Eit godt døme på bruk av tre i nye bygg
Historisk arkiv
Publisert under: Regjeringen Solberg
Utgjevar: Landbruks- og matdepartementet
Nyheit | Dato: 29.08.2014
Statssekretær Hanne Maren Blåfjelldal opna i dag nye studentboligar i massivtre på Remmen ved Høgskulen i Østfold.
Statssekretær Hanne Maren Blåfjelldal opna i dag nye miljøvennlege studentboligar i massivtre på Remmen ved Høgskulen i Østfold, og er imponert over dei nye bygga.
- Bruk av tre er eit nasjonalt satsingsområde. Studentsamskipnaden i Østfold må verkeleg seiast å ha teke dette på alvor når dei har lagt så stor vekt på miljø og berekraft ved val av byggjemetode av dei nye studentboligane, seier statssekretær Hanne Maren Blåfjelldal i Landbruks- og matdepartementet.
Studenthusa på Remmen ved Høgskulen i Østfold er utførde med berekonstruksjonar i massivtre, og har eit formspråk som uttrykkjer prosjektet sin miljøprofil. Massivtre gir eit godt innemiljø. Studentboligar har mange inn- og utflyttingar, og dette gir store belastninger på overflater. For studenthusa i Halden har det derfor vært viktig å velgje material som tåler hard bruk over tid.