Historisk arkiv

T-1/04 Tilskotsordningar for 2005

Historisk arkiv

Publisert under: Regjeringen Bondevik II

Utgjevar: Miljøverndepartementet

Ordningane omfattar områda naturforvaltning, kulturminnevern, forureining, by- og tettstadsutviklingutvikling og universell utforming

 

Miljøvernstyresmaktene set årleg i verk ei rad tiltak for å betre miljøtilstanden i Noreg. Det er oppnådd mykje i det nasjonale miljøvernarbeidet dei siste åra, men ein står framleis overfor store utfordringar. For å lykkast med miljøvernarbeidet må styresmaktene samarbeide med andre aktørar. Ein brei medverknad frå stat og kommune, private verksemder, organisasjonar og einskildpersonar må til om ein skal løyse morgondagen sine miljøutfordringar. For å stimulere til ein slik brei medverknad gir Miljøverndepartementet ymse former for stønad og tilskot til tiltak som blir sette i verk av kommunar, organisasjonar og private verksemder. Rundskrivet gir ei orientering om Miljøverndepartementet sine tilskotsordningar som er opne for søknad frå kommunar og interkommunale organ, lokale, regionale og lokale organisasjonar og lag, einskildpersonar, private verksemder og forskningsorganisasjonar.

Det blir gitt ein nærare omtale av kva for retningsliner, søknadsfristar, kriterium o.a. som gjeld for den einskilde tilskotsordninga i rundskrivet. Nærare råd og rettleiing kan ein og få ved å ta kontakt med fylkesmannen og fylkeskommunen.

Vi tek atterhald om at Stortinget vedtek alle ordningane.

Oslo, oktober 2004

Med helsing

Miljøvernminister