berre til kjerneområdet, men at den også femner rovviltforvaltinga i heile fylket. Forvaltingsplanen må handsamast av rovviltutvalet i fylket, og bør innehalde følgjande element:

  • nasjonale mål og føringar
  • avgrensing av kjerneområdet
  • bestandssituasjon for rovdyr
  • framstilling av nærings- og andre brukarinteresser, med særleg vekt på konfliktgrad og konfliktpotensial med bufe-/reinnæring
  • operative mål
  • prioritering av tiltak og verkemiddel for å nå måla
  • samandrag med retningslinjer for forvaltinga.

Utarbeidinga og praktiseringa av forvaltingsplanen blir det viktigaste arbeidet for rovviltutvalet. Til forvaltingsplanen bør det knytast ein handlingsplan med 1-2 års tidshorisont, og som rullerast kvart år. Den årlege handlingsplanen med tiltaksprioriteringar bør ligge føre før beitesesongen startar. Arbeidet må starte såpass tidleg at innhaldet kan få ei forsvarleg handsaming i dei organisasjonane som deltek i rovviltutvalet dersom dette skulle vere ønskjeleg eller naudsynt.

Med utgangspunkt i den ramme og dei føringar forvaltingsplanen gir og på grunnlag av råd og innspel frå rovviltutvalet, vil forvaltinga måtte treffe dei naudsynte forvaltingstiltak. Dette gjeld m a bruk og fordeling av midlar til førebyggande tiltak og forvaltingstiltak retta mot rovviltbestandane.

7.2.4.5Tiltak mot ulovleg felling

Dersom ulovleg felling av store rovdyr skulle få eit stort omfang, ville det for fleire av artane og bestandane bli vanskeleg å innfri både dei nasjonale mål og dei internasjonale pliktene. For ein direkte truga art som ulv vil eit relativt avgrensa tal av slike fellingar kunne utrydde arten i Skandinavia. Departementet vil difor peike på at det er viktig å iverksette tiltak, under dette informasjonstiltak, for å motverke slik faunakriminalitet. På grunn av dei store område det er snakk om vil det likevel vere vanskeleg å iverksette eit særskilt oppsyn som fører til ein vesentleg auke i risikoen for å bli oppdaga for denne typen aktivitet. Det vil difor vere viktig at dei tilfelle som blir avdekka blir følgde opp med både grundig etterforsking og streng straffeutmåling. Dermed vil både innsats og reaksjonsform kunne verke preventivt på sikt, og medverke til å redusere omfanget. Vidare vil framlegget om å etablere Statens Naturoppsyn kunne gi betre samordning og auka ressursar til målretta oppsyn i kjende problemområde, eller der bestandane er særleg truga.

7.2.5 Internasjonalt samarbeid

Både Bernkonvensjonen og Biodiversitetskonvensjonen har føresegner om samarbeid over landegrensene. Desse pliktene kan gi seg utslag i fleire ulike samarbeidsformer, alt frå generell utveksling av røynsler for dermed å styrke forvaltingsopplegget til dei einskilde land, til konkret samarbeid mellom granneland om forvaltinga av sams bestandar. Ettersom gaupe, jerv, bjørn og ulv og er utbreidd både i Noreg, Sverige og Finland og bestandane for ein stor del er sams på tvers av landegrensene, er det naturleg at desse landa har eit nært samarbeid om forvaltinga av rovviltartane. Det er likevel eit grunnleggande prinsipp at dei enkelte partane er ansvarleg for å innfri sine eigne plikter i høve til konvensjonane, og at det enkelte land difor må fatte sine eigne avgjerder for å sikre at artane overlever innanfor landet sine grenser. Men dette er ikkje til hinder for at styresmaktene i dei nordiske land på frivillig grunnlag kan arbeide for å oppnå mest mogeleg sams målsettingar for forvaltinga av dei store rovdyra som grunnlag for dei nasjonale forvaltingsstrategiar og vedtak.

Det ordinære arbeidet innanfor konvensjonsområda er ikkje spesielt fokusert på rovvilt. På grunn av den raske utviklinga i både rovviltbestandar og skadesituasjon er det difor naudsynt å vidareutvikle det etablerte samarbeidet med Sverige, og i tillegg etablere tettare samarbeid med Finland. Departementet meiner at dette vil sikre snøggare avgjerds- og informasjonskanalar, og kome som eit verdifullt tillegg til arbeidet innanfor konvensjonane. Departementet vil difor vidareføre dei tiltak som er etablert i perioden 1992-96, jfr kap. 4.5, og samstundes stimulere til eit auka samarbeid regionalt. Særleg viktig er det å få etablert gode samarbeidstilhøve mellom Finnmark og tilgrensande område i Russland og Finland, og å etablere eit grenseovergripande samarbeid regionalt langs svenskegrensa. Eit anna prioritert område må vere å etablere like metodar og rutinar for datautveksling om grensebestandar, og å halde ved lag eit nært samarbeid om forskinga.

7.2.6 Oppgåver og statistikk

Utviklinga dei siste år har demonstrert at det er naudsynt å etablere eit godt referansegrunnlag for tiltak som blir iverksette og for å beskrive utviklinga både innanfor skadeproblematikk, bestandsforvalting, utvikling i sauetal og reintal m v. Miljøverndepartementet og Landbruksdepartementet vil difor i samarbeid utvikle verktøy som betre kan dokumentere utviklinga. Dette vil innebere at ulike dataregister innan forvaltinga blir utvikla og betre målretta enn i dag. Spesielt vil dette omfatte produksjonstilleggsregisteret innan jordbrukssektoren, grunnlagsdata i reinforvaltinga, og bestandsdata, kadaverdata og erstatningsstatistikk på miljøsektoren. Departementa vil ta initiativ til ei sams gjennomdrøfting av både behov og høve som ligg hos dei ulike aktørar.

7.3 FORSKING OG KUNNSKAPSBEHOV

Det er eit overordna prinsipp i viltforvaltinga at den skal vere kunnskapsbasert, og at der kunnskap manglar må føre-var- prinsippet i stor grad nyttast i forvaltinga. Det er dermed også eit mål at forvaltinga i størst mogeleg grad prøver å skaffe oppdatert kunnskap når bestandar eller rammekår blir endra.

Kravet til presisjon i forvaltinga av rovviltartane vil auke i tida framover, og det høge konfliktnivået med landbruksnæringa vil krevje omfattande innsats i forvaltinga. Samstundes er det klårt at arts- og områdespesifikke problem i forvaltinga ikkje kan løysast utan tilstrekkeleg kunnskapsnivå om både biologi og økologi for den enkelte art, og om kva faktorar som er sentrale for utviklinga av skadeomfanget på bufe og rein. Det er difor eit stort behov for ei målretta og langsiktig forsking på dette feltet, og på grunn av omfanget og kompleksiteten i rovviltkonflikten er det også behov for forsking med ei samfunnsfagleg tilnærming. Det bør vidare leggast til rette for tverrfagleg forsking og samarbeid mellom ulike forskingsmiljø. Departementet tek sikte på å følgje opp dette både gjennom forskingsprogram under Noregs Forskingsråd (jfr kap. 4.4), gjennom ein godt koordinert forskingsinnsats mellom dei nordiske land (jfr kap. 4.5) og gjennom oppdragsforsking på meir avgrensa problemstillingar. Problemløysinga må i mange tilfelle søkast både på den viltfaglege og den landbruksfaglege sida, og det bør også forskast på høve til å påverke habitatbruken til rovdyra med sikte på å redusere konflikten. Det er gjort nærare greie for spesielle FoU-behov for dei enkelte rovviltartane i vedlegg 1.

Departementet legg vekt på at forsking og forvalting av store rovdyr må sjåast i nær samanheng. Forvaltinga av så fåtalige bestander som dei store rovdyra må naudsynlegvis baserast på ei god og oppdatert forståing av konsekvensane for bestandane av ulike forvaltingstiltak, som t d felling av skadegjerarar. Den relevante kunnskapen som forskinga må medverke med er m a kunnskap om kva individ som blir skadegjerarar, populasjonsdynamiske data som kan nyttast i analysar av overlevingsevne og utrekningar av tolerable uttak av dyr, og graden av utveksling mellom ulike delbestandar.

Eit sams trekk for dei store rovdyrartane er at dei lever lenge. Alder er difor ein viktig faktor å ta omsyn til når ein ønskjer å forstå biologien til desse artane. Slik kunnskap krev langtidsstudiar av individ som kan attkjennast. Samstundes opptrer rovdyrartane i låge tettleikar og med eit svært løynt levesett. Dette inneber at ein del forvaltingsrelevante data berre kan innsamlast gjennom målretta studiar basert på oppfølging over lang tid av enkeltindivid ved hjelp av radiotelemetri. Slike undersøkingar bør etablerast gjennom ein størst mogeleg grad av samarbeid og koordinering med liknande prosjekt i Fennoskandia.

Lagt inn 16 april 1997 av Statens forvaltningstjeneste, ODIN-redaksjonen