4 Økonomiske og administrative...

4 Økonomiske og administrative konsekvensar

EØS-komitéavgjerda vil innebere ei plikt for EFTA-statane til å ta del i finansieringa av programmet. Av den finansielle ramma på 1 150 millionar euro vil Noreg sin del utgjere om lag 1,8 prosent. Etter gjeldande kurs vil dette utgjere om lag 170 millionar kroner for heile programperioden. Fordelt over sju år ville utgiftene i gjennomsnitt verte 24,4 millionar kroner per år. I praksis vert likevel utgiftene spreidde over meir enn sju år, og summane vil variere frå år til år, alt etter innhaldet i aktivitetane. Deltakinga i den andre fasen av Leonardo da Vinci har òg som føresetnad at det vert skipa eit nasjonalt kontor med ansvar for å administrere programmet nasjonalt, og at det vert sett av midlar til drift av kontoret. Det økonomiske tilskotet er førebels ikkje klarlagt frå EU si side. Utgiftene til deltaking vert dekte over budsjettet til Kyrkje-, utdannings- og forskingsdepartementet, kap. 0239, post 72.

Deltakinga i den andre fasen av Leonardo da Vinci-programmet krev ikkje endringar i lover eller forskrifter.